mandag 29. april 2019

The Silence - filmomtale

Ny tysk/amerikansk grøssar vart gitt ut på Netflix nå i midten av april.
Basert på boka av same namn, og ikkje reint ulik den meir kjende "A quiet place" fra eit par år attende.
The Silence 2019 film poster.jpg
Handling: Nokre forskarar kjem seg inn til eit enormt grottesystem, djupt under fjella i Appalachane på den amerikanske austkysten.
Grotta har vore avstengt i millionar av år, og det viser seg, kanskje ikkje så veeeeldig overraskande, at det lever nokre mannevonde flygedinosaurliknande vesen nede i mørket.
Desse flygedinosaurane er blinde, men reagerer med å angripa einkvar lyd. Ingen auge altså, men desto meir sensitiv hørsel.
Dei formerer seg openbart i #kollosalfart for kun etter nokre timar og dagar er det som om heile landet er ramma av skumle, små og grådige fortidsmonster.

Midt oppi dette følgjer vi familien Andrews, beståande av far, mor, bestemor, sonen Jude og dotter Ally. Sistnemnde er hovedpersonen, og sidan ho vart døv i ei trafikkulukke for nokre år sidan,  kan det ha sine fordelar.

Familen, saman med vennen Glenn, finn ut at det må være smart å flytte ut på landsbygda, for der er det jo rolegare og meir stille enn i byen. Til tross for at alle råd går ut på at ein bør halde seg i ro heime...
Går så turen bra?
Iallfall dukkar det opp diverse utfordringar, både i form av dei før nemnde små monstra, men også i form av ein slags tungelaus religiøs kult.
Og alt dette skal altså skje på ein mest mogleg lydlaus måte.


Duger dette som underholdning? Har vi ikkje sett mykje av det samme i "A quiet place"? Berre med eit større budsjett, og litt meir kjende skodespelarar?
Jo, det har vi.
"The Silence" er nærast ein "mockbuster", dvs. ein etterlikning av ein meir kjent film, og som kun er laga for å dra inn kroner på hovedfilmens gode namn og rykte, i dette tilfellet altså "A quiet place".

Det treng ikkje være noko gale med filmar av denne typen, men som oftast er det billig ræl, helst i regi av filmselskapet "The Asylum", som har spesialisert seg på nettopp denne typen etterlikningar. Det er derfor ikkje noko sensasjon at ein av personane bak "The Silence" kjem fra "The Asylum"

"The Silence" er ingen elendig film, men det er heller ikkje materiale til å sjå gang etter gang.
Til å være ein slags billig etterlikning er den rimeleg bra påkosta. T.d. ser småmonstra forbløffande ekte ut.

MEN, det er ein grøssar, ergo; Vart eg skremt no ja? Var dette pute-tv på den gode gamle måten?
Nei.
Dette er ein 13 av dusinet-film, som engasjerer like mykje som gårsdagens avis. Litt fiffige poeng og interessante vriar er det, men generelt er det kun ein standard grøssar som kun er småslapp tidtrøyte ei laurdagsnatt.

"The Silence" har fått dårlege kritikkar, med standardfraser om etterlikning og småkjedeleg. Det er vanskeleg å motsei dei der.

Høgdepunkt: Dei små udyra er bra laga.
Lavmål: Vennen Glenn skal være proff, men køyrer som ein amatør.

Som sagt, tanketom grøssar som skal berge ein svak
Bilderesultat for terningkast 3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar