fredag 13. juli 2018

Topptrimmen 2017 - 2019, Gruvefjell

Sesongstart for topptrimmen, ju-huuuu!
Har berre tre toppar att, som eg tek sikte på å få unnagjort i sommar. Problemet blir vel da: Kva i all verda skal eg finne på sommaren 2019?
Sykle?
Problemet løyst!!

Gruvefjell beliggande i området mellom Årdal og Luster var første mål for sesongen, ein topp som eg fant passe i.o.m. at eg ikkje har gått ein einaste fjelltur, eller fottur for den saks skuld, sidan i vinter ein gang. Har prioritert syklinga i vår, og det skulle vise seg at kombinasjonen sykkeltrening og så på fjelltur skulle bli litt meir slitsom enn først rekna med.

Gruvefjell er ikkje noko markert topp akkurat i dette bølgande landskapet mellom Fardalen i Årdal og Lustrafjorden. Vi skal heilt opp på 1520 m.o.h. men var av det dovne slaget, og køyrde heilt inn til Stokkesete på Tindevegen mellom Turtagrø og Øvre Årdal. Her kunne vi starte på over 700 m.o.h.
Eg ser at andre har starta lenger oppe på Tindevegen, og det får være opp til kvar einskild turgjengar. Luster Turlag har anbefalt Stokkesete, så da gjorde vi det. Hvis ein er i verkeleg god form, og gidd, så kan ein jo alltids starte fra Feiga også, men det vert ein svært lang tur.

Vi var fem personar som gjekk i følge på ein fin ettermiddag. Med lange lyse sommarkveldar, såg vi ikkje behovet for å dra avgarde så altfor tidleg, og eg har da heller ikkje ferie enda. Ettermiddagsturar er da også alltid å føretrekke!
Vegen inn mot Stokkesete er ikkje meir enn nokre titalsmeter før ein må stoppe, men det står skilt til Gruvefjell, og det er sti forbi ei hytte, og vidare inn dalføret Stokkedalen. Vil tru at det er mange topptrimmarar som har gått her.
Men etter berre tre kvarters gange, så var eg omtrent kokt i varmen. Måtte ta ein liten matbit før blodsukkeret vart for lågt. Da hadde vi akkurat kryssa ei lita elv, den første av ganske mange denne dagen. Her var vi komen over tregrensa, og fant fine moltemyrar. Har aldri sett så mykje molter før, men det var sjølvsagt altfor tidleg å plukke dei. Hvis eg gidd,  noko eg garantert ikkje gjer, så burde eg ta ein tur forbi att her i september for ei molteøkt.

No var spørsmålet: Kor i all verda skal vi gå?
Her var det ikkje snev av merking eller spor, så vi fant ein fjellrygg vi tok sikte på, og kom oss opp i terrenget. Med to kart, tracking og GPS så burde det gå greit å finne toppen. Eller?
Nei. Det vart litt verre enn vi antok på førehand. Dette landskapet er som sagt bølgande, med mange høgdedrag som ser omtrent like ut. I tillegg er det mengder med små vatn, som også kan forvekslast, så vi fant ikkje noko post på den første toppen vi kom på. Og det var den toppen, som alle meinte var den rette, både vi med kart, og dei med GPS og tracking.
Så mykje for det altså.


Men, det fins verre problem enn å ikkje finne turlagsposten på den første toppen, så vi vandra 1,8 km. bort på det som GARANTERT var den rette.
Og det var det faktisk. Sidan det var så fint vær, og ganske så greit å gå, så gjorde det ikkje så mykje at vi hadde bomma ein smule.
Rett nok viste Stravaen min at vi hadde gått 6,7 km. da vi fant det rette toppunktet, medan skiltet nede ved Stokkesete hadde sagt 5,5 km. Pytt, 1200 ekstra meter får vi tåle.
Iflg. Turlagskortet så skulle vi også kunne sjå spor etter gruvedrifta her på 1700-talet, men da må ein nok nedover på Krokasida i Luster. Og det ville vi ikkje. Så gruvene fekk være i fred for oss.

Medan vi var på toppen, så kom det ein årdøl springande opp. Han var nok av det meir spreke slaget enn oss, og gav oss ei innføring i kor vi skulle gå for å komme oss lettare nedatt.
Vi skal alltid ta slike tips til etterretning, men nå var dette eit heller snilt terreng, så det skulle nå gå bra uansett.
Vi gjekk derfor meir rett ned enn vi hadde gått opp, noko som vart litt krøkkete ned mot det som heiter Grøndalen. Her var det litt rasfarleg i ei ur, så da valde vi det sikre og tok ein liten omveg. Det trur eg var smart, for da vi såg den aktuelle ura på meir avstand og fra ein annan vinkel, så såg det nesten halvfarleg ut. Dette er lengst inne i Grøndalen, og kan ikkje anbefalst å gå, korkje opp eller ned.
Men utanom dette noko problematiske området på nokre hundre meter, så gjekk det heile ganske greit.

Eg burde imidlertid ha gått inn dei nesten nye skoa mine litt meir, og derfor var det bra at compeeden var med.
Kilometrane i unnabakke var heller ikkje spesielt godt for det venstre kneet, som nå får si lønn etter 40 år med fotballsparking. Den siste kilometeren i unnabakke var faktisk plagsom grunna kneet.

Gruvefjell er ein middels krevjande topp i denne runden av Topptrimmen. Strava viser at vi gjekk noko over 12 kilometer totalt, og 919 høgdemeter. Eg ser at fra andre startpunkt på Tindevegen har folk gått i 16 kilometer og 810 høgdemeter. Så kva ein vil velge, får nesten bli opp til dei. Toppen finn ein nok uansett, men som sagt er dette landskapet ikkje det aller greiaste å finne fram i. Det må på det sterkaste frarådast å gå her i dårleg sikt utan GPS eller tracking.
Da vi gjekk her, var det nesten for varmt til tider. Ikkje ein gang vatnet i fjellbekkane kunne seiast å være godt og kaldt, var jo nesten lunke vatn!
Grunna den vesle omvegen vi tok på veg opp, så brukte vi nesten tre timar til topps. Det inkluderte ein god matpause, og mange småstopp for å finne vegen og å konferere med kart og GPS.
Ein god og solid pause i det fine været på toppen høyrde også med, kvifor skal ein stresse ned att på ein slik flott dag?
Vi brukte totalt fem timar og 40 minutt på heile turen, og det var med alle stopp. Vi gjekk heller ikkje spesielt fort, da fjellformen er laber etter ein heil vår utan å gå ein meter omtrent.

Gruvefjell kan ein ta på ein ettermiddag, iallfall nå som kveldane er så lange, men om ein månad ville eg nok starta før på dagen.
Ein grei start på sesongen kan vi kort og greit oppsummere det som.
Stravaspor kan du finne her.



Det vert fort nokre steg på ein slik tur. 


Spor og høgdeprofil.


Bilde fra toppen, vi ser innover i landet mot Årdal og Vang.

På veg ned att fekk vi fin utsikt til Austabotntindane.

Dette er vatnet lengst inne i Grøndalen. Det å gå på motsatt side var veldig greit å sleppe.

Eg måtte såklart ha eit bilde av gamle fjell i syningom medan eg var på toppen også.

Nede att i Grøndalen er det nokre sjarmerande vatn, som er adskilt av denne markerte morena.

Her er vi nesten nede mot Stokkesete att, og vi ser kraftlinja og Tindevegen opp fra Fardalen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar