søndag 27. august 2017

Topptrimmen 2017 - 2019, Gravdalstind

Da har vi vore på jubileumstur. Topptrimtur nr. 50 er vel i hamn, og det vart ein skikkeleg godbit; Gravdalstind i Jotunheimen, ein topp som kryssar den magiske 2000 metersgrensa, toppunkt heilt oppe på 2113 m.o.h.

Så høgt har eg aldri vore før, med unntak av fly og helikopter da...

La det være sagt med ein gang: Det er ein krevande tur. Det er langt å gå, og ein er er mest heile turen på minst 1400 m.o.h. Det betyr at her må ein være førebudd på vær og vind som er heilt annleis enn nede i låglandet. Dernest MÅ det nesten være finvær. Spesielt dei siste to kilometrane opp fra dalføret og til toppunkt er prega av svært mykje ur og stein,og det er nesten uforsvarleg å gå her når det er vått.


Vi var eit følge på fem personar som parkerte ved Sognefjellshytta og la i veg laurdag 26.8.2017. Klokka var da blitt 0900 ein svært flott morgon. Vindstille og 8 grader, samt heilt skyfritt, nærast ein perfekt dag for ein slik tur, og det var jo nettopp derfor vi hadde sett oss denne høge toppen, beliggande på grensa mellom Luster og Lom.

Sognefjellshytta ligg som kjent i Lom kommune, og ein skal herfra følgje den DNT-merka stien mot Skogadalsbøen. Her er det svært mykje folk som går, og det er eit lett og fint terreng. Vi gjekk forbi fleire småvatn, slik som Tussevatnet og Bøvervatnet, som låg blikkstile denne seinsommardagen. Ikkje eit vindpust, kor ofte skjer det på 1400 meter?

Når ein kjem forbi Falkeberget og ser nedover Vetle Utladalen, så går den merka turstien over elva, og fortset på høgre side av dalføret. Når ein skal til Gravdalstind derimot, så må ein forlate den merka stien her, og forsette på skrå i retning Hillerhø. Her er det nokre elvar som skal kryssast, og dei kan by på visse utfordringar. Vi måtte vasse over på veg opp, og vatnet er ikkje akkurat varmt. Men det er grunt, så ein slepp dei verste plagene.

Når ein går bortover her, så kan det være lett å ta ut for mykje høgde, dvs. gå for langt oppe i dalsida.
Eit velmeint tips: Ta sikte på to små vatn som står markert med høgde 1438 på kartet. Ein må rett nok gå litt nedatt for å komme dit, men dersom ein velgjer å gå lenger oppe, så labbar ein i ur og røys i fleire kilometer unødig. Fra vatna på kote 1438 er det eit fint og lett terreng inn mot sjølve fjellet Gravdalstind som reiser seg nærast som ein koloss. Det ser stort og nesten uoverkommeleg ut, men det er ikkje så ille som ein kan få inntrykk av.

Innover mot foten av fjellet er det som sagt veldig fint, før det byrjar gradvis å bratte til, og ikkje minst vert det stadig meir ur og stein å forsere.
Det kan være lett å komme for nær breen ein ser til venstre, men her er det omtrent uråd å komme seg opp. Det beste er å halde ein smule til høgre på ryggen som ein ser mot horisonten. Vær obs på at når ein er komen hit, så har ein nesten ni kilometer i beina, før ein skal opp over 600 høgdemeter fordelt på tre kilometer i ur og stein, samt ei og anna snøfonn. Desse snøfennene kjem meir til nytte når ein skal nedatt.
Vi brukte nesten to timar på desse tre kilometrane. det fortel eigentleg det meste. Det fins ikkje antydning til sti, og ein må i det heile teke bruke noko tid på å finne brukbare stader å ta seg opp. Det er heller ikkje noko merking her oppe i høgfjellet, sjølv om ein hist og her kan oppdage eit og anna spor etter ein topptrimmar. Det er imidlertid langt imellom dei.

Opp mot det noko flatare toppunktet gjekk vi litt til venstre, og kryssa bl.a. ei snøfonn ganske så nær sjølve toppen, Det var greit å forsere denne, og vi slapp unna dei aller brattaste partia som ein kan havne borti dersom ein går for rett mot toppunkt.
Den samanhengande steinrøysa som vi nå hadde gått i sidan foten av fjellet gjorde ingen tegn til å ville gi seg, og heilt fram til turlaget sin boks på 2113 m.o.h. var det framleis ikkje anna enn ur og stein.

Etter godt over fem timars gange var vi omsider på toppen. På turlaget sitt topptrimkort står det "tre-fire timar" for å komme seg opp.
Eg vil svært gjerne sjå den som kjem seg opp hit fra Sognefjellshytta på tre timar. Endatil fire timar vil medføre ein svært rask topptur.
Spør du meg, så burde det stått fire-fem timar på denne krevjande turen, minst.
Eg tør påstå å ha eit visst treningsgrunnlag, men hadde aldri klart dette på under fire timar.

Vel, uansett om ein brukar tre eller seks timar; når vi var på toppen, så var det framleis strålande sol, bortimot vindstille og pene ti grader. Eg vil tru at det er ikkje mange dagar i året ein kan sitte i bar overkropp på over 2100 meter, midt i Jotunheimen og kose seg med mat, drikke og ikkje minst eit eventyrleg utsyn. Ord kan nesten ikkje skildre kor fint det var denne dagen, og vi vart sittande i tre kvarter berre for å nyte dagen, ei storslegen oppleving som eg skal hugse i mange, mange år.

Men ei bittelita åtvaring høyrer med, for på baksida av varden er det rett utover ned i Storutladalen. Dalbotnen er 900 meter lenger nede, så trø ikkje feil her!

Men utsikta da.....

Er det mogleg.....


Få topptrimmarar hadde teke turen hit så langt, sjølv om vi denne dagen var sju stk her oppe.
Før oss, hadde det berre vore 11 stk her, og dei siste hadde vore der for ein månad sidan. Men det er kanskje ikkje så rart når ein tenkjer på den dårlege sommaren som har vore.


Så, etter å ha beundra utsikta, eit bedre måltid, og klesskifte var det på tide å komme seg nedatt. Det er som sagt svært mykje ur og stein, og vi nytta dei snøfennene vi kunne for å komme oss raskt nedover.
Sidan det var tørt og fint, så var det ikkje fare for glatte steinar og greier, og det må være det komplette idioti å gå oppi her i regnvær og tåke. Da skal det være krise!

Vel nede att ved foten av fjellet var det på ny ein matpause. Det hadde nå gått åtte timar sidan vi gjekk fra bilen, og over 15 kilometers gange, og det var framleis eit heilt stykke å gå for å komme tilbake til Sognefjellshytta.
Været var framleis like flott, og vi tok samme ruta heim som da vi kom. Rett nok må ein gå ein og anna slakk motbakke, men i dette lettgåtte terrenget så var det ingen problem.
Problema melde imidlertid da vi skulle forsere  elva som hadde vokse seg litt større i løpet av dagen. Vi hadde vassa over da vi kom, men nå var det altså  meir vassføring. Vi kom oss over på eit slags vis....
Denne elva er beliggande omtrent på fylkesgrena, og med ca. fire km. att til Sognefjellshytta.
Eit tips: Ta med tørre, tjukke sokkar, og vass over med sko i handa, og med sokkane på. Småsteinane kan nemleg være kvasse og ubehaglege å gå på.

Sola gjekk stadig nedover i horisonten, men omsider, etter nesten 11 timar og over 23 kilometer vekke fra bilen var vi tilbake. Rett nok etter fleire pausar og heller roleg gange, men dette er altså ingen leiketur. Tiltross for at vi starta på over 1400 m.o.h. så vart det over 1000 høgdemeter, der brorparten av dei gjekk i grov ur og stein.
Dette er såleis ingen tur for dei som kjem rett fra sofaen.
Ein må ha eit visst grunnlag, og ein kan ikkje vente for lenge utpå hausten før ein legg i veg.  Dei som er flinke på ski kan sikkert ta dette som ein flott skitur i april/mai, men for fotturar, så må ein vente til ein klar og solrik sommardag i august.

Belønninga er som sagt eit aldeles fantastisk utsyn. Det vert FOR mange fjelltoppar å ramse opp som vi såg. Og ikkje gløym: Det å gå her i dårleg vær  er direkte uforsvarleg.


Og nå; Bilder.

Ikkje kvar dag det er slikt vær og så stille i Jotunheimen. Vi ser Fanaråken og Steindalsnosi i bakgrunnen.

Litt lenger inne i fjellheimen og Skagastølstindane dukkar opp til venstre i biletet.

Nokre fjellfolk hadde slege leir på den andre sida av eit vatn, ikkje langt fra Sognefjellshytta.

Her har vi forlengst teke av fra den merka turstien, og har akkurat gått forbi vatna som er merka med høgde 1438. Eg har prøvd å tegne inn ruta sånn nokolunde der vi gjekk. Sjølve toppunktet er der som streken sluttar.

På veg opp den siste kilometeren. Som ein ser er terrenget noko steinete. Vi gjekk opp på dei små fennene på venstre side.

Her er eg komen over den øversten snøfonna og spanderte på meg eit bilete nedover att. 

På toppen. Her er det luftig nedatt!

Men utsikta da....

Mot Smørstabbreen og Smørstabbtindane i Lom.

På veg nedatt. Ein vert liten i slikt landskap.

Vel nede att i dalføret og ved fjellfoten, tok vi ein liten rast på Costa del Jotun.

Det vart nokre steg i dag og...


Pila markerer vatna på høgde 1438. Streken viser ca. rute vi gjekk innover. Bilete er teke litt oppe i sjølve fjellsida.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar