onsdag 7. september 2016

Topptrimmen 2014 - 2016, ei oppsummering

Alle dei ti toppane er unnagjort, og det er på tide å komme med ei slags oppsummering. Det har vore lette turar, kronglete turar og lange turar.

Luster turlag har, som vanleg, truffe blink også med denne utgåva av topptrimmen. Dette er eit veldig flott tiltak som får oss vanlege fjellfolk til å komme oss på plassar vi aldri hadde gidda å gå ellers.
Det er det viktigaste.

Dernest er det fint å komme seg til deler av kommunen der vi er lite kjent. Toppane er spreidd godt utover, og utfordringane med å komme seg til dei ulike måla er mildt sagt variabel.
I denne utgåva hadde vi t.d. Spefjell, ein grensetopp mot Sogndal, som eg tok ein september ettermiddag da eg var ferdig på jobb. Det var ein lett tilgjengleg topp i praktfullt og varmt haustvær.
Kontrasten kunne knapt ha vore større da vi var på Steinsdalsnosi i Jotunheimen nå i sommar. Min tur nr. to opp der forresten. Steindalsnosi, på over 2000 m.o.h. gav oss skodde, sterk vind og snø på toppen. Der var det berre om å gjere å klippe kortet, og komme seg ned att fort som f.

Ein annan kontrast var også turen til Tundredalskyrkja, heilt i nord mot Skjåk. Etter å ha gått ei rekkje turar åleine, så var vi da eit heilt følge på 11 personar som brukte over 12 timar gange, samt fire timar køyring på det som antaglegvis er den lengste av alle topptrimturar EVER.

Kva var den finaste turen?
Utsiktsmessig var det Nordre Dyrhaugstind i fjor. Det er enda ein pluss 2000-meters topp, og da eg var der 14. august 2015, på ettermiddagen, så var det eit praktfullt vær. Sol,nesten vindstille,varmt.... dvs. den perfekte Topptur.
Sosialt var Tundredalskyrkja ein flott tur, med eit såpass stort følge, med vidt forskjellig kvalitetar.
Og så fekk vi den fine turen! Langt, nesten 30 km, men ein god tone og hyggeleg selskap gjorde det veldig minneverdig.

Kva vart den verste turen?
Tussen. Utan tvil. Etter ein snørik vinter, og elendig vår og sommar vart det min første topptur i fjor sommar. Det viste seg å være for tidleg på året, sjølv om det var 11. juli og Tussen ligg berre dryge 1200 moh.
Det var ein megatabbe å starte fra Fortun, med bekkar store som elvar, som var umogleg å komme seg over. Det medførte store og særs kronglete omvegar på veg opp, og dei siste metrane for å komme seg opp på platået var berre ei stor ur beståande av digre steinar. Det gjorde at eg torde ikkje gå nedatt samme veg, og måtte ta den vesentleg lengre turen ned til Heltne. Dessutan vart det store kneproblem, har aldri hatt så vondt på ein fjelltur før.
Når vi i tillegg tek med at eg gjekk ein smule feil, mykje snø att i fjellet, samt vatn som rant overalt....
Ja, da har vi den verste topptur eg noken gang har gått. Og når eg tenkjer etter så har eg nå gått 30 toppar, og 14 av dei er gått to ganger, dvs. totalt 45 turar. Det byrjar å ligne noko....

Neste utgåve av topptrimmen er forlengst planlagt. Dersom Luster Turlag held fram på samme måte, med å "snu bunken" fra forrige utgåve, så kan vi forvente oss ti nye toppar spreidd utover kommunen, i høgst varierande utfordringsgrad.
Personleg har eg alt byrja å gruglede meg til Tuftanovi mellom Anestølen i Sogndal og Eldedalen på Veitastrondi, samt til Gravdalstind langt inni Jotunheimen.
Ein ting er iallfall sikkert: Desse to toppane skal takast så fort som råd er.  Det skal ikkje bli noko av å vente til siste sommaren med å ta dei lengste turane igjen, slik som det vart med Eggjene og Tundredalskyrkja i år.

Eg ser også fram til Lioksli over Mjølvergrendi, det må være ein flott utsiktstopp, medan Bjørkanosi i Fortun ser ut til å bli ein tøffing i eit terreng som eg ikkje er så begeistra for; bratt skog.
Av "kortare turar", dvs. ettermiddagsturar, må ein klare å¨ta Solvornsnipa, Rånøyseggi og Tausasva ganske så greit.
Og vi har sjølvsagt ein langtur i vente når vi skal på Kaldrasane... det vert vel opp mot 25 km. gange det og. Nokre timar kjem vi også til å bruke på Leirbotnnosi, langt nord i kommunen, med avreise fra Fagredalen.

Åjo. Det skal bli mange fine turar dei tre neste åra også.

Her er dei, så sant Luster Turlag held seg til tradisjonen med å "snu bunken":

1: Gravdalstind, 2113 moh. Denne ligg langt borti Jotunheimen. Det er ein grensetopp mot Lom, og skal eg tippe, så vil eg tru at det er mogleg å komme seg hit både sommar og vinter, iallfall utfra diverse googlesøk. Startpunkt vil eg tru blir fra anten Leirvassbu eller Sognefjellshytta. Det får tida vise, saman med gode tips fra folk som har vore der før. Langt å gå, og langt å køyre for å komme dit ein skal gå ifra.
2: Tuftanovi, 1643 moh. Beliggande mellom Eldedalen på Veitastrondi og Anestølen i Sogndalsdalen. Eit tips eg fekk var å ta det som ein rundtur, t.d starte på Anestølen og gå ned att i Eldedalen. Fleste høgdemeter fra Strondi, flest steg fra Anestølen.Vert ein skikkeleg godbit, som kan ta oss forbi den einaste tinden i Sogndal kommune, Tverrdalstind. (Grensetopp mot Luster). Vert maaange steg her....
3: Leirbotnnosi, 1615 moh. Langt nord i kommunen. Startpunkt Fagredalen. Ser ut som ein grei og fin tur, men det nærmar seg nok to mil gange her også. Mykje merka sti.
4: Gruvefjellet, 1520 moh. Beliggande på Sørsida, grensetopp mellom Luster og Årdal. Dette er ein topp som vert vesentleg lettare å nå dersom ein går heile turen i Årdal, nærare bestmt fra eit startpunkt på fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø. Noko ala Eggjene nå kanskje, men må være ein del kortare. Historisk interesse, da det jo var gruvedrift her i høgfjella for nokre hundre år sidan. Neppe nokon dans på roser, å være gruvearbeidar altså. Fjellturen ser adskillig lettare ut.
5: Kaldrasane, 1507 moh. Gjer klar til denne utgåvas lengste tur, målt i antal steg. Ein topp beliggande mellom Dalsdalen, Vigdalen og Mørkridsdalen. Sikkert kortast å gå fra Dalsdalen, (Kolstad) men kartet fortel at det ikkje er merka stiar derfra. Fra Mørkridsdalen går også fint, men da får ein alvorleg mange høgdemeter, og ikkje minst ein bratt tur nedatt med støle bein. Vert vel Vigdalen for min del, som blir langt å gå, men det er iallfall mykje merka sti, samt adskillig færre høgdemeter. Laaaangt vert det imidlertid.
6: Liokskli, 1460 moh. Trur dette vert ein fin utsiktstur, der vi kan sjå nedatt Jostedalen, samt over til Fagredalen og Nigardsbreen. Ikkje så langt å gå, men ganske så bratt, med startpunkt fra Mjølvergrendi eller Norheim. Alle andre stader å starte ser ut til være umogleg for vanlege folk.
7: Rånøyeggi, 1359 moh. Endeleg ein topp i nabolaget! Ein biltur opp mot Røneidsstølen, og litt rusling i skogen før vi kjem over tregrensa, og vi bør være der ganske så greit. Tippar flott utsyn nedatt på Veitastrondsvatnet.
8: Bjørkanosi, 1231 moh. Beliggande over Bjørk i Fortunsdalen, og altså IKKJE den Bjørkanosi som dei syng om i Jostedalen. 1231 meter er ikkje høgt, men dette blir ein ulv i sauedrakt. Startpunkt på Bjørk (!) i Fortunsdalen 50 moh, sti (iflg. kartet) opp til nokre stølar, før ein må ta dei siste parhundre høgdemetrane bort til toppunktet. Andre startpunkt synes uaktuelle. Ser svært bratt ut, omtrent heile vegen, men heldigvis ikkje så langt. Synes alt synd på knea mine.
9: Solvornnipa, 1031 moh. Utvilsomt ein av dei greiare toppane å nå, grensar mot Sogndal, men sikkert best å gå fra Solvornsgalden. Da får vi ein del bratte meter å gå, men ikkje så ille som på Bjørkanosi, og i eit lettare og mykje meir brukt turterreng. Sikkert kjempeutsikt nedatt mot Lustrafjorden og Barsnesfjorden!! Typisk ettermiddagstur ein fin sommardag.
10: Tausasva. 928 moh. Kanskje ikkje så høgt, men når ein skal starte ikkje så veldig langt over fjordnivå på Ornes, så vert det straks litt å forsere likevel. (Hvis vi ikkje snik oss til å parkere ved stavkyrkja ein haustdag da) På kartet er det tegna inn ein slags traktorveg, før det går over i ein bratt sti i ca. 500 høgdemeter. Antaglegvis ein fin utsiktstopp, som altfor få har vore på.


Men medan vi ventar på snøen som kjem, samt dei ti neste toppane og tre somrane som vi kan rusle i fine fjell, så kan vi mimre over dei toppane vi HAR vore på!

Her er dei.

Tundredalskyrkja

Steindalsnosi

Eggjene

Nordre Dyrhaugstind

Solsetnosi

Dugurdskulen

Spefjell

Tussen

Fivlenosi

Skoganipa


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar