mandag 13. mars 2017

"Kong: Skull Island" - Filmomtale

Digre aper på stereoidar.
Gorillaen som får den originale King Kong til å sjå ut som ein pusekatt.

Ja, slik kan filmen Kong: Skull Island skildrast med to korte setningar.

Kong Skull Island poster.jpg


Den ganske så nye filmen i serien om digre aper som slenger helikopter og fly rundt omkring, hadde Norgespremiere nå fredag, og BOY! jammen fekk vi tak i billettar!
Ikkje akkurat den mest sannsynlege handlinga, men ein reboot av King Kong serien er grei underholdning på ein fredagskveld.

Plot:
Etter ein kort prolog fra 2. verdskrig, vert vi fort inneforstått med at på ei skjult øy i Sør-Stillehavet er det nokre forunderlege skapningar, forunderlege i betydninga "Store". Med stor S.
Vi vert deretter forflytta til 1973, av ein eller annan grunn, og heldigvis eit par år før den første nyinnspelinga av King Kong med Jessica Lange i hovedrolla. Ein grusom film som for all del må unngåast.
Uansett: Eit par forskarar, spela av ingen ringare enn John Goodman og Corey Hawkins (sist sett flyktande fra zombiar i The Walking Dead) får med seg nokre Vietnamsoldatar til den skjulte øya Skull Island. Under skalkeskjul av å drive geologiske undersøkingar får dei sleppe ned sprengstoff fra helikopter, ispedd tidsriktig 1973-aktig  musikk. Minna om ein kjent scene fra Apokalypse Nå forresten, kanskje det var meininga?
Dei "geologiske undersøkingane" vert snart forhindra av ei monsterape deluxe, og antaglegvis den Svært Store og Sinte Broren til den originale 12-meter høga apa fra 1933 versjonen.

Som vanleg i slike filmar er dei militære ganske så dumme, og skal løyse alt med makt ogt våpen, medan dei sivilie, spesielt dei kvinnelege pasifistane, er heltemodige og smarte.

Det er neppe noko BOMBE at turen over øya går mildt sagt dårleg, og milevis etter planen. Og det er heller ikkje noko BOMBE (som det jo er ein del av i denne filmen) at det befinn seg andre skumlingar på denne avsidesliggande øya. Ikkje berre er det nokre tause innfødde, men også andre forvokste dyr, spesielt ein langbeina edderkopp er god underholdning.

Etter mannefall i mengder, så er kanskje ikkje spenninga så stor om våre smarte heltar og heltinner kjem seg velberga over øya?
Vi kan vel sei så mykje at akkurat dei som ein forvente skulle komme seg over, ja dei klarte det. Inga BOMBE der altså.

Det som kanskje var ei BOMBE var at sjefstulling og Vietnamoberst Packard (Samuel L. Jackson) var så korka som han var i denne filmen. OK, det er eit eventyr og monsterdrama, men ingen er SÅÅÅÅ dumme som denne obersten.
Til gjengjeld gir ein stranda soldat fra WWII, spela av John C. Riley, eit overaskande godt inntrykk. Riley spelar helst elendige roller, men her framstår han jo nesten som eit geni i høve oberst Jackson, eller Packard var det vel.

I andre viktige roller finn vi Tom Hiddleston som engelsk supersoldat i sivil, og pasifist og krigsfotograf Mason Weaver vert trylla fram av Brie Larson. Weaver er passande nok iført ein ettersittande singlet gjennom stort sett heile filmen, og stadfester dermed den gamle myta om at einkvar film er forplikta til å ha med seg eit meir eller mindre barmfagert blikkfang. Kjedeleg.


Men ei grei rolleliste til tross: I Kong: Skull Island er det effektar og digre monster som er hovedrolleinnehavarane. Det ser nesten heilt ekte ut, iallfall fram til nokre slimete dyr kjem opp fra jorda, dei såg ikkje så veeeldig sannsynlege ut akkurat, og spesielt ein langbeina edderkopp er morsom. Apa sjølv er som nevnt på stereoidar i ukjent potens, og er mange ganger større enn Peter Jackson sitt kosedyr fra 2005.

Filmen varer i ein time og femti minuttar, og er grei underholdning ein marskveld. Ikkje noko som eg gidd å sjå mange ganger, men ein heilt grei kinotur som kan anbefalast dersom ein koplar ut hjerna totalt.

Høgdepunkt: Kong som røskar ut innmaten av eit slags slimmonster fra helvete.
Lavmål: OK, eg likar fine damer i ettersittande singlets, men etter å ha sett ca. 100 filmar med akkurat det samme, så er det faktisk litt forutsigbart og kjedeleg. Dessutan: Brukte verkeleg damene BH i 1973???

Alt i alt: Ein grei filmkveld med stor gorilla som fortjener ein



Bilderesultat for terningkast fire

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar