tirsdag 28. januar 2020

The house that Jack built - filmomtale

Jada. Dette er ingen ny film, men det er først nå eg har sett den.
Så da fortjener den kanskje nokre ord?
The House That Jack Built.png
Lars von Trier har laga masse rart. Og han har laga mange groteske og ekle filmar og TV-seriar og han seier mykje rart.
Eg vart først kjent med han og arbeidet hans gjennom TV-serien "Riget" fra midt på 1990-talet, og allereie da måtte einkvar forstå at dette var ikkje mannen som laga underholdning for kven som helst. Han hadde gjort seg kjent nokre år før, gjennom sær kameraføring og kontroversielt innhald. Kontroversane er ikkje vortne mindre med åra, for å sei det slik.

Men tilbake til "Jack", og kva handlar så denne over to og ein halv time lange filmen om? Jo, dette er ein film fra den heller sjeldne genren "psykologisk kunsthorror".
Vi treffer Jack, spelt av Matt Dillon, som lever eit rimeleg trøysteslaust liv ein gang på 1970-talet og utover på 1980-talet verkar det som. Han drøymer om å bygge seg eit hus, men finn liksom ikkje ut kva materiale han skal nytte. Han prøver seg fram med både leca og reisverk i tre, men det vert ikkje heilt det rette.
Vi finn snart ut at Jack i tillegg også er sprøyte gal. Som barn likte han å plage dyr, og når han nå er vorten vaksen, så må han la sine onde tankar og handlingar gå ut over folk.
Det byrjar litt famlande og uforstandig, men etterkvart ser han på sine stadige meir groteske handlingar som ein form for kunst.
Mellom sine drapstokt snakkar han med Verge, ei stemme som først på slutten av filmen viser seg som ein ekte(?) person, spelt av tidlegare Hitlertolkar Bruno Ganz.

Jack stablar sine (etterkvart svært mange) drapsoffer inn i eit kjølerom, som tidlegare inneheldt pizza, men som etterkvart vert fullt av lik, i alle aldrar og fasongar.
Jack er som sagt sprøyte gal, men han gjer iallfall ikkje forskjell på folk. Han drep unge, gamle, mørke, kvite, kvinner, menn...barn.....ALT for at dei skal utgjere ein del i hans perverse form for kunst, til slutt manifisert i eit hinsides byggverk inne i kjølelageret.

Handlingane vert verre og verre, og som seriemordaren "Mr. Sophisticate" oppnår han ein viss form for kjendisstatus.

Korleis det går med Jack til slutt?
Tja. Det går som det måtte gå.


Dette er ikkje ein film som du tek med deg tenåringsdaten på. Det er heller ikkje noko som du tek med deg ektefellen på for å feire sølvbryllupet.
"The House That Jack Built" er ein sær og til tider nesten over kanten grotesk affære fra den danske meisterregissøren. Anten så synes ein dette er noko av det verste ein har sett på film, eller så vil ein betegne dette som stor kunst.

Eller ein kan, som meg, la seg lett underholde av ein sinnssvak seriemordar, og storspel av Matt Dillon.
Det er kanskje ikkje verdas beste film, det er ikkje ein gang den beste fra von Trier, (Melancholia er framleis den beste) men ingen er likegyldig til det som vert servert.

To og ein halv time altså, med filosofiske betraktningar og drap i lett blanding.
"The house that Jack built" kom ut i 2018, og fekk begrensa tid på kinoane. Kritikarane var mildt sagt delt, med slakt fra nokon, og himmelropande hyllest fra andre.
Eg likar sære filmar, og har ingen problem med å gi denne ein god

Bilderesultat for terningkast 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar