torsdag 23. mai 2019

Fem beste og fem verste coverlåtar

Coverlåtar kan være bra. Gjerne veeeeldig bra også, faktisk mykje bedre enn originalen.
Men dei kan også være grusomme. Endatil mykje verre enn originalen, og hvis den er dårleg fra før....
Da snakkar vi søppel.
Og det verste: Hvis originalen er kanon, og coverlåten er......burp....


Vi tek det hygglege først, nemleg dei fem beste coverlåtane. Eg kunne sjølvsagt ha laga ei liste lang som eit vondt år, men her er iallfall fem svært gode låtar, som altså alle har det til felles at dei er tildels MYKJE bedre enn originalen.


Nr. 5:
Metallica, Whisky in the jar.
Dette er visstnok ein eldre irsk folkesang, men eg vart først kjent med den i versjonen til The Dubliners ein gang på 1970-talet.
Den er covra fleire ganger, bl.a. av Thin Lizzy, men det er Metallica sin blytunge og svært fengande versjon fra 1998 som er den klart beste.
Det er ikkje The Dubliners versjon som er dårleg, neida. Det er berre det at Metallica, som slett ikkje er kjent for sine coverlåtar, er sååååå mykje bedre.
Også videoen da.

Nr. 4:
Red Hot Chilli Peppers, Higher Ground.
Stevie Wonder har laga masse bra musikk, men denne saken som han gav ut i 1973 er kanskje ikkje prikken over "i-en" for hans vedkommande.
Ein fin funky låt, javel, men da funk-punk gutta i RHCP hadde ein ledig augeblink fra doptåka dei befant seg i på store deler av 80-talet kom med sin versjon i 1989, ja da snakkar vi.
Dette er ikkje berre funk, det er tungrock også, med musikarar i superklassen, og ein forbløffande opplagd vokalist. Han har ikkje vore det ved alle høve dei siste 30 åra.
Ein kanonlåt. Så enkelt.


Nr. 3:
No Doubt, It`s my life.
Talk Talk var eit litt rart og i mine auge anonymt band midt på 1980-talet ein gang. Dei laga intetsigande musikk som omtrent ingen hugsar i dag, med eitt unntak; It`s my life.
Men Talk Talk kan takke No Doubt for at deira intetsigande låt fra 1984 istaden er ein drivande og knallgod rockelåt med ein av dei beste musikkvideoane som er laga.
OK, No Doubt har Gwen Stephani, og ho åleine utstrålar ca. ein supernova meir karisma enn heile Talk Talk gjorde tilsaman. I alle år.
Så, fra å være ein tam anonym låt som ingen brydde seg om, så fekk vi altså ein av dei beste coverlåtar nokonsinne.
Videoen? Den er her. Som låten altså, knall.

Nr. 2:
Santana, Black Magic Woman
Originalt ein Fleetwood Mac låt fra 1968, og den er forsåvidt grei nok. Problemet er berre at Fleetwood Mac laga så mykje bedre musikk nokre år seinare, slik at denne eigentleg er best hugsa for coverversjonen som kom i 1970, nemleg med Santana.
Som vi kan forvente fra den kanten er det med litt latinamerikanske tonar, og ikkje minst; ein av dei viktigaste gitaristane dei siste 50 åra.
Carlos Santana var berre 23 år gamal i 1970, og sjølvsagt ikkje den megastjerne som han skulle bli nokre tiår seinare da han slapp Smooth laus på verda.
Black Magic Woman er altså lysår fra å være Fleetwood Mac sin beste melodi, men eg tør påstå at den er ein av Santana sine aller beste, og det vart da også ein mykje større hit i deira versjon.
Denne fins i forskjellige versjonar ute på det kjende nettet, men for å hedre Peter Green fra Fleetwood Mac ein smule, så tek vi fram denne.
Og er det Gregg Rolie på keyboard og sang vi har her?

Nr. 1:
Joe Cocker, With a little help from my friends.
The Fab Four laga tonnevis med klassikarar. Det er så mange at vi skal være sjeleglad for at ikkje så mange av dei er covra av diverse meir eller mindre mislukka artistar.
Men så, har vi unntaket.
With a little help from my friends kom ut på meisterverket Sgt. Peppers i 1967, men som vi alle veit, så er det ikkje denne låten vi kjenner best fra dette albumet.
Beatles-versjonen er sjølvsagt ikkje dårleg, men i høve til den beste coverlåt som er laga, så er den divisjonar unna.
For: I 1968 laga Joe Cocker ein langt meir rocka versjon. Ein kanonlåt på over fem minuttar.
Dog, dette var berre ein forsmak på det han skulle levere året etter, på Woodstock-festivalen. Det kan godt være at Cocker sjølv ikkje erindra så mykje av sangen som han leverte den dagen, men heldigvis har vi film og lyd som kan bevitne at Joe Cocker, i 1969 laga den beste coverversjon nokon gang.

Har du ikkje sett eller høyrt denne sangen seier du?
Da har du antagleg null peiling på musikk, og burde avslutte lesinga av denne posten for lenge sidan.
Skamme seg.



Verste:

Så over til det meir underholdande, nemleg dei fem verste. Det fins så innihelsike mange dårlege coverlåtar av sangar som fortjener så mykje bedre enn å bli øydelagt av talentlause artistar.
Eg har funne fem låtar, kunne ha tatt maaaaange fleire, der både original og coverartist må seiast å være rimeleg kjent.

Nr. 5:
Miley Cyrus, Smells like teen spirit.
Nirvana sitt opus, gjennombrot og høgdepunkt fra 1991 er ein melodi som heilt åleine klarte å starte ein heilt eigen, om enn kortliva, genre innan den hardare delen av rock. Grungerock vart aldri det heilt store her i huset, med unntak av Soundgarden, som var adskillig meir metal-orientert enn t.d. Nirvana var.
Uansett, Smells like teen spirit er ein veldig bra sang. Den er, med rette vil eg sei, eit slags symbol på den tapte generasjonen av unge som vaks opp utan særlege framtidsutsikter den gang på byrjinga av 1990-talet. Det hjalp dei neppe at låtskrivar, gitarist og vokalist Cobain likegodt tok sitt eige liv berre eit par år etterpå.
Stig så fram, ein av dei siste 10 års mest populære artistar, Miley Cyrus. Ein artist som eg må innrømme er bedre å synge enn sitt rykte. Ja, ho er faktisk ein svært habil sangar. Derfor kan eg ikkje forstå kvifor ho måtte totalt øydelegge denne grungeklassikaren på nokre konsertar for nokre år sidan. Eg har eit sterkt håp om at ho aldri har gitt ut denne på plate, cd, LP eller kassett. Eller ok, Spotify da.
Eg har slitt meg igjennom ein konsertversjon, det var nok.
Hvis du vil få hjerna di til å blø, så kan du sjå Miley øydelegge Nirvana her

Nr. 4:
Guns`n`Roses, Live and let die.
Etter at Paul McCartney hadde lagt Beatlesskuta i opplag, så fortsatte han å trylle fram gode melodiar nokre år til. Og den beste han laga var Live and let Die, som jo er musikken til James Bond-filmen av samme navn fra 1973.
Dette vart ein stor hit, og er ein svært bra melodi. Etter mi meining den klart beste Bond-melodi nokon gang.
Nokre tiår seinare er originalen framleis svært høyrbar, noko vi ikkje kan sei om versjonen til
Guns `n`Roses fra 1991. Den er minst like dårleg i dag, som den gang for 28 år sidan.
Radbrekking kallar vi slikt.
Hadde Axl Rose verkleg så dårleg fantasi at han klarte ikkje å fylle opp Use Your Illusion albuma sine med eige materiale?
Dette er verkeleg dårleg. Fytti helsike så elendig det er. Til alt hell er det ein kort låt.

Nr. 3:
Megadeth, These Boots
Året er 1966. Nancy Sinatra er mest kjent for å være dotter til Frank. Da får ho høve til å synge inn ein melodi som skal gjere ho kjent i fleire tiår etterpå.
These Boots vart ein stor hit den gang for over 50 år sidan, og sjølv om Nancy aldri vart så kjent som sin far, så var denne sangen eit godt forsøk. Svært godt vil eg sei.
Sangen er covra ei rekkje ganger i åra som har gått etterpå.
Spol fram til 1985, og metalbandet Megadeth finn ut at dei som vanleg skal ha ein coverlåt på det nye albumet sitt. Dessverre valde dei These Boots, og klarte å øydelegge ALT det som Nancy hadde brukt 19 år på.
Ein aldeles grusom versjon av klassikaren fra 1966. Den er gjort om til kjapp-kjapp metal, med omskriving av tekstlinjer og alt er generelt berre heilt dass.
Bandeigar Mustaine burde aldri fått lov til å gi ut musikk att etter ei slik slakting.
Klarer du å holde ut eit par minuttar radbrekking av Nancy Sinatra sin største hit?
Vel, du kan prøve her. Lukke til, det trengs.

Nr. 2:
Guns `n` Roses, Knockin` on heaven`s door
Dette er definitivt ikkje mitt favorittband, men alikevel. Ikkje nok med at dei klarte å maltraktere Live and Let Die, neida. Dei skulle ta enda ein låt fra 1973, av Nobelprisvinnar Bob Dylan, filleriste denne til dei grader, og håpe at det kom noko bra ut av det.
Hint: Det gjorde det ikkje.
GnR var bra på deira album fra 1987, Appetite for destruction, men da stormannsgalskapen slo ut i full blomst hos Axl Rose, så vart alt berre søppel.
Og aldri laga GnR noko verre enn da dei tok Dylan sin filmmusikk og satte sitt langtfra perfekte særpreg på denne flotte låten.
Axl Rose kan ikkje synge. Bandet høyres ut som dei hatar å være i samme rom som vokalisten (noko dei sikkert gjorde også), og sjeldan har vi vel høyrt ein sang bli mishandla på denne måten.
Stakkars Bob.
Det er så eg håper han aldri har høyrt denne elendige coverversjonen av sin eigen klassikar.
Men i fall han skulle snike seg inn her å lese; Velbekomme.

Nr. 1:
Madonna, American Pie
Det verste til slutt. Ingenting er verre enn denne totalt meiningslause versjonen av Don McLean sitt epos fra 1971.
Madonna, the queen of pop, forvandla denne stolte klassikaren på over åtte minutt, til ein elektrodance på halve lengda, der ABSOLUTT ALT er feil.
INGENTING er bra på Madonna sin versjon.
Der McLean laga eit ekte meisterverk om "the day the music died", så dansar Madonna omkring framfor eit amerikansk flagg med catchy dance-rytmar, iført ein meiningslaus tiara.
Ord kan ikkje skildre kor dårleg denne versjonen er.
McLean laga ein fantastisk låt den gang for snart 50 år sidan, som altså vår tids mest kjende kvinnlege artist totalt øydelegg.
Madonna har laga masse bra musikk, om enn det er ein del år sidan. Innimellom har ho også laga søppel, ala sin sex-periode for snart 30 år sidan. Det var like erotisk som ein slipestein.
Men aldri, ALDRI, laga Madonna noko verre enn da ho tok American Pie under sine vengjer, og drukna den i kloakk.
Du har kanskje ikkje høyrt Madonna sin versjon? Heldiggrisen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar