mandag 18. juli 2016

Kyrkjene i Luster

Ein sykkelvenn kom med forslaget i vår: "Neste gang syklar vi innom alle kyrkjene i kommunen".
Det var under ein av turane rundt fjorden orda falt, og det var jo ein fantastisk god ide.
Så da var det vel berre å trille i veg? Besøke kyrkjene i kommunen kan da ikkje være sååå vanskeleg?
Det er berre eit par små problem: Luster kommune er stor i utstrekning, svært stor.
Totalt snakkar vi om eit areal på over 2700 km2, eller noko større enn Luxembourg, verdas 168. største land....
Rett nok er det meste høgfjell, bre eller fjord, men innimellom dalar og langs med Lustrafjorden er det satt opp ei rekkje gudshus i gamle dagar. Nokre av dei er faktisk veldig gamle også, skal komme attende til det.
Forutan at nokre av kyrkjene er gamle, så er det også ganske mange av dei, iallfall når ein ser på folketalet. Med ca. 5000 innbyggarar og heile 11 kyrkjer, så skulle det være gode høve til å få åndeleg føde. To av kyrkjene er eigd av Fortidsminneforeininga, medan dei øvrige må finne seg i årlege drypp fra kommunebudsjettet. Det har vore diverse oppslag i lokalmedia om tilstanden på nokre av dei gamle kyrkjebygga, og det er jo altfor gale at slike kulturminner skal nærast forfalle og nesten være farlege og opphalde seg i. Hvis eg vinn ein halv milliard i vikinglotto på onsdag fk. så skal eg med glede sponse kvar kyrkje med kvar sin million, og reknar med at kommunen gjer det samme.

(Liten sjanse for begge deler kanskje?)

Eg bestemte meg for at denne turen ville eg prøve å få gjennomført, men skippa kapellet på Veitastrondi, da det jo er eit kapell, og ikkje kyrkje. Dessutan ville det medført ein ekstra svipptur på over seks mil, langs ein veg med anleggsarbeid og greier.

Det var tidleg ein morgon da eg ville prøve på dette prosjektet. Vel, tidleg og tidleg.... klokka var 0915 da eg trilla ut fra garasjen. Tok sikte på ferja fra Solvorn kl. 1100. Ruta var såleis fastlagd, og første kyrkje var den som tilfeldigvis ligg nærast heimen, nemleg gamlekyrkja i Gaupne. Denne er ca. 365 år gamal, og eigd av fortidsminneforeininga. Den er lite i bruk, er vel kun til olsok hvis eg ikkje hugsar feil. Dog er det framleis ei og anna gravferd der, sjølv om seremonien vert helden i nyekyrkja nokre hundre meter derfra.
Vel oppe ved startpunktet nullstilte eg Strava og sykkelcomputeren, samt det obligatoriske bildet.





Neste post, eller kyrkje får eg vel sei, sidan det ikkje eksisterer postkontor lenger, var Joranger Kyrkje. Det er ikkje den kyrkja eg har vore oftast i, men har vel vore der i broderens bryllaup, samt ein dåp ein gang i tida. Denne er også bygd på 1600-talet visstnok, og er ikkje av dei største. Kyrkja ligg oppe på ein liten topp, knappe 200 m.o.h, og vegen opp kan være seig å sykle, spesielt hvis ein tek den som nestsiste, og ikkje som nr. 2 i rekkefølga. For mitt vedkommande var det kun ca. 8,5 km. etter start, så da var det heller enkelt.





No veit ikkje eg om indrebøgdingane er meir kristne enn andre i kommunen, men uansett er det nesten gangavstand til neste kyrkje, på Fet. Knappe tre kilometer er det mellom dei to gudshusa, men Fet er mykje større enn den på Jørungo, og eit par hundre år nyare, fra slutten av 1800-talet. Turen opp til Fet gikk greit, det var framleis ikkje sykla meir enn dryge 11 km. Eg har aldri satt mine bein i Fet kyrkje, og har ikkje noko ekstremt behov for å gjere det heller. Men eit fint kulturbygg er det jo.





Nå var det eit heilt stykke til neste gudshus. Tre kyrkjer besøkt på 11 km. men for å komme til den neste, på Hafslo, måtte det syklast nesten ei heil mil til.  20,5 km. viste computeren da eg stod utanfor Hafslo kyrkje, bygd i det Herrens år 1878.
Dette er ei av dei større kyrkjene i kommunen, kanskje ikkje så rart da det jo er i det mest folkerike soknet. Har aldri vore inne i denne heller, men har sykla forbi desto oftare. Det er eit fint bygg som ligg vakkert til nede ved Hafslovatnet.




Eg hadde grei tid til ferja, men før eg kom til kaien, så måtte eg forbi kommunens største kyrkje, nemleg i Solvorn, ca. sju kilometer fra kyrkja på Hafslo. Dette er den kyrkja med fleste sitteplassar i heile kommunen, noko som er smått ironisk i dag, da Solvorn er ei heller lita bygd. Fint og natursskjønt, javel, men likefullt ingen metropol. Det skal innrømmast at det nok er finaste bygda i kommunen på sommarstid. Om Solvorn kyrkje er smekkfull under preika veit eg ingenting om, men det har i det minste vore nokre populære julekonsertar der, det er da noko. Kyrkja er forøvrig bygd i 1883. 






Ferjekaien neste. Eg hadde sykla i ein time og 25 minuttar og 27 km., og hadde eit kvarter til ferja gikk. Dei verste bakkane var unnagjort, med to markerte bakkar opp til Jørongo og Heggmyrane. Nå var det den bratte kneika opp til Urnes Kyrkje som stod for tur, på andre sida av fjorden. 
Denne gamle kyrkja treng knapt nokon vidare presentasjon, men eg kan jo nemne at den er svært gamal, nøyaktig datering er litt usikkert, men ein gang på 1100-talet er sagt. Det er ei stavkyrkje, ei av dei få attværande vi har her i landet etter reformasjonen og stavkyrkja på Urnes er som kjent også på UNESCOS verdsarvliste. Det er faktisk noko å være stolt av.
Det ein ikkje treng å være stolt av er vegen opp til kyrkja. Den er bratt og smal, og har i sommar vorte noko utvida i svingane, slik at også bussar kan komme seg opp. Det finst tross alt langvegsfarande turistar som ikkje klarar å gå den bratte kilometeren opp. Det stig ca. 100 høgdemeter på den usle kilometeren fra ferjekaia, og når ein har slappa av litt på ferga, så er det eit lite sjokk å bryne seg på ein slik bakke. Men opp kom eg omsider.



Fra Urnes var det langt til neste kyrkje. Heilt inn til Fortun, ca. 35 km dit, men langs ein av mine favorittstrekningar på sykkel. Sørsida av Lustrafjorden (det burde heite "Søraustsida") er lite trafikkert, er smal og sjarmerande, og ikkje minst langt meir kuppert enn ein opplever det i bil. Det er også tre tunnellar, der den lengste er på nesten ein kilometer og den er mørk som natta. Her er det påkrevd med skikkeleg lys. Har trilla igjennom der med dårleg lys eit par ganger, lite morsomt.
Fortun kyrkje vart nådd etter 67 km. og 3 timar og 30 minuttar etter at eg drog heimefra. Også Fortun kyrkje er bygd på siste halvdel av 1800-talet. Har aldri vore inni den heller. 
Som kanskje kjent vart den gamle stavkyrkja i Fortun sendt til Bergen og attreist der som Fantoft Stavkirke, før ein eller annan liksomsatanistkødd fant ut at dette var eit passande bygg å sette fyr på.
Sjølv om eg ikkje trur på korkje gud eller djevel, så er det veldig trist at slike kulturminner går tapt. Det som er att etter den gamle stavkyrkja, er ein gravplass, som er i mildt sagt miserabel forfatning. Var oppom der ein tur også, det var ikkje noko hyggeleg syn. Antaglegvis null vedlikehald, i det minste kunne gravminna stått så nokolunde beint. Trist. Tok ikkje ein gang bilder derfra, da det ikkje ville vore særleg verdig.





Så var det utover fjorden att, til den einaste steinkyrkja "vår". (Som lustring må det være lov å sei "vår") Dale kyrkje er kanskje den mest staslege vi har i kommunen, sjølv om eg jo kun har vore inne i sju av dei 11.... Den eldgamle steinkyrkja er veldig fin, spesielt portalen får mange lovord. Dale kyrkje er heilt tilbake fra 1200-talet, og er såleis den nesteldste i kommunen. Her har eg vore fleire ganger, men aldri før har eg stoppa der etter sykkeltur, ein tur som nå hadde vart i over fire timar og 84 kilometer. Kjøpte bolle på Lustrabui, samt ein cola, for nå måtte det påfyll til. Hadde framleis snuen fram i Jostedalen att.






Etter ei velfortjent matøkt var det berre å trille vidare til neste gudshus, på Nes denne gang, knappe mila lenger ute i fjorden. Kyrkja på Nes er ein av dei som har vore omtala i lokalavisa i vår, og det er jo synd (!) at eit slikt bygg er i så dårleg forfatning. Kyrkja ligg midt i Nesbakken, for oss syklistar er det derfor litt kjipt å svinge nedom berre for å ta eit bilde av denne fint beliggande kyrkja fra 1830-talet, for så å sykle opp att den bratte kneika opp til riksvegen.
Kan ikkje hugse å ha besøkt denne så hyppig heller, men det er iallfall, ved sidan av Joranger kyrkje, den som ligg finast til i heile kommunen.




Eg hadde nå sykla nesten ti mil, mutt åleine, og byrja så smått å merke det i beina. Rett nok hadde eg sykla sakte, da eg hadde distansen i tankane. Innover Gåpnafjorden var det medvind eit stykke, men den snudde sjølvsagt når eg skulle oppover Jostedalen for å besøke kyrkja der. Fint vær og varmt, med ein tildels kraftig motvind byrja for alvor å tære på kreftene. Men det var aldri snakk om å droppe Jostedalskyrkja. Er ein på tur, så er ein på tur. Kyrkja i Jostedalen vart nådd etter ca. 125 km. og over seks timar etter at eg drog fra gamlekyrkja i Gaupne. Opp Jostedalen er det sjølvsagt slakk stigning, noko som var seigt nok i motvinden.
Var eigentleg glad til da eg kunne snu, og tenkte lite på at der har eg vore fleire ganger. Jostedal Kyrkje er nesten like gamal som gamlekyrkja her i Gaupne, men er framleis i "normal" bruk.






Det var berre til å komme seg heim att, til nyekyrkja i heimbygda. Nedover Jostedalen var det medvind, og det gikk veldig greit. Eit godt teikn på at ein omsider tåler distansane i langt større grad enn før.
Siste gudshus vart altså der eg gifta meg i 1999, og der eg også hadde mitt livs tyngste dag i august i fjor.
Gaupne kyrkje er bygd i 1907, og er såleis den nyaste i kommunen.
Det passa bra og avslutte her, i heimbygda, knappe 500 meter fra gamlekyrkja der eg starta denne sykkelturen nesten sju timar før, og knappe 15 mil var nå tilbakelagt.
Ein flott tur hadde det vore, men eg veit ikkje om eg gjer det så mange ganger til. Kanskje skulane i kommunen vert det neste? Men da vil eg få nokon til å køyre meg til Veitastondi først...








'

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar