søndag 10. september 2017

"It" - filmomtale

Klovnen fra helvete er attende!
27 år etter at Tim Curry framstilte Pennywise, the dancing clown i ein mini TV-serie, så er "han" omsider her. Etter stadige meir pirrande trailers....

It (2017) logo.jpg

Filmen er basert på Stephen Kings skrekkroman fra 1986 ved samme namn. Ein murstein av ei bok, som eg forøvrig fekk tak i her ein dag. Usle 129 kr. for pocketutgåva på 1376 sider, på engelsk. Det blir ei stund før eg blir ferdig med denne.

For dei som ikkje har lest boka, eller sett TV-saken fra 1990, så kan ein opplyse at denne nye kinoversjonen kun er første del av det som forhåpentlegvis vert minst ein film til, om eit år eller to.

Litt om handlinga:
Vi befinn oss i den vesle byen Derry, Maine. Som så ofte før i King sine bøker altså.
På utsida ser Derry ut som kva som helst liten amerikansk småby, men noko er feil. Noko som ein kanskje ikkje kan sette fingeren på, men som ein nyinnflytta gut av den leseflinke sorten har funne ut: Det forsvinn langt fleire born, ungdommar og vaksne her enn ellers i landet. Av ein grunn som ingen heilt forstår, og som ingen av dei vaksne i byen ser ut til å bry seg skikkeleg om.

Filmen er plassert på slutten av 1980-talet (boka har her handling fra 1950-talet), med smakfulle frisyrer og Anthrax T-skjorter strategisk plassert. Samt ein hentydning til datidas redhead-idol nr. 1, Molly Ringwald.
Vi følgjer sju unge, seks gutar og ei jente, på ca. 13 år, pluss/minus eit år eller to i kvar retning.
Dei har kvar sine uhyggelege opplevingar, om enn på ulikt vis, som til slutt openbarar seg i form av ein slags klovn, ypperleg spela av svenske Bill Skarsgård.

Dei vaksne i Derry er anten onde, dumme eller totalt sløve. Kva som har gjort dei til å bli denne i  apatiske tilstanden, vil antaglegvis bli forklart i neste film, iallfall dersom ein følgjer boka.
Det vert derfor opp til våre unge heltar i The Losers Club til å konfrontere ondskapen, både i form av klovn, samt ein usedvanleg ekkel ungdomsgjeng, som også Pennywise viser interesse for.

Filmen har 15-års grense, og det betyr at du kan ta med deg 12-åringen på "It", dersom du er vaksen sjølv.
Men la det være sagt med ein gang: Dette er slett ingen film for 12-åringar, for dette er skrekk av høg klasse. Bø-faktoren er rimeleg høg, og dersom ein ikkje har sett så mange skrekkfilmar fra før, så vil denne garantert sette ein støkk i deg for lang tid framover.

"It" består imidlertid ikkje berre av denne onde klovnen, Skarsgård har nesten litt for lite plass. Det er dei unge som er dei store stjernene her. Fantastiske prestasjonar av dei unge skodespelarane, gjer dette til eit skrekkmeisterverk. Kombinert med gode effektar, og ein rablande gal klovn, så gikk dei dryge to timane filmen varde, unna på eit blunk. Var nesten skuffa da dei heile var over.

Rett nok var dette ein film eg hadde gleda meg til lenge, og da er det ekstra artig at den ikkje skuffar. Del 2 kan knapt komme fort nok.


Høgdepunkt: Beverly sitt angrep på "It" i det mildt sagt nifse huset. Ju-huuuu!!! Eller der Pennywise kjem ut av skapet...bokstavleg talt.
Lavmål: Det at filmen ikkje følgjer boka i eit og alt. Det er t.d. eit omdiskutert kapittel som omfattar Beverly og alle dei seks gutane på ein meir... skal vi sei ....intim måte....


"It" hadde premiere nå denne veka, og kan allereie nå seiast å ha vore ein suksess. Innspelingskostnadane på 35 mill USD er forlengst tjent inn, berre etter eit dagar på kino, så dette ligg an til å bli ein hit innan skrekkgenren.


Skal du sjå berre ein skrekkfilm i heile ditt liv, så la det bli denne. Eit sant meisterverk for oss skrekkfans.

Terningkast

Relatert bilde

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar