lørdag 19. januar 2019

IO - filmomtale

Splitterny sci-fi film vart lagt ut på Netflix i går. Og filmar i denne genren fortjener ein sjekk.
Var det verdt tida eg brukte?
IO film poster.jpeg
Netflix legg stort sett ut middelmådige filmar. Av og til glimtar dei til med reine meisterverk, som Annihilation, og den megaspennande serien The Haunting of Hill House.
Men stort sett er det så som så.
Og så hender det at det vert lagt ut filmar der ein må spørre seg; "Kva i helsike var vitsen med dette?"
Slik var det med IO.

Plot: Jorda ein gang i ei nær framtid. Planeten er no så øydelagd og forgifta at det er omtrent ikkje mogleg å leve her lenger, korkje for folk, dyr eller planter. Derfor har det blitt sendt ut mange store romskip til ein av Jupiters månar, IO. Ja, det er ein ekte måne forresten.
Det er snart tid for det aller siste romskipet, men framleis er det nokre få personar att på jorda, bl.a. ein ung forskarassistent, Samantha, eller berre Sam, som held til på eit høgdedrag der den giftige ureininga framleis ikkje har nådd opp. Det er dog berre eit spørsmål om tid før så skjer.
Dagane sig avgarde, og det einaste som skjer er at ho stadig reiser ned til forlatte byar, ikledd heildekkande drakt og med oksygentankar på ryggen, for å finne spor av håp. Ho er jo tross alt forskar!
Ein dag kjem ein luftballong dalande. Den inneheld eitt stk menneske til, og han vil svært gjerne komme seg til IO, og ta med seg Sam på turen.

Dei har nokre dagar på seg til å komme til utskytningsstaden, så da burde dei vel reise avgarde i ein #kollosalfart?

Men nei. Ingen grunn til å stresse...


Eg såg føre meg ein spennande film ala Interstellar.
Så feil går det altså an å ta.
Det skjedde omtrent ingenting.
Ein time og 37 minuttar av mitt liv eg aldri får attende.

Det som i utgangspunktet kunne vore, og er, brukt som eit spennande konsept i t.d. før nemnde Interstellar, kokte vekk til treg handling omtrent utan eit snev av ..ja....spenning...
Med i hovedsak berre to personar i heile filmen (første halvdel: Ein person), samt ein bitteliten snutt med Sam sin far, så må det være noko som driv filmen fram. Ikkje eingang da timane ned til siste utskyting nærmar seg styggeleg fort, så skjer det noko.

Gjesp.

Høgdepunkt: Tja. Dei øydelagde, tåkete og forlatte byane såg ikkje så verst ut.

Lavmål: Hmmm. Kanskje det at dette ikkje skjedde den døyt på 97 minuttar?

Ein i utgangspunktet god ide vart berre til kjedelege greier. Vi bergar ein svak toar på dei øydelagde byane.

Bilderesultat for terningkast 2

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar