lørdag 23. mars 2019

The Dirt - Filmomtale

The Dirt er filmatiseringa av den mykje omtala, og veldig populære biografien om glamrockbandet Motley Crue. Ei oppvisning i dekadent rockestjerneliv på 1980-talet.
The Dirt Movie Poster.jpg
The Dirt vart gitt ut på Netflix nå i mars, og er eit must for alle som var unge på 1980-talet, og spesielt dei av oss som likte hardrock.
Eg var aldri noko fan av dette bandet, heller tvert om. Glamrockband var nesten det verste som fantes, med sine sminka jenteliknande bandmedlemmer, masse puddelhår, og meir popete melodiar. Spør du meg, så har Motley Crue laga kun ein bra melodi, Kickstart My heart, fra 1989.
Dei var lysår fra å befinne seg i samme divisjon som mine progrockfavorittar i Rush og Saga, og altfor jålete og direkte ekle til å samanliknast med mine datidige trashbandheltar i Metallica, Anthrax, Slayer og Exodus.

Men attende til filmen.

Handling: Året er 1981. Det er fest i eit husvære der hardrockbandet Motley Crue held til. Dop, alkohol og damer kryr det av, bl.a. i ein heilt hysterisk "squirt"-scene. Vi forstår at dette bandet ikkje akkurat lever på den smale sti, for å sei det forsiktig.

Tilbake i tid ti år.
Vi vert først kjent med den kommande bassisten Nikki Sixx, som etter ein miserabel barndom dreg heimefra og bl.a. skiftar vekk det opphavelege navnet Frank Feranna. Sixx var som kjent mykje av hjerna i bandet, og vi får sjå korleis han møter dei andre i bandet etterkvart.
Trommis Tommy Lee kjem i motsetnad til Sixx fra ein ryddig heim, der han bl.a. dreg på bandøving iført veslesøstra si leopardmønstra bukse.
Med seg får dei ein ti år eldre herremann av den meir fåmælte typen med skrøpleg helse og stort vodkaforbruk, Mick Mars på gitar, og da manglar berre ein mann, vokalist Vince Neil.
Neil viser seg å være ein dameforbrukar av dei sjeldne, og feier over stort sett det som måtte befinne seg i nærleiken av type "ho-kjønn".
Bandet opparbeider seg snart eit rykte som energisk villmannsband, som ikkje går av vegen for å klaske til ufine publikumarar med gitaren, eller å sparke dei med cowboystøvlane. Dei får kontrakt med eit plateselskap, og legg ut på den eine slitsomme turneen etter den andre.
Ein minneverdig scene er fra da dei er ute på vegen med ein steingal Ozzy Osbourne. Eg kjente til ein del av desse historiane fra før, så det kom ikkje som noko sjokk at Ozzy sniffa maur og tok seg ein enkel dram....
Filmen rasar avgarde med stadig meir fyll og dop. Livet er i "the fast lane" til dei grader, og det kan sjølvsagt ikkje gå bra i lengda. Kokain og heroin i BØTTER, øl og sprit i BASSENG, damer overalt, som er med på alt. Det er ingen spesielt god kombinasjon med omtrent null hjerne og lettvinte haldingar til livet generelt.
Til slutt må det gå til helsike, og det er eit guds under at alle desse fire rockarane overlevde 1980-talet og faktisk hadde sin avskjedskonsert for berre fire år sidan. (Ja, dei har sjølvsagt gjort comeback etterpå).

Ok, musikken til Motley Crue skal du få ha i fred for min del, men som sagt er dette ei fin mimrestund for oss som vokste opp på den tida.
Det er kanskje ikkje den beste musikkbiografiske film som er laga, men det var for meg svært underholdande, om enn dei historiske fakta er litt fram og tilbake.
Det vi iallfall innser, er at unge menn som brått blir rockestjerner, nok har sine utfordringar.

Filmen har ikkje fått dei beste kritikkane, men det er eit hyggeleg nostalgisk tilbakeblikk på ei tid som vi heldigvis/dessverre aldri får oppleve fleire ganger.

Høgdepunkt:
Den tidlege "Squirt"-scena. Eg lo. Høgt. Åleine.
Lavmål:
Sangen "Shout at the devil" er dessverre med. Møkkasang.

Eg likte denne ganske godt, og anbefaler den gjerne til dei som var unge i tida 1980-1989.

Bilderesultat for terningkast 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar