søndag 23. juli 2017

Topptrimmen 2017 - 2019, Kaldrasane

22. juli 2017 var det på tide med ein ny topptrimtur.
Den tredje på fire dagar, etter Leirbotnnosi på onsdag og Solvornsnipa i går.
Da burde eg kanskje ha skreve om Solvornsnipa først?

Men der hadde det alt vore 168 personar og skreve seg inn i boka, så da blir liksom litt av hensikta vekke.
Får sjå om eg gidd å skrive om den turen ved eit seinare høve.

Men på Kaldrasane hadde det ikkje vore mange skulle det vise seg. Der var vi nr. 7,8 og 9 som skreiv oss inn. Før den tid hadde vi imidlertid vore på farten i fleire timar.

Kaldrasane er som namnet kanskje fortel ikkje ein einskild topp, men eit større fjellområde, med tre markerte høgder angitt på kartet. Ingen av dei tre er imidlertid spesielt markerte i terrenget, og berre to av dei har angitt høgde. Det er også heller flatt mellom dei tre høgdene, og la det være sagt først som sist:
POSTEN ER PLASSERT PÅ PUNKTET MED HØGDE 1499 M.O.H. PÅ KARTET!!!
DU SKAL IKKJE GÅ TIL PUNKTET SOM HAR ANGITT HØGDE 1507 M.O.H.

Her har faktisk Luster Turlag begått ein aldri så liten bommert, og det er nesten verdt å nemne, da det er sjeldan slike ting skjer :-) På klippekortet vi har kjøpt står det nemleg oppgitt at toppen er på 1507 m.o.h.
Så: For å spare andre for ein omveg, slik som vi fekk: Gå rett mot den store varden på 1499. På 1507 er det nemleg ingenting som minner om topptrimpost, ikkje ein gang ein varde.

Posten er altså plassert på punktet 1499 m.o.h. og her er det ein stor og lett synleg varde som ein kan sjå på fleire kilometers avstand, iallfall hvis ein kjem fra Vigdalen, som vi gjorde.

Litt om vår rute: Start på parkeringsplassen øverst i Vigdalen, bompengar kr. 30,- kun cash. (Vipps???)
Dersom ein er gjerrigknark og ikkje vil betale dei 30,- kronene, så kan ein jaggu berre gå fra enden av den kommunale vegen for min del.
Det er merka DNT-sti heilt fra parkeingsplassen på Vårstølen, og vi skal gå ruta mot Fast. Det er heller lett terreng å gå i, litt stigning er det, men da vi startar heilt oppe på 660 m.o.h. så vert det altså heller moderat.
Ein må berre gå og gå i fleire kilometer etter denne merka stien, og på vegen får ein med seg flott natur.

Etter over 9 kilometer (dette er ein skikkeleg langtur altså), så kom vi til eit fint lite vatn som heiter Hamardalsvatnet på 1136 m.o.h.. Iflg. turlagskortet, så kan det være mogleg å gå opp her, og terrenget på andre sida av elva såg heilt greit ut. Det var ikkje noko naturleg stad å krysse elva, så vi måtte pent ta av oss skoa, og vasse over. Vatnet var heilt ubeskrivleg kaldt, men det nådde ikkje opp til knea ein gang, og eg gjekk over på eit halvt minutt. Kryssingspunkt var ikkje så langt fra utløpet til vatnet.
Alternativet til å krysse elva, er å fortsette innover dalen mot Fast, men det må være mykje mindre snø før dette kan bli aktuelt. Stien er gøymd mange stader, og ein må krysse fleire snøbruer som neppe tåler alt av vekt. Dessutan vil dette bli ein omveg på fleire kilometer. Turen er da lang nok som den er. Spør du meg, så hadde eg vassa over gladeleg ein gang til framfor å gå tre-fire kilometer ekstra.

På andre sida er det nå slutt på merkinga, og her må ein følgje kartet eller GPS`en. Vi gjekk litt attover mot ein liten topp som heiter Kongsdalsnosi. Deretter runda vi gradvis mot venstre att til vi kom opp på ein brei fjellrygg som førde oss opp mot toppen. Det var framleis greit å gå, men det låg att mengder med snø i fjellet, og vi måtte gå over ei rekkje fenner oppover.

Langt borte mot høgre i horisonten dukka så den før omtala varden opp, men vi gjekk rett mot det angitt toppunktet på 1507 m.o.h. Det skulle da vise seg å bli ein unødvendig omveg.
Ikkje noko stort problem, for det var lett å gå bort til varden, men kan ein sleppe å gå 700 meter ekstra, så gjer ein jo det....
Strava viste nemleg 14 km. opp til varden, og 13,3 fra varden og nedatt til bilen.

Det er etter mitt syn heilt rett plassering av turposten. Punktet 1499 har flott utsikt,  langt bedre enn på 1507, og har da også ein svært stor og markert varde, som Stevie Wonder og Ray Charles kunne funne.
Utsynet fra toppen denne dagen var makelaust flott. Sola steikte, det var mest vindstille, berre ein liten trekk endatil oppe på 1500 meter. Verkeleg ein flott stad!
Aberet er sjølvsagt at det er så innihelsike langt....

Etter mat og drikke var det til å komme seg heim att.
Det vart langt ja....
Nesten fem timar opp, og dryge fire timar nedatt.
Turlaget har oppgitt fire timar opp, men da kan ikkje vedkommande ha gått fra Vigdalen iallfall. Vi gjekk ikkje spesielt seint, og somla heller ikkje med matpausar og slike sivile uvanar. Rett nok hadde vi drikkepausar her og der i kokvarmen, men ikkje meir enn nokre få minuttar totalt.
Eg meiner at fem timar fra Vigdalen og opp etter vår rute, er eit meir rett tidsanslag for den jamne turgåar.

Det er lett å finne fram. Store deler av turen går som nemnt på merka tursti, og ein får da også rimeleg fort auge på varden når ein er komen opp på ryggen. Da har ein anslagsvis tre km. att å gå før ein er framme.

Som ein forstår: Dette er ein svært lang topptur. Totalt brukte vi over ni og ein halv time, det inkluderer alle stopp. Ein solid pause på toppen, men likevel altså ein av dei lengre toppturane eg har vore på. Belønninga er fint terreng, og flott utsyn.

Til slutt berre minner eg om:

GÅ TIL PUNKTET 1499 M.O.H. PÅ KARTET!!!

Bilder:

Innover Vigdalen er det svært naturskjønt, og dei små tersklane i elva lagar flotte vatnspeglar innover i dalføret.

Elvekryssing pågår! Som ein ser var vi rett nedanfor utløpet til Hamardalsvatnet. Her var det eigentleg lett å krysse, men som sagt: Vatnet var grisekaldt.

Og temperaturen på vatnet forstår ein kanskje bedre når ein ser all snøen og isen som ligg og smeltar nedi...

Etterkvart som ein kjem opp på ryggen, så dukkar det opp mange kjente fjell.

Dessverre har eg ingen bilder av varden på laaang avstand. Men stol på meg: Denne ser du.

Utsyn fra toppunkt. Det er Ofsarvatnet vi ser nedanfor.

Flott ja!!

Og sanneleg vart det nokre steg ja....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar