torsdag 21. februar 2019

Velvet Buzzsaw, filmomtale

Ikkje kvar dag ein kjem over ein satirisk horrorfilm fra kunstmiljøet i det øvre inntektsnivået....
Kan ein slik bakgrunn i det heile teke være noko å satse på?

Velvet Buzzsaw (2019 poster).png

Velvet Buzzsaw vart lansert på Netflix 1. februar, og omsider fekk eg somla meg til å ta ein kikk.
Grei rolleliste som inkluderer Jake Gyllenhaal (Han vert aldri så bra som i "Donnie Darko" likevel), John Malkovich og Rene Russo.

Plot: Kunstkritikar Morf (Gyllenhaal) skriv saftige anmeldingar av diverse utstillingar i det øvre prissjikt i Miami Beach. Han er dyktig, men også frykta, avdi hans anmeldingar kan bety vinn eller forsvinn i dette forunderlege og svært sjølvsentrerte miljøet. ALT handlar om pengar og status.
Morf er ultrahomofil, men finn det likevel ok å hoppe i bingen med ein kvinneleg assistent fra eit slikt kunstgalleri. Eigaren av galleriet, Rhodora, (Rene Russo) er tidlegare rockemusikar i bandet Velvet Buzzsaw, med ein passande tatovering på skulderen....
Assistenten hennar, Josephina, kjem så over ein død mann i blokka ho bur, og finn at han var kunstnar. Han etterlet seg ingen arvingar, men ein katt og mengder med mildt sagt oppsiktsvekkande kunst.
Josephina vil imponere sjefen sin, og tek med seg kunsten til den døde for å vise ho dette.
Ikkje lenge etterpå byrjar ting og skje....
Kunstnaren var nemleg ikkje heilt  A4 for å sei det forsiktig, kanskje slik som kunstnarar flest.

Velvet Buzzsaw er noko så uvant som ein høgst brukbar grøssar fra Netflix. Mykje av det som kjem fra straumekjempa er heller middelmådig, men dette var bedre saker. Ikkje noko meisterverk, men likevel lysår bedre enn den vanlege dusinvara som kjem derfra.

Jake Gyllenhaal er som alltid bra og går fra å være skikkeleg usympatisk "dirt-bag" til å bli den einaste som du faktisk ynskjer skal overleve. Det øvrige persongalleriet består stort sett av bedritne pappfigurar som ein nesten håpar skal bli knerta på eit eller anna vis.

Filmen har fått heller gode kritikkar fra t.d. Rotten Tomatoes, og er absolutt verdt eit besøk.
Det er av dei bedre 113 minuttar eg har spandert på Netflix siste året.

Høgdepunkt: Apekattar. Du forstår det når du ser dei.
Lavmål: At Morf går fra superhomo til hetro sexmaskin i løpet av fem minuttar.
Men det er kanskje slik det er i sjølvopptatte statusmiljø? Man tager det man haver?


Grei underholdning!

Bilderesultat for terningkast 4

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar