onsdag 19. juli 2017

Topptrimmen 2017-2019, Leirbotnnosi

Vi er heldigvis i gang att.

Med Topptrimmen altså. Dette flotte tiltaket fra Luster Turlag som skal få folk ut på toppar og område som vi ellers aldri hadde funne på å traske rundt i.

10 nye fjelltoppar er plukka ut, og tradisjonen tru, så har Turlaget fortsatt med å "snu bunken" fra 30 år tilbake. No er det toppane fra 1987 - 1989 som skal til pers att, og eg vil tru at det er gjort nokre endringar i terrenget sidan den gang, da tenker eg på vegbygging og slikt.

Den første toppen eg fant aktuell var Leirbotnnosi, beliggande nord i kommunen med startpunkt Fagredalen, ein sidedal ovanfor Fåberg i Jostedalen.
Sjølvsagt kunne eg gjort det samme  som "alle" andre og starta med noko nærare, lågare og lettare tilgjengleg, men greit "å hoppe rett uti" ei litt større utfordring. Liksom for å teste seg litt. Har nemleg ikkje gått ein einaste fjelltur i år, har prioritert sykkeltreninga.

Onsdag 19.juli bar det i veg. Eg fekk med meg ein til som ville være med, og kl 0900 var det avreise.
Turen til Fagredalen er ein heil bit, og vi var ikkje framme på parkeringsplassen oppe ved det gamle tverrslaget før kl. 1000.
Parkeringa er på over 1000 m.o.h. og toppen av Leirbotnnosi er på 1615. Det var såleis ikkje så forskrekkande mange høgdemeter, og ut fra kartet rekna eg med ein distanse på mellom 7 og 8 kilometer ein veg.

På veg opp fra parkeringsplassen er det godt merka tursti fra DNT. Her kan ein nemleg gå over til Arentzbu langt oppi Mørkridsdalen.
Men dei fleste som går oppover her går nok berre til Holmevatnet og den fine hytta som er satt opp der. Det er ein mykje brukt tur for familiar, og kan anbefalast alle og einkvar. Iallfall nesten.
Stien opp til Holmevatnet er særs mykje brukt, og stien vidare til Arentzbu er langt mindre prega av slitasje.
Men det er lett å finne fram også for oss som skulle på Leirbotnnosi. Ein tek seg berre forbi Holmevatnet, og fylgjer stien til eit mindre vatn som heiter Klauvvatnet. Her vil eg anbefale å ta ein stopp for å sjekke kor ein skal gå vidare. Du skal nemleg ta av stien her. Vi tok av før Klauvvatnet, og endatil 19. juli var det no ei rekkje snøfenner som skulle forserast. Klauvvatnet ligg på ca. 1370 moh. og herfra gjekk vi opp mellom to små vatn som på kartet er sagt skal ligge på 1446 moh. Vi gjekk som sagt mellom desse to småvatna, og oppover på snøfennene.

Her gjorde vi ein liten feil, og den kan være grei å være klar over: Det er veldig fort gjort å dreie for langt til høgre når ein nærmar seg toppen. Det er i grunn ein naturleg måte å gå på, for da tek ein høgdemeter ganske greit.
Det er berre eit aber: Vi skal ikkje til høgre, vi må dreie svakt til venstre bak dei øverste fjellnabbane som ein ser mot horisonten. Det er faktisk ein fordel å komme opp på kanten litt til venstre for det høgaste punktet ein ser nedanfra.
Nedanfra ser det også svært ulendt ut, men dersom ein tek seg litt tid, så er det ganske så bra å gå likevel. Ein kan gå mykje meir på tørre svaberg og mose enn det ser ut til først. Så eit velmeint råd: Stopp litt her, og sjå deg ut ei god rute før du byrjar på dei brattaste bakkane.

Vi skal nå nedtatt nokre høgdemeter, for toppunktet ligg ca to km. bortover ein brei og lett farbar rygg. Varden ser ein på to kilometers avstand, og det er ikkje mogleg å gå feil. Når ein først er komen så langt da....


Denne dagen i juli var det eit aldeles strålande vær. Vindstille og god sol. Det vart så varmt at vi gjekk i kort-kort heilt til toppen. Og endatil silsveitta vi. Eller: Eg gjorde iallfall....

Det var eit veldig flott utstyn på toppen. Lodalskåpa, Tverrådalskyrkja, Tundredalskyrkja, Smørstabbtindane, Fanaraaken, Skagastølstindane, Dyrhaugstind, Ringstind, Austabotntindane.....

Eit av dei klaraste og flottaste utsyn eg har hatt på ein topptrimtur. Årsaka var det klare lufta, fri for støv, dis og pollen. Makelaust.


Etter eit kjapt måltid, med tilhøyrande fotosession, klypping i kort og skriving i bok, så var det på tide å komme seg heimatt. Den vesle omvegen vi hadde tatt gjorde at vegen opp vart 8,7 km. Vi gjekk ein litt anna veg nedatt som følge av dette, og kunne sjølvsagt basere oss på fotspor i snøen fra før på dagen.
Eg kan ellers skyte inn av vi var nr. 7 og 8 som skreiv oss inn i boka. Ikkje mange som har vore der oppe enda altså...

Vegen nedatt gjekk eigentleg veldig greit. Vi traff tre andre grupper som var på tur. Den første var på veg til Arentzbu, dei andre, som vi traff nede ved Holmevatnet skulle opp på samme topp som oss, medan dei siste antaglegvis var på veg nedatt fra ein tur til hytta ved Holmevatnet.

Vel nede att til bilen kunne vi konstatere at heile turen hadde vore på 16,9 km. Dvs. vi gjekk 8,2 km. for å komme "heim".
Strava sa eg hadde gått 758 høgdemeter, og det høyres eigentleg rimeleg ut.
Det som derimot ikkje høyres rimeleg ut er "moving time", som var på berre 3:41:01.
Rett nok stoppa vi tildels lenge og vel for å prate med folk, samt ein del småpausar for å korrigere kurs og drikke, men det høyres veldig fort ut.
Totalt brukte vi nesten sju timar fra vi gjekk fra bilen til vi var nede att, men det var altså med ALLE stopp og pausar. Og dei var det heller mange av, noko som sikkert var smart, med tanke på at det var ukjent terreng og første turen.

Konklusjon: Leirbotnnosi er ein litt lengre tur, men går i eit ganske lett og godt terreng, iallfall i store deler av turen. Noko tid må påreknast i å lokalisere ei god rute når ein tek av fra den merka turstien, men det bør ein unne seg. Her oppi fins det ikkje snev av mobildekning, så ein skal helst ikkje utsette seg for farer eller uhell.
Utsynet var veldig bra, og som med alle andre toppturar, så er det nesten inga vits i å reise opp hit i dårleg vær. Sjølve opplevinga vil da gå i vasken, og da ein skal gå på mykje stein og svaberg som jo vert glatte i regnet.... så eit råd er: Gå¨til Leirbotnnosi i godvær, og i god sikt.

PS: Kvifor ikkje ta ein stopp på Holmevasshytta? Nøkkel kan lånast på hotellet i Jostedalen.

God tur!!


Bilder:

Det er ikkje lange somrane på Holmevatnet. 19. juli ligg det framleis godt med is på vatnet. Stien til Arentzbu og Leirbotnnosi går langs venstre sida av vatnet sett herfra.


Der er toppen! Bort dit er det i underkant av to kilometer, men det er da forholdsvis greit å gå.

Ein kan sjå langt på slike dagar....

Her ser vi over mot Leirbotnbreen.

Lodalskåpa er langt der borte....

 Ned mot Martedalsvatnet, og den markerte toppen i bakgrunnen er vel Tverrådalskyrkja hvis eg ikkje tek heilt feil.
Flotte utsyn....



Her er vi komne nedatt, og ser tilbake på der vi gjekk feil. Det er altså veldig lett å halde for langt til høgre oppover på den fjernaste snøfonna, men altså: Fortsett rett fram, adskillig lengre nede enn ein trur. Den blå pila er ein anbefalt stad å komme opp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar