mandag 8. april 2019

Pet Sematary - Filmomtale

Etter knallsuksessen med nyinnspelinga av IT fra halvanna år tilbake, så var det vel berre å vente at fleire av Stephen Kings skrekkbøker skulle bli filmatisert. Mange av bøkene hans har vorte laga film av, dei fleste heller skrale saker, men med nokre heiderlege unntak i The Shining og den før omtala IT fra 2017.
Pet Sematary (2019 poster).png
Nyinnspelinga av Pet Semetary hadde verdspremiere nå på fredag 5.4.2019, og ei slik storhending måtte eg jo få med meg.
Med cola og popcorn på rad nr. 1 var det berre til å gjere seg klar for 100 minuttar grøss og gru.
Pet Sematary vart første gang filmatisert i 1989, og var kanskje ein smule skummel den gang, men i dag ser effektane heller stusslege ut, sjølv om den har ein viss underholdningsverdi.

Handling:
Doktor Louis Creed flytter fra storbylivet i Boston saman med familien, som består av kona Rachel og borna Ellie og Gage, opp til landsbygda i Maine.
Med på lasset har dei også katten Church, som spesielt Ellie er veldig glad i.
Dei vert snart kjent med den eldre naboen sin, Jud, forøvrig fantastisk spelt av John Litgow. Jud har budd i nabohuset heile sitt liv, og vert snart gode venner med Ellie og katten hennar.
Det vert såleis eit hardt slag for dei alle da katten vert funnen død i vegkanten ein dag.

Så finn dei ut at i nabolaget har landsbyborna gravlagd sine kjæledyr i årevis, og kanskje Church burde få sin siste kvilestad også der? Eller; kva med at dei gjekk enda lenger innover i skogen, der det befinn seg rare vesen av både den eine og andre typen...?

Katten dukkar opp att, men den er ikkje slik som den var. Borte er den snille og kjælne pusen, istaden er det kome eit slags minimonster inn i huset, som gjerne knaskar på framleis levande fuglar innandørs.

OK, katten er blitt endra, men så skjer tragedien til dei grader da Ellie vert påkøyrt.
Da rablar det for far i huset, og kona vert stadig heimsøkt av grusomme syn fra sin barndom og hennar sterkt funksjonshemma søster.

Happy ending? Sometimes dead is better...


Dette er heilt klart den beste nyinnspelinga av Kings bøker sidan IT kom hausten 2017. (Del to av IT kjen forresten hausten 2019). Pet Sematary er ikkje like bra, men det er dryge halvanna time guffen grøssar, med nokre innlagde jump-scares her og der, og ein generell uhyggestemning som vi ikkje ser i skrekkfilmar kvar dag.
Samanlikna med originalen fra 1989 er dette mykje bedre, for ikkje å snakke om Pet Sematary 2 fra 1992, som er hysterisk elendig.
Kanskje ber einskilde scenar litt for mykje preg av å være laga i studio, men det får vi heller tåle. Filmen er skummel, og det som faktisk er verst er tilbakeblikka som Rachel har med si svært sjuke søster. Her i filmen har søstra ein beinsjukdom, medan i 1989 var det anoreksi som var problemet. Vidare er avslutninga ein smule forskjellig, utan at eg vil gå i detaljar her.

Høgdepunkt: Matheisen fra Rachel sin barndom.
Lavmål: Daude busker og tre som litt for tydleg er filmrekvisittar.

Oppsummert er dette ein svært sjåverdig grøssar, og fram til IT del 2 kjem i september/oktober, så er dette årets skrekkhøgdepunkt. Kritikkane har vore av det snille slaget, og publikum har tatt godt imot denne siste filmen i rekkja av Stephen Kings mange bøker.

Kva blir det neste? Ein nyinnspeling av The Running Man, som faktisk er verdt å bruke tid på?

Og ja: Det ligg ei spire til ein prequel her...

Bilderesultat for terningkast 5

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar