Eg likar å sjå film. Ikkje alt mulig ræl, men gode filmar er topp tidtrøyte.
Dei litt eldre filmane som er på lista har tålt tidas tann, og nokre av dei andre er ganske nye.
Etterkvart som åra har gått, så har ein sett masse. Veldig masse....
Og mykje er bra, nokre har vore dårlege, og nokre ytterst få stiller i klasse "WOW".
Fra sistnemnde kategori kjem desse:
"2001: A space odessy" USA/UK 1968

Stanley Kubricks meisterverk, eit aldeles fantastisk science-fiction drama på 140 minuttar, der det er lite snakk, men desto meir banebrytande filmeffektar og spenning.
Hvis du likar sci/fi og ikkje har sett denne, så har du gått glipp av den kanskje beste av dei alle.
"A clockwork Orange", USA/UK 1971
Vi fortset likegodt med ein annan Kubrick-film. Det er faktisk tilfeldig, men viser vel berre at kvalitet er ikkje alle forunt.
Ein noko dyster framtid ventar oss i denne filmen over 136 minuttar, prega av ein ung megavoldleg tulling som likar voldtekt, ultravold og Beethoven...
Ikkje noko for kven som helst.
"Annihilation" USA/UK 2018

Av og til, dessverre altfor sjeldan, kjem det filmar som er så fantastisk gode. Denne sci-fi/grøssaren fra i fjor er antaglegvis noko av det beste innan genren på årevis. 115 minuttar rein fascinasjon.
Og så Natalie Portman da.
"Stalingrad" Tyskland, 1993.

Krigsfilmar fra WWII er best når dei er tyske. Og dette er kanskje den aller beste krigsfilm eg har sett, saman med eit par andre som kjem lenger nede i posten... 134 minuttar død og fordervelse fra det tyske felttoget i Stalingrad. Happy ending? Neppe.
"28 days later" UK 2002.

Zombiefilmar er kult. Men dette er ikkje om zombiar, men om infiserte. Big deal. Skummel britisk post-apokalyptisk film på knappe to timar som fekk ein brukbar oppfølgar nokre år seinare.
"Watchmen", USA 2009

Tegneserien som ikkje kunne la seg bli filmatisert. Men så vart den det, og resultatet vart kanonbra! OK, ikkje så bra som tegneserien, men det var ikkje å forvente. Sjekk ut begge deler! Og ja, det er Negan fra The Walking Dead som er med. Eller skodespelaren da.
"Battleship Potemkin" Sovjet, 1925.

Det er ein snart 100 år gamal stumfilm. Den varer berre i 75 minuttar. Og det er rein propaganda, iallfall sett i ettertid. Men denne filmen inneheld ein av filmhistorias mest kjende scenar, og det å styre alle dei statistane og dei slagscenene er uansett ein imponerande jobb.
"Der Untergang" Tyskland, 2004.

Er dette den beste skodespelarprestasjon nokon gong? Bruno Ganz hausta fortjent ros fra heile verda for si tolkning som diktator-Hitler i sine siste dagar. Meir eit drama enn ein krigsfilm kanskje, men med nok elendigheit i Berlin for det. To og ein halv time episk krigshistorie.
"It" USA 2017

Langtfra alle Stephen King bøker blir til gode filmar, dei færraste faktisk. Denne skrekksaken på godt over to timar er eit svært hederleg unntak. Ein av dei beste skrekkfilmar på maaaaange år.
Ventar berre på del II nå, og den kjem til hausten.
"Apocalypse Now" USA 1979

Den beste Vietnamfilm EVER! Gitt ut i fleire versjonar, men ta den med dei franske plantasjeeigarane og Playboymodellane. Basert på ei bok fra det mørkaste Kongo anno 1899, og plassert inn i krigsmarerittet i Indokina. 153 minuttar "jaw-dropping".
"Blade Runner" USA/Hong Kong 1982

Opphaveleg ingen storsuksess, lausleg basert på ei bok fra 1968, men har i åra etterpå vorte hylla som eit slags krim/sci-fi drama av toppklasse. To timar og utgitt i ei rekkje versjonar. Fekk omsider sin etterlengta oppfølgar i 2017. PS: Handlinga føregår i 2019, og det er grunn god nok til å sjå den.
"The Third Man" UK 1949

Det fins filmar som er banebrytande, og kan skape ein heil genre åleine. Dette er ein slik. Med handling fra eit desillusjonert Wien like etter 2. verdskrig, satte denne filmen ein heilt ny standard for teknikk, lyssetting og ja... stort sett alt.
Nemnde eg musikken? Nei. Musikken. Temamelodien.
108 minuttar som einkvar filmgeek garantert har sett.
"The good, the bad and the ugly" Italia, 1966

Westernfilmar har aldri vore så bra som denne. Den er spelt inn i Italia og Spania, men resultatet vart uansett eit nesten tretimars episk drama med handling fra slutten av den amerikanske borgarkrigen. Vi følgjer dei tre tittelkarakterane gjennom filmens mange storslagne scenar, og lurer til sist på om "den gode" var så god likevel.
"The wild bunch" USA 1969

Med handling fra 1913 er kanskje ikkje dette ein "ekte" western, meir ei skildring av nokre tilårskomne bandittar som ikkje heng heilt med i utviklinga. I si tid ein megavoldleg sak, gjerne i sakte kino, som var regissør Peckinpah sitt varemerke. Nesten to og ein halv time, først sett på kino i Ungdomshuset i Gaupne...jøss...
"The Godfather" USA 1972, og "The Godfather II" USA 1974

Desse må takast med i eitt. Tilsaman dryge seks timar med mafiadrama fra mester Coppola, og med skodespelarar i ultraklassen. Har du ikkje gidda å sjå desse seier du? Da er du ikkje filminteressert, og bør holde deg til "Home and away".
"The General", USA 1926

Ikkje alle filmar vert suksess med ein gang. Faktisk kan det ta mange år, og i dette tilfellet, tiår.
I dag er dette rekna for å være ein av dei aller største filmane som er laga, og det er ikkje utan grunn. Ein kjempedyr film i si tid, heilt på slutten av stumfilmæraen, med stoneface Keaton som togførar på "The General" under den amerikanske borgarkrigen. 75 minuttar, absolutt utan CGI.
"Trainspotting", UK 1996
Kan ein lage komedie av alt? Endatil steindopa heroinmisbrukarar i Edinburg? Ja, det går veldig godt an, iallfall når ein kastar inn ein dose svart humor. Hysteriske scenar kombinert med tragediar (innbefatta kanskje det verste dødsfall eg har sett på TV. EVER!) gjer denne til dryge halvannan time med filmoppleving ein aldri vil gløyme.
"Night of the living dead", USA 1968

Utan denne svart/kvitt saken fra slutten av 1960-talet, innspelt på skolissebudsjett nokre mil utanfor Pittsburg, hadde vi kanskje ikkje hatt alle dei zombiefilmane og seriane vi har i dag. Ein film som hadde ein afroamerikanar som helt var heller ikkje vanleg på den tid, men regissør Romero var da heller ikkje heilt A4. Filmen vart ein kjempesuksess, og førte til ei mengde meir eller mindre gode oppfølgarar.
"Pink Floyd - The wall" UK 1982

Først sett på Saga kino for mange år sidan, før eg fekk innfallet om å sjå den att her ein dag, med surrounden på full guffe. Og den var faktisk bedre i dag! Kombinert animasjon og sjølvbiografisk dopdrama, med noko av den beste musikken som er gitt ut. Nokon gong. Etter dette gikk Pink Floyd, og Rogers Waters meir og meir i gløymeboka. 95 minuttar med VOLUM!!
"The Warriors", USA 1979

"Can you dig it?" Og så fekk han ikkje sagt så mykje meir. Bandeleiaren som ville samle alle gjengane i New York. Men det gav oss ein krimaction som i dag er den ultimate kult-film. Først sett på kino her i bøgdi, kuuul musikk, og med eit plot som ikkje er utdatert, endatil 40 år seinare. Halvannan time med gjengar i alle tenklege og utenklege variantar.
"Nattevagten", Danmark, 1994

Å herregud for ein spennande film! Såg denne på Eldorado kino i Oslo, og rett bak meg satt det nokre ungdamer som hylte noko så innihelsike til tider....
Ein guffen og ekkel dansk grøssar, som krydrar det heile med litt moro innimellom. Kva som gjer filmen så god? Det at alt verkar så.....ekte....
"Alien", USA/UK 1979
![A large egg-shaped object that is cracked and emits a yellow-ish light hovers in mid-air against a black background and above a waffle-like floor. The title "ALIEN" appears in block letters above the egg, and just below it in smaller type appears the tagline "in space no one can hear you scream".[1]](https://upload.wikimedia.org/wikipedia/en/thumb/c/c3/Alien_movie_poster.jpg/220px-Alien_movie_poster.jpg)
Tagline: "In space noone can hear you scream". Fantastisk skrekk/sci-fi drama som var noko HEILT annleis enn samtidas Star Wars. Blodig, spennande, dvs. alt som ein god film skal ha. Og så har vi John Hurt som får magetrøbbel...Knappe to timar JU-HUUUU!!!
"Eyes wide shut", USA 1999.

Eg kan eigentleg ikkje fordra korkje Kidman eller Cruise, men når resultatet blir såååå intenst og bra som i denne thrilleren fra 1999, så må ein gjere eit unntak. To og ein halv time lang, men dette er den eine "erotiske thriller" du MÅ sjå.
"The vvitch", USA/Canada 2015

Plassert ute i ødemarka på 1630-talet, med få personar involvert. Men ein dyster skog, ein geitebukk og skumle krefter gjer denne mørke saken til ein brrrr affære som gir meg gåsehud her eg sit og skriv. 93 minuttar generell uhygge.
"Under the skin"; USA/UK/Sveits 2013

Scarlett Johansson i rolla som taus og mutt alien som fartar omkring på vegane i Skottland på jakt etter menn som ho kan fortære på underleg vis. Ikkje noko for hvermannsen dette, ein sær film på skolissebudsjettet. Kun lønna til Scarlett kan ha medført særlige utgifter på dei 108 minuttane.
"Villmark", Norge 2003.

Garantert den mest spennande norske film nokon gang. Ein herleg grøssar fra 2003, som fekk ein langt dårlegare oppfølgar. Innspelt på Kaupangerskogen, men forvent ikkje å sjå lokale heltar; Rollelista er svært kort. 85 minuttar norsk uhygge på sitt beste.
"Braindead" New Zealand 1992

"You may have seen splatter, but you haven`t seen splatter until you`ve seen Braindead" var omtalen fra genrebladet Fangoria.
Heilvill komi/skrekk/zombie/splatter med basseng av liksomblod og ein grasklippar på høggir. Peter Jacksons tredje film. Dryge 100 minuttar lang.
"Wild at heart" USA 1990

David Lynch sitt meisterverk i form av ein road/krim/drama på to timar, med nokre særs omdiskuterte voldsscener. Laura Dern og Nicolas Cage vart aldri bedre enn i denne.
"High Tension", Frankrike 2003

Ultravoldleg psykologisk horrorfilm fra Alexandre Aja. Den snille jenta på landet og ein gal seriemordar. Kven er denne seriemordaren eigentleg? Ein del av den nye franske sjokkfilmbølga fra byrjinga av 2000-talet. 95 minuttar intens spenning, og som sagt, megavoldleg til tider.
"Irreversible"; Frankrike 2002.

Vi tek med ein fransk sjokkfilm til. Med plot baklengs, dvs. først får vi sjå konsekvens, dernest handling. To scenar utmerkar seg, ein med eit brannslokningsapparat (du forstår det når du ser det), og ein brutal 10 minuttar lang voldtektsscene (i ein tagning) av den særs vakre Monica Belucchi. 97 minuttar som du anten vil elske eller hate.
"Melancholia"; Danmark, Sverige, Tyskland, Frankrike, Italia 2011

Von Triers beste film. Om verdas undergang, og ei personleg forteljing om regissørens depresjon. Ufatteleg vakkert laga, lett gjenkjenleg og typisk Von Trier i stilen i 130 minuttar. Men TV-serien "Riget" er likevel det beste han har laga.
"Life of Brian" UK, 1979

Ein av dei filmane eg har sett flest ganger. "Vevy well. I will velease Bvian!"
Eller: "Jehova! Jehova!"
Fantastisk satire fra Python-gjengen på sitt beste.
"Das Boot", Vest-Tyskland 1981.

Høgkvalitets tysk krigsfilm. Gitt ut både som kinofilm og mini TV-serie. Har du tid, så sjå heile serien i eit jafs, eller du kan nøye deg med 150 minuttar klaustrofobisk stemning i ein tysk ubåt for 80 år sidan.
"They shall not grow old"; UK/New Zealand 2018

Aldri har vel krig sett verre ut, enn i denne nyrestaurerte saken fra i fjor haust. Opptak fra krigsfotografane under 1. verdskrig har blitt fargelagd, lydsatt og som prikken over "i`en": 3D.
100 minuttar autentisk krigsmareritt fra vestfronten.
"Pans labyrinth", Mexico/Spania 2006

Vakker og brutal på ein gang, denne fantasy-filmen satt til eit borgerkrigsherja Spania fra midt på 1930-talet. Kritikarrost publikumssuksess, som eigentleg hadde fortjent enda meir.
"Man bites dog" Belgia, 1992

OK, vi ler først av den sprøyte gale seriemordaren, som vert følgd av eit filmcrew. Men etterkvart forstår vi at denne nattsvarte satirefilmen er ein dyster og supervoldeleg sak. Til slutt må crewet være med å rydde opp etter drapsmannens herjingar. Går det bra? Neppe. 95 minuttar svart/kvitt.
"The Blair Witch Project", USA 1999.

Den første filmen som verkeleg marknadsførte seg via Internett. Dritskummel liksomdokumentar, som vart ein kjempesuksess, og gav eit velretta spark til alle som trudde at ein måtte ha megabudsjett for å lukkast. Nokre elendige oppfølgarar og kopiar har kome til i ettertid. 81 minuttar lang, og med ein creepy slutt, berre så det er sagt.
"Hellraiser", UK 1987

OK, effektane er billige, men stemninga er dyster, og demonane eller cenobittane om du vil, var mange år forut si tid. Skrekkforfattar Clive Barkers regidebut vart ein brukbar suksess, og medførte dessverre ein haug med oppfølgarar, som berre blir verre og verre. Her trengs det ein real reboot!
93 minuttar britisk lavbudsjetts horror.
"Thale" Norge 2012

Norsk folketru, kombinert med ein dose gørr, reingjeringsselskapet "No Shit AS" samt ein liten konspirasjon, gjer dette til ein fiffig liten sak på berre 76 minuttar. Det går ikkje i lynets fart for å sei det slik, men det er ein original norsk grøssar, som faktisk er blitt solgt til over 50 land. Ein oppfølgar er på trappene. Den vil sikkert få litt meir kroner i innspelingsbudsjett.
"Sauna" Finland 2008

Finske filmar er ikkje daglegdags kost her i huset, men denne ekle saken på 83 minutt, plassert rett etter den svensk-russiske krigen på slutten av 1500-talet kan få deg til å vurdere alle framtidige badstubesøk.
Det er dystert, brutalt og vi forstår at livet på den finske landsbygda for nokre hundre år sidan sikkert ikkje berre var glade dagar...
"De dødes tjern" Norge 1958

Ein av dei aller beste norske grøssarane nokon gang held framleis koken. Ja, det er muligens litt tregt og tamt etter våre dagars action-prega grøssarar. Men stemninga og fotograferinga var tiår før si tid. Basert på ei bok av Andre Bjerke, som også har ei rolle i filmen. Kun 76 minuttar, og dersom du framleis ikkje har sett denne, så er det berre å benke seg i godstolen.
"Donnie Darko" USA 2001

I dag er Jake Gyllenhaal eit kjent navn, og ein svært respektert skodespelar. Spol tilbake til 2001, da han var på langt nær så kjent, men leverte ein kanonprestasjon som tittelfiguren i denne psykologiske thrilleren med overnaturlege tendensar. Donnie slit med sitt, men har ein slags følgesvenn i form av ei stor grotesk kanin. Knappe to timar tenkande oppleving.
"Jacobs Ladder" USA 2001

Ein psykologisk skrekkfilm der hovedpersonen Jacob, spelt av Tim Robbins, byrjar oppleve stadig meir skremmande episodar i kvardagen. Kaaaaan det ha noko å gjere med hans opplevingar 20 år før, som ung soldat i Vietnam? Det skal ein ikkje sjå bort i fra. 113 minuttar, og ikkje minst ein overraskande slutt.
"Klovn: The Movie" Danmark 2010

Vi har alle sett, iallfall litt av, dei stadige episodane som rullar og går på TV2 Humor. Denne overpinlige serien med Frank, Casper og alle dei hinsides opplevingane deira har vore underholdning i årevis. Denne første filmen ser ut til å få ein slags vettug slutt. Før alt går så til helsike som ein kan få det. Hysterisk.
"Hereditary", USA 2018.

Gåsehud vil ein få oppleve i denne skumle grøssaren, som eg først nå nyleg fekk gleda av å sjå. Uhyggeleg til dei grader, og med ein snerten vri til slutt. Over to timar varer denne, og hvis du er lettskremt, så sjå for all del denne om dagen. (Står lyset på?)
"Joker" USA 2019

Joaquin Phoenix i tittelrolla som stadig meir nedtrykt og deprimert mann, før han vert forvandla til ein livsfarleg figur som inspirerer ein heil by. Eit meisterverk innan skodespelarkunst, og den som skal spele Joker etter dette, ja vedkommande har noko å leve opp til.
"Blue velvet", USA 1986

Smårar film-noir og psykogrøssar, i blå fløyelsinnpakning av mester Lynch. To timar med alt fra total galskap til øm romantikk. Opninga er knall, for kor ofte finn vi eit øyre på plenen?
Også Dennis Hopper som heilsprø og farleg narkogangster da....
"Gomorra", Italia 2008

Brutal, realistisk drama om mafiaen sin påverknad av livet i området i/rundt Napoli. Fem mindre historiar, der alt handlar om pengar og makt. Samt ikkje minst: kor langt dette hyperkriminelle nettverket er villig til å gå for å få det slik som dei vil.
137 minuttar, og sluttscenen er ein som vert hugsa.