lørdag 18. mai 2019

"Dead to me" TV-serie, sesong 1. Omtale

Ny serie som  vart sett i nesten eit strekk her forrige veke. Dvs. seks episodar på ein kveld/natt, og dei fire siste neste dag. (OK, natt da)
Title screen for Netflix's Dead to Me.png

"Dead to me" kom ut på Netflix nå i byrjinga av mai. Det er første sesong, i det som har spiren i seg til iallfall ein sesong til.
Ti episodar på ca. 30 minuttar kvar, og spørsmålet er så; Var dette bra?

Ja.

Veldig bra. Ikkje fullt så godt laga som "After Life", men likevel ein god serie om kva sorg og depresjon kan føre med seg. Også i "Dead to Me" er det svart humor, om enn ikkje i slike mengder som i "After Life".

Handling:
Vi vert kjent med enka Jen, som mista sin ektemann i ei trafikkulukke nokre månader før. Jen, forøvrig gnistrande spela av Christina Applegate, lir naturleg nok av eit stort sakn, men etterkvart skal vi sjå at her ligg det meir bak.
På eit treff for sørgande, treff Jen "tilfeldigvis" Judy (Linda Cardellini), som påstår at ho har mista både mann og barn.
Dei to vert etterkvart gode venner, og dei har meir til felles enn det Jen kunne ane etter det første møtet.
Dagane til dei to snirklar seg vidare, med stadig nye avsløringar om fortida til dei begge, og det viser seg at den slett ikkje er like lystleg. Livet ER nemleg ikkje berre å danse på roser.

Utover i serien vert vi stadig kjende med nye meir eller mindre viktige personar. Den desidert viktigaste er Judys tidlegare trulova, Steve, ein velståande forretningsmann. Eller; er han eigentleg det?

Spørsmåla og intrigane tårnar seg opp utover i serien, men vi mister aldri oversikta. Det heile er fletta saman ganske så finurleg, og alt kjem for ein dag. På eit vis.

Styrken ved serien er at vi verkeleg får kjenne på intense sorganfall, (Dei ser veldig kjent ut) skodespelarane er i ultraklassen, og innimellom er det også ganske så morsomt, det nitriste tema til tross.
Applegate er som nevnt heilt fantastisk i rolla som velståande eigendomsmeklar, tobarnsmor, samt sørgande enke.
Vi får føye til at ho også har vore med som såkalla "executive producer".


"Dead to me" går inn i rekka av gode seriar som Netflix har gitt oss det siste halvåret, så som nemnde "After Life", og grøssarserien fra desember, "The haunting of Hill house".  (Har du ikkje sett desse seier du? Fy!!!)
Dei ser ut til å klare serieformatet i større grad enn einskildståande filmar.


Høgdepunkt: Christina Applegate. Aldri har ho vore så bra som her.

Lavmål: Sorggruppa framstår i overkant parodiske. Men kanskje det er slik sorggrupper er for alle andre enn dei som er i gruppa? Litt rar?

Uansett, ein knallgod serie, som har fått fine kritikkar, og som ein absolutt kan bruke nokre timar på.

Eg gir ein knallsterk
Bilderesultat for terningkast fire
Var frista til å gi ein femmar, men skal ikkje ødsle med dei gode karakterane heller.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar