onsdag 21. september 2016

Å sykle opp Indre Hafslo

For moro skuld laga vi til eit høgst uoffisielt klubbmeisterskap i år også. I fjor sykla vi opp Engadalsvegen, men det avgrensa bruksområdet ein smule. Dessutan er det ganske bratt, så i år fant vi ei ny rute: Opp gamlevegen på Indre Hafslo.
For den som mot formodning ikkje har sykla opp Indre Hafslo før: Det er verst i starten. Spesielt fra gamle Livdtun skule og opp til ein kjem forbi ungdomshuset. Der flatar det ein smule ut, før det stig heile strekka opp til Lambhaug. Ingen pause med flate parti her, kun jamnt oppover i nesten ein kilometer, ca. 5-6% stigning heile vegen.

Etter at vegen vart lagt om på slutten av 1980-talet er det lite trafikk på denne vegstrekninga. Dessutan er det nedsatt fartsgrense, og dei få bilane som kjem forbi, køyrer stort sett såpass roleg at det ikkje byr på problem.
Vegdekket er kanskje ikkje heilt stovegolv, men med såpass lite bilbruk, så er det meir enn godt nok.


Vi valde å nytte Stravasegmentet "Lambhaug Climb (riktig høgde)" som rute for årets uoffisielle klubbmeisterskap. Segmentet går fra der 60-sona nede på Tangaflata byrjar, og opp til Lambhaug, nærare bestemt til lysstolpen rett før avkøyringane, sjå bilder lenger nede i posten.
Strekninga er 2,7 km. og stig 151 høgdemeter, det gir eit snitt på 6%, og er klassifisert som ein kategori 4 stigning. Så da veit vi kva dei lettaste stigningane er når vi ser på sykkel på TV.

Det å køyre tempo, chrono eller enkeltstart (kjært barn osv.) er beintøft i seg sjølv, men ein bakketempo i tillegg er ekstra ille.

Og det er liksom heile vitsen.

Det å ha ein konkurranse NEDOVER hadde jo vore heilt meningslaust, samt at det hadde medført ein langt større risiko. Det har opp gjennom historia vore arrangert ein og anna tempoetappe nedover, men det er svært sjeldan.

2,7 km. er ikkje langt. 6 prosent er ikkje bratt. 8-12 minuttar er ikkje lenge.
Men desse kombinert kan bli eit sant slit.

Eit temporitt skal ein ganske enkelt køyre så fort som ein klarer. Her går det ikkje an å gøyme seg bak ein rygg, eller bakerst i eit felt eller gruppe.
Her er ein åleine, og det er berre til å køyre full guffe så lenge som ein klarer, med eit mål om å disponere kreftene slik at ein kjem til mål med ei kjensle av at ein har sykla så fort ein kan. Hvis ein kjem til mål og framleis har litt att, så har ein jo misforstått totalt.

Det som er morsomt er å sjå om ein har litt framgang. Med ein smule bevisst trening, og dersom ein tek turen t.d. eit par-tre ganger i veka, så bør ein kunne forvente bedre resultat. Hvis eg brukar meg sjølv som eksempel, så brukte eg 12:56 første gang nå i haust. Sidan den gang har det gått jamnt og trutt nedover, slik at i går brukte eg 11:16, noko som er ca. to minuttar fortare enn den tidlegare persen fra juni.Det viser berre at ved litt trening og repetisjonar i samme bakke, så er det mogleg å forbedre seg.

Pr. nå, (21.9.2016) er det 15 namn på den interne haustlista. Fleire har køyrt to, tre eller gjerne fire ganger, og det har antagleg vore forbetring for dei fleste.
MEN, og det er litt viktig: Ein kan ikkje forvente at alle skal være i toppen. Vi har folk som er langt yngre, sprekare og ikkje minste lettare enn oss oldisar. Dei unge, spreke og lette skal jo sykle mykje fortare.

Heile poenget er at ein skal sykle mot seg sjølv. OK, det er sjølvsagt nokon som har konkurranseinstinktet på plass, men føresetnadane er jo vidt forskjellige med tanke på dei nemnde faktorar. Ein kan ikkje forvente at ein 60-åring på 90 kg. skal køyre like fort som ein blodtrimma 25 åring med usle 60 kg. å drasse på.

Nei, her skal vi konkurrere mot oss sjølve, og det er derfor vi har gitt frist til ut oktober. På den måten kan ein prøve fleire ganger, kanskje forbedre seg, og ein kjem seg litt ut på hausten også. Som vanleg har det dabba kraftig av etter den første helga i juli.....


Så derfor ei oppfordring:
Ta denne testen nå. Jo fleire, jo bedre. Det einaste krav er at ein skal sykle utan å ligge i rygg på ein annan. Rett nok har ein lite nytte av å ligge dragsuget i motbakkane, men det vert liksom mest ryddig på den måten. Ta med deg ein venn eller nabodamene, og ta sykkelturen fra Tang til Lambhaug. Så prøver du att om tre dagar, og så om enda tre dagar. Og gjerne ein gang til i neste veke også, etterfølgt av enda ein tur... Framgangen kjem garantert. Er det farleg å bli sist? Nei. Det er ingenting å være redd for. Som nemnt: Ein skal sykle mot seg sjølv.

Og medan det er sagt: Vi må ha med fleire damer. Pr. i dag (21.9.2016) er det ikkje ei einaste dame/kvinne/jente som har teke turen. De har vel ikkje teke turen inn i spinningsalen enda???


PS: Har planar klare for neste års klubbmeisterskap også....


Her er startpunktet.



Og når vi er komne opp her, så er vi glade over å være i mål.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar