lørdag 9. september 2017

"Full krangel om parkering"

Ja, det var overskrifta og førstesida i Sogn Avis torsdag 7.9.2017.

Førstesida får følgje av eit tosiders innlegg på side fire og fem inne i avisa, der vi forutan synspunktet til bussjåførane også får rektor v/Gaupne skule sitt syn på saka.

Rektoren har også bedt bygdefolket om å engasjere seg ein smule, og da får vi prøve å bidra litt.

Sjåførane trives openbart godt på Pyramiden, og det er jo ikkje rart. Det er kort veg til bussane som står parkert utanfor (som da er heile problemstillinga, når dei skal parkere og manøvrere seg i dette området), samstundes som det er kort veg til våre daglege servicefunksjonar. Sjåførane har hatt tilhald på Pyramiden i over 30 år.

Motpolen til sjåførane og bussane er alle skuleborna som ferdast i området. For 32 år sidan var det ikkje noko problem, for da var det ikkje nokon skule her i det heile teke.
Det er først sidan den nye bussholdeplassen vart etablert for nokre år sidan at borna byrja gå om Pyramiden for å komme seg bort på skulen, som vel kom her lenge etter at Pyramiden vart bygd. Før i tida var skulen som kjent på ein heilt annan kant av bygda, og bussane var aldri forbi der.

Det er såleis to hensyn å ta:
1) Parkeringa og sjåførane som skal gå til/fra bussar, gjerne med pengevesker iflg. avisa. Kor mykje kontantar det er nå til dags veit eg ingenting om, men det vert vel mindre og mindre får ein tru.

2) Borna som går til/fra skulen.

Det burde være eit enkelt val.
Det at bussjåførane må flytte fra pauserommet på Pyramiden er kanskje ikkje det mest naudsynte, og ein kan forstå at dei ikkje vil ned i den gamle brannstasjonen. Dog; ein må rekne med ei viss oppgradering der nede, hvis det skal bli aktuelt. Slik som dette bygget står i dag, er det neppe værande for folk eller fe. Spør du meg, så kunne dei godt ha jevna heile bygget med jorda.

Det er bussane og køyringa som er voldar fare for skuleborna, og som rektor så heilt korrekt seier: "Born er born".
Folk går den kortaste vegen, uansett.

Så det kan ikkje bli noko anna løysing: Bussane må parkere ein annan stad. Om dette vert på nedsida av fylkesvegen, eller noko annan stad i bygda får bli opp til kommunen og Tide å bli einige om. Slik som det er no, med store bussar og mange små born som surrar innimellom, så er det vel berre eit spørsmål om tid før ulukka er ute. Og dessutan: Korleis ville det vore for den stakkars sjåføren dersom han skulle være så uheldig å køyre ned eit skulebarn?

Hensynet til sjåførane og kor dei skal parkere bussane må faktisk vike.


Ein annan ting er at heile sentrumsområdet hadde hatt godt av ei omregulering, med ny innkøyring fra fylkesvegen, "snuing" av kooperasjonen o.a.
Men det er som sagt ein annan diskusjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar