torsdag 30. januar 2020

Lords of Chaos - filmomtale

Ingenting er som eit dykk i mimrebrønnen, og det er nettopp det ein kan få dersom ein bruker knappe to timar på denne svensk/britiske filmen om det norske black metal miljøet før/etter 1990.
Lords of Chaos poster.jpg
For dei av oss som vokste opp med hard/tungrock fra siste halvdel på 1970-tallet og framover, og som fulgte med på utviklinga med stadig nye subgenrar, så er det veldig artig med eit slikt tilbakeblikk som dette.
Personlig syntes eg black og death metal var skrale og til deldels latterlege greier. Ikkje kunne dei synge, ikkje kunne dei spele (med unntak av trommisane) og imagen var så hinsides tåplig.
Eg foretrakk trash og speedmetal framfor dei meir destruktive søskenbarna i black og deathmetal miljøa.
Takke meg til Exodus, Metallica, Anthrax og Slayer (to name a few)  framfor eitt einaste av dei mengder av norske band fra denne tida.

Filmen, som er fra 2018, baserer seg i stor grad på boka ved samme navn fra 1998. Har ikkje lest den enda, kanskje eg burde prøve nå?

Handling:
Vi er på slutten av 1980-tallet, og blir kjent med ein ung, svartkledd og langhåra black metal entusiast, Øystein Aarseth. Filmen blir fortalt av han, gjerne som voice-over. Han er ein svært sentral figur i dette litt spesielle miljøet på denne tida, der deltakarane gjerne fordriv tida med å drikke øl, høyre på metalmusikk og forsøke å sjå skumle ut.
For Aarseth er det viktig å oppnå ein slags leiarstatus, og han vert i filmen framstilt som den einaste som ser ut til å være i stand til det også. Han samlar seg ein kvartett med musikarar, deriblant ein ung svensk vokalist som tek artistnavnet "Dead".
"Dead" er ein perfekt frontfigur for bandet Mayhem, da han ikkje går av vegen for å kutte seg opp med kniv på scena, og la blodet dryppe ned på publikum.
Dessverre er "Dead" også suicidal, og i ein svært blodig sekvens får vi bevitne sjølvmordet, og ikkje minst Aarseth sin reaksjon da han oppdager liket: Han stikk nemleg på butikken og kjøper eit eingangskamera for å fotografere den døde vennen.
Foto fra dette er forøvrig dukka opp på Mayhem sine bootleg-album. Smaklaust spør du meg.
Med "Dead" død og begraven, så må bandet skaffe seg eit nytt medlem, og etterkvart kjem dei i kontakt med ein ung bergensar, Kristian Vikernes, som seinare skiftar fornavn til Varg.
Vikernes vert framstilt som den rake kontrast til Aarseth i mange tilfeller: Han drikk ikkje alkohol, men O`Boy, og et helst salat, dvs. grøntfor. I byrjinga er Vikernes den litt beskjedne guten i klassen, men etterkvart er det han som overtek leiarrolla meir og meir, ikkje minst fordi han faktisk GJER ting, og ikkje berre seier det.
Som vi alle veit herjar kyrkjebrannar landet på denne tid, og det er dette snevre black metal miljøet som står bak. Konsentrert rundt Aarseth sin butikk, Helvete, der han også har plateselskapet sitt, vert det snakka mykje om øydelegging av kyrkjer og eit hat mot kristendommen. Planar om å sprenge Nidarosdomen kjem også for ein dag.

Er det noko happy ending her da?

Nei.

Det veit vi jo alle. Aarseth vart i august 1993 knivdrept av Vikernes. Drapet fekk enorm merksemd, ikkje berre her i landet, men også i utlandet. Norsk black metal er jo, av ein eller annan uforståeleg grunn, ein god eksportvare, og interessa vart neppe mindre etter eit par drap og fleire kyrkjebrannar i løpet av få år.


Men er dette ein god film?
Tja. For oss med meir enn middels interesse for den hardare delen av rock, så er det eit nostalgisk og hyggelig gjensyn med ein musikkgenre som eg fant småkomisk dengang, og som definitivt er småkomisk i dag også. Det er morsomt når filmen er i Aarseth sin platebutikk og vi ser kjente og kjære album i hyllene, eg har fleire av dei sjølv liggande i kassar.
Men det som IKKJE er morsomt er at drap og kyrkjebrannar faktisk fant stad. I dette destruktive og misantropiske miljøet gjekk ein altså til så ekstreme grep for å få merksemd og for å hevde seg sjølv. Det er svært ille å tenke på.
Filmen skildrar miljøet som ikkje akkurat dei smartaste på kloden,  men dette er nå eit grep regissøren har gjort.
Sjølv om alle skodespelarane snakker engelsk, så ser det likevel forbausande attkjennande ut. Vi har norske bilskilt (Falske til dei grader), norske vegskilt (også falske), norsk mat, norsk politi og norske TV-innslag slik at det ser ikkje heilt ille ut. Budsjettet til denne filmen har neppe vore astronomisk, men skodespelarane gjer ein grei jobb, utan at det lyser Oscarmateriale hos nokon av dei.

At både bok og film har fått sterk kritikk fra mange av dei omtala var vel ikkje anna enn å forvente. Dei synes neppe noko om å bli framstilt som .... ja.... litt enkle... er vel det beste uttrykket eg kan komme på. Ut fra det eg har sett og lest av dei i andre media, så er mange av dei faktisk ganske fornuftige. Og hvis du er rimeleg oppegåande, så er det såklart lite gøy å bli framstilt som ein dust.

Oppsummert: Ein heilt grei film, og eit must for alle oss som likte metal for 30 år sidan. Det som er spesielt rystande er den stakkars svenske vokalisten. Ein openbart sjuk og suicidal person som burde funne eit bedre miljø og ferdast i. Det som ikkje er så bra med filmen, er ein del historiske avvik og grep som er gjort for å sprite opp stemninga, drikking og laussluppen sex eksempelvis.

Uansett: Grei tidtrøyte som fortjener ein

Bilderesultat for terningkast 4


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar