fredag 9. mars 2018

Lekser

Mykje har endra seg sidan eg gjekk på skulen, og det trur eg vi skal være veldig glade for.

Nå til dags er det rennande vatn, både varmt og kaldt, dass innandørs, og elektrisk oppvarming.
I dei skikkeleg gamle dagar, dvs. på 1970-talet, var det eigen kolbinge i uthuset på skulen, vegg-i-vegg med utedassen. Her henta vi kol til å fyre opp med, slik at vi kunne tine opp vatnet vi skulle bruke til å vaske oss i før mat kl. 1130. Vintrane var så kalde før den globale oppvarminga slo inn over landet.
Vi opna skuledagen med salmesang og Fader Vår, og avslutta skuledagen med anten "Fager kveldssol smiler", eller "Ha takk O Gud for dagen".



Nei, det var vel ikkje så ille.

Men utedass og kolfyring kan eg erindre at det var det første året eg gjekk på skulen.

Det var eit stort framsteg da vi fekk det nye tilbygget på plass, der var det gymsal, dusjar, vassdass og tilfluktsrom. Dette var under den kalde krigen må vite, så ein stad å rømme til hvis bombene byrja å regne over oss var på sin plass.

Under oppføringa av nybygget hadde vi ikkje tilgang på den gamle utedassen, så da vart det satt opp eit par dobøtter i ei brakke.....


Ja, det var tider.


Men ein ting som ikkje har endra seg, er lekser.
Vi hadde lekser som måtte gjerast, bl.a. pugging av salmevers, noko som eg ikkje har fått så veeeeldig bruk for i ettertid. Salmesang og fadervår var det heilt fram til eg gjekk ut av barneskulen i 1978.
Akkurat det slepp dagens elevar.

Men er ikkje tida snart omme for lekser?
Er ikkje dette ein etterlevning fra ei svunnen tid?

Eg har forsåvidt ingen problem med å bidra til leksehjelp for oppveksande barn, iallfall opp til eit visst nivå. Så lenge eigne kunnskapar held tritt. Og det er vel neppe så mykje lenger. Heldigvis har vi noko som heiter "google" og "youtube".


Spørsmålet er: Er ikkje lekser avleggs? Burde ikkje borna bruke ettermiddagen/kveld på andre ting enn dette, som dei trass alt burde teke for seg på skulen?
Burde vi ikkje lagt begrepet "lekser" lengst inn i skapet saman med telefaksen og VHS-spelaren?

Eg berre spør.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar