fredag 16. mars 2018

Annihilation, filmomtale

Slik ein sjeldan gang kjem ein over fantastisk gode filmar. Dei siste åra har det vore eit par, "Interstellar" og "It" er dei eg kan komme på i farten.
Føy så til "Annihilation", eit ekte sci-fi horror drama som er eit must hvis ein har ein smule sans for kvalitetsfilm.

Five women, all armed, in a forested area


"Annihilation" er ikkje å sjå på kino utanom USA, av ein eller annan totalt uforståeleg grunn som vi skal sjå på litt seinare.
Derfor var gleda desto større da den dukka opp på Netflix her ein kveld. Rett nok var klokka passert midnatt, men eg hadde akkurat lest ei anmelding av filmen, så kvifor ikkje ta ein kikk, idet minste på dei første minuttane?

Men dette var ein film som ikkje var lett å slå av for å starte på att neste dag.

Plot:
Ein slags meteor treff jorda, og som eit resultat oppstår det ei slags boble rundt nedslaget, ei boble som stadig utvidar seg. Ingen veit nøyaktig kva denne bobla skjuler, kva den er laga av, og kva som evt. er hensikta med at den er komen der.
Det er sendt inn fleire ekspedisjonar, men ingen har komen tilbake.
Med på ein slik ekspedisjon var også hovedpersonens ektemann, som brått dukkar opp att, men eit eller anna er liksom forandra med han. Han er så.... annleis....

Det vert derfor oppretta ENDA eit team som skal inn å undersøke, eit team beståande av fem handlekraftige kvinner, som viser det seg, har kvar sine grunnar til å bli med på ein tilsynelatande dødsdømt ekspedisjon.


"Annihilation" er noko så sjeldan som ein stillfaren sci-fi horror film. Her er det få eller ingen tradisjonelle "jump-scares". Ingen masete heltar/heltinner som skyt mot skumle monster (Vel, nesten ingen da....)
Musikken er lavmælt, gjerne berre ein enkel kassegitar. Det er tildels svært lenge mellom replikkane, og vi får istaden være med på ei forunderleg ferd inn i eit slags fantasilandskap som samstundes er veldig likt vårt eige.

Hovedrolleinnehavar Natalie Portman er strålande i rolla som biolog, og desto meir truverdig verkar det når vi tenker på at ho etterkvart har opparbeida seg ei viss vitenskapleg bakgrunn i tillegg til å være ein dyktig skodespelar. Imponert!

I ei anna viktig rolle finn vi forøvrig Jennifer Jason Leigh, som her spelar ekspedisjonsleiar.

"Annihilation" er ein fantastisk god film. Ein treng ikkje være fan av skrekk og sci-fi for å like denne, og det einaste som eigentleg er synd, er at vi ikkje får sjå denne i 3D-format på eit kinolerrett. Distributøren hadde nemleg ikkje tru på filmen, da den var "for intellektuell", slik at utanfor USA er filmen berre å sjå på Netflix, som skaffa seg rettane til filmen for ein heller billig penge.

Dagbladets anmelding er såleis heilt på sin plass, da det jo er ein stor skam at vi ikkje kan få sjå dette på kino.
Dersom du berre skal sjå ein einaste film på Netflix heile livet, så må det bli denne.

Grunna den dårlege distribusjonen, så er ikkje filmen ein hit slik inntektmessig, men  gode kritikkar har da filmen i det minste fått, det er da noko.

Høgdepunkt: Eit slags forunderleg vesen etterliknar eit sakna ekspedisjonsmedlem.....ju-huuu!

Lavmål: Kan ikkje komme på noko eigentleg.


Årets første og mest soleklare toppkarakter på laaaanng tid.

Bilderesultat for terningkast 6

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar