torsdag 23. mars 2017

"Skjønnheten og udyret" - Filmomtale

Til neste gang: Sjekk ut om filmen du skal sjå på kino er ein musikal, også kjent som verdas verste filmsjanger.



Fredag 17.3.2017 hadde nyversjonen av Disney`s "Skjønnheten og Udyret" verdspremiere, og dagen etterpå fikk vi tak i billettar. Rett nok til versjonen i 2D og med norsk tale, men dette kunne vel bli grei underholdning på ein laurdag?

Vel, eg forstod fort tegninga da Hermine fra Harry Potter, ellers kjent som Emma Watson, etter berre nokre sekund byrja å synge. Solosangen utvikla seg til ein allsang med stadig fleire innbyggarar fra den vesle landsbyen der Hermine no hadde busatt seg. Eller, heretter kallar vi Hermine for Belle, som er namnet hennar i denne nyinnspelinga av Disney sin tegnefilmversjon fra 1991.

Filmen er laust basert på den originale forteljinga heilt tilbake fra 1700-talets Frankrike, men det er visstnok funne enda eldre variantar av denne klassiske historia om den vakre ungjenta og den forheksa prinsen.

Plot:
Ein eigenrådig og småarrogant adelsmann har ein stor fest på slottet sitt, der han kan omtrent velgje og vrake i unge og vakre damer. Inn på slottet forvillar det seg ei sliten og forkommen gamal dame. Adelsmannen vil ikkje ta imot denne høgst uinviterte gjesten, og da lyser ho ei forbanning over han. For den gamle dama er forsynemeg ei heks. Ikkje nok med at ho gjer adelsmannen om til eit udyr, iform av forvokste hjørnetenner, ekstra kroppsbehåring og geitebukkhorn, men ho får alle gjestene på slottet til å gløyme kva dei har vore med på. Dessutan vert slottet liggande i ein slags evig vinter, ala Narnia.

Ei tid etterpå (men i neste scene) hoppar vi så over til Hermine/Belle. Ho er ein vitebegjærlig sjel i ein småkjedeleg landsby, med ein far som lagar fine små figurar til å selge i byen. Faren, Kevin Kline i si beste rolle sidan "A fish called Wanda", må til byen, men kjem på villspor i skogen, og havnar i udyrets slott. Derfra tek han ei rose, som var det einaste Belle ville ha til gåve.
Det å naske ei rose vert ikkje sett på med blide auge av udyret, og han sperrar faren inne. Belle, den tapre, reddar han ut, og tek hans plass. Samstundes vert ho dømt til å være i udyrets fangenskap for laaaang tid framover.
I mellomtida har Gaston, ein arrogant offiser og Belle sin langtfra anonyme beilar også meldt sin ankomst, og han vil sjølvsagt hente sin utkåra tilbake fra udyret sitt fangenskap.

Det er vel neppe noko stor overrasking at forteljinga har ein lukkeleg utgang.

I denne nye versjonen, (Skjønnheten og udyret er filmatisert ei rekkje ganger) er det ikkje spart på noko. Effektane er storslagne, filmteknisk er dette ein draum. Skodespelarane er akkurat såpass karikert som dei skal være i ein musikal basert på eit trehundre år gamalt eventyr.
Det er forøvrig gjort eit nummer av eit par figurar vert framstilt homofile, for første gang i Disney si mangeårige filmhistorie. Det er faktisk to menn som dansar i lag, heilt på slutten, i minst to sekundar!!

Big Deal.

Den einaste som liksom ikkje passar heilt inn er utruleg nok hovedpersonen Belle. Av ein eller annan grunn likte eg Emma Watson adskillig bedre i "This is the end", der ho spelte seg sjølv, og sa "fuck".
Watson verkar på ein eller annan uforklarleg måte å være klar for langt større oppgåver enn å være med i eventyr og trollmannsfilmar nå. Men, med tanke på at filmen har kosta over ein milliard å lage, og ein pen slump har vel havna i den unge dama sine lommer, så lever ho sikkert godt med det.

Filmen er storslagen til dei grader, akkurat passe skummel i byrjinga, og har altså ein happy ending.

Men det er ein musikal.

Eg kan ikkje utstå musikalar. Det er ein grusom filmsjanger. Russisk krigsfilm og finsk skrekk framstår som genialt i høve til dette.
Skjønnheten og Udyret er eit megaflott meiningslaust eventyrdrama der effektar fortjener terningkast seks, medan sang og musikk er ein soleklar einar.
Dei to timane filmen varte framstod som det verste eg har sett på kino sidan Hunger Games: Mockinbird , part I,  og eg berre tenkte at nå må vel dette snart ta slutt. Men det gjorde det jo aldri verka det som.

Som sagt, strålande effektar og ditto grusom sang gjorde dette til ein kinotur med høge toppar og (svært) djupe dalar.
Filmen har spela inn lassevis med kroner dei første dagane, vi snakkar om milliardar av kroner her, berre på den første knappe veka. Det blir sikkert ein megasuksess i kroner og øre.

Høgdepunkt:  Hmmm. den var vanskeleg... går for scena der homsane dansar i dei før omtala to sekunda.
Lavmål: Hermine som kjem ut på trappa og byrjar synge altfor tidleg i filmen.

Ei høgst delt filmoppleveing, men hovedinntrkket vert dessverre ein
Bilderesultat for terningkast 2

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar