torsdag 24. november 2016

"Fabeldyr og hvor de er å finne" - Filmomtale

På kino igjen.
Familie og eventyr ispedd litt fantasy, med ei (svært) laus tilknytning til Harry Potter universet.
(Svært) fordi det kun er bittelitte grann som henleiar tankane på megasuksessen om den unge trollmannen med brillene.

Fantastic Beasts and Where to Find Them poster.png


Først litt om handlinga:
Newt Scamander (originalnavn er alltid best) kjem til 1920-talets New York med båt fra Europa. Scamander (Eddie Redmayne, sist sett som Stephen Hawking i The Theory of everything) kjem straks i kontakt med Mary Lou som hevdar at heksar og trollmenn er farlege skapningar, ho skulle vel berre visst, dumma! Mary Lou driv ei slags kyrkje med ein litt underleg ungeflokk, der spesielt den eldste verkar litt utilpass.

For Newt har sjølvsagt trollmannsevner. Og ikkje berre det. Han har også ein plan med turen sin til USA, han er på utkikk etter enda fleire mytiske skapningar enn dei han allereie har plassert i kofferten sin.
Jepp, det er liksom  bakgrunnen for heile sirkuset som snart skal begynne, nemleg kofferten. Denne inneheld nemleg ei mengde fabelskapningar, og når eitt av dei rømmer fra kofferten, så kan ein trygt sei at forviklingane startar.

Gjennom eit New York i 1920-tals stil får vi med på alle anstrengelsane som Scamander må igjennom for å få tak i alle skapningane sine att, og jammen dukkar det opp andre trollmenn og hekser også, kven kunne vel ha gjetta det.
Endatil ein skummel av arten også, samt den obligatoriske halvtomsingen som openbart må være med i einkvar familiefilm fra Hollywood.

Det er Eddie Redmayne som ber filmen, som ein slags nerd med magiske evner. I andre roller finn vi t.d. ein veteran som Jon Voigt, samt ein lovande cameo fra Johnny Depp. Han skal vi visst få sjå adskillig meir til i dei kommande filmane....
Colin Farrell har også ein viktig rolle.

Men kjente namn til tross: Det er alle dei underlege dyra som saman med Scamander er det som betyr noko. Forfattar J.K. Rowling har utvikla Harry Potter-universet adskillig, og alle dei underlege skapningane som er med i denne filmen er imponerande godt påkomme.
Faktisk vert det litt for mykje av det gode. Flotte spesialeffektar, god lyd og 3D, det er så overveldande at ein sluttar å la seg imponere til slutt. Eit spennande plott druknar nesten i effektar, men det er likevel underholdande så det held lenge.

Filmen varer i over to timar, og det er planlagt ialt fem stk. i denne serien også.
Filmselskapet ser vel, som med Harry Potter serien, at her er det mogleg å suge ut ekstra masse cash hvis vi lagar ein film eller to ekstra.
Knytninga til Harry Potter må nemnast litt ekstra.  Den er ikkje så veldig tett akkurat. Det er sagt litt om Hogwart, muggels, samt ein referanse til ei LeMont, og ein Humlesnurr blir såvidt nemnt, men ellers så er det fraværande.
Kanskje det er like greit?


Høgdepunkt: Eit slags nebbdyrliknande vesen er glad i alle slags ting som blingar, smykke, myntar og slikt. Kult laga!
Lavmål: Eg ser ikkje vitsen med å ha med ein "gomp" som fungerer som denne filmens halvtulling. Forutsigbart.


Konklusjon:
"Fabeldyr og hvor de er å finne" duger godt som dryge to timar effektmakeri av høg klasse. Underholdning får ein til dei grader, men det er slett ingen film for dei aller minste, litt for skummel innimellom.

Terningkast:





tirsdag 25. oktober 2016

Minneverdige sykkelturar 2016

Utesesongen går dessverre mot slutten. Ein fin og mild haust kan rett nok forlenge gleda nokre dagar og gjerne veker, men det er inga veg utanom; Vinteren nærmar seg, og det betyr at tohjulingen må settast i opplag nokre månader. Slik i slutten av mars/byrjinga av april startar sykkelsesongen att.
Fem månader i opplag er for lenge, så da vert det å tåle litt ruskevær nå framover, samt hoppe inn i spinningsalen (sukk), når den tid kjem.

Utesykling om hausten er undervurdert. Det kan være mange flotte dagar til langt uti oktober, med føre, vær og temperaturar som er langt bedre enn til uti mai for den del. Det er eit pussig fenomen at hobbysyklistar skal ut så snart ein ser asfaltstriper etter vinteren, men at ein ikkje kan karre seg ut på fine haustdagar.
Typisk.

Vel, året har bydd på tre turar som har vore spesielt minneverdige.


Eg byrjar med nr. tre, Sognefjellsrittet.



Stemningsbilde, tatt av heldiggrisen som satt inne i den varme gode bilen medan vi trilla ute i det kalde regnet..



Vi var ein fin gjeng fra den lokale sykkelklubben, bortimot 10 stk var vi vel, noko som utgjer ein stor andel av dei startande i eit ritt som har fått betydleg færre deltakarar siste fem åra. Det er eit kapittel for seg korleis denne usedvanleg flotte turen har fått lågare deltakartal, men som ei trøst har iallfall storebroren, Jotunheimen Rundt, levert rekorddeltaking i år.
Startområdet var flytta i 2016, samt at det også var lagt opp til eiga rekordpulje. Eit grep som i det minste gjer sjansen for velt adskillig mindre, så det skal arrangøren ha ros for.
Men det som alle snakkar om når ein skal sykle Sognefjellsrittet er.....været.
Og i år var det verkeleg noko å snakke om. Det var å oppleve bortimot alt som fins av vær på desse breddegrader, i løpet av knappe seks timar...
Opphald og mildt på Lom, med solgløtt og greier. Oppe på Bøverkinnhalsen var det såpass kjølig og vind at det var berre å polstre seg med klede. Eit godt grep, for ned att mot Bøvertun regna det heftig, og når ein kjem i 60, så kjennes regndråpane som nåler. Kaldt var det også.
Oppe på Sognefjellet var det fem grader og plaskregn. Utruleg kaldt. Ned Sognefjellet er alltid noko for seg sjølv, men på Skjolden var det såpass mildt og fint at alle ekstraklede fra fjellet kunne leggast vekk. På den måten vart det også lagt vekk ein del kilo, for det er utruleg kor mykje vatn ein må drasse på når kleda er gjennomvåte.
God fart utover fjorden, med Stravarekord fra Luster til Høyheimsvik, før ein velt opp mot Nesbakken satte ein effektiv stopp for vidare kosting i kollosal fart utover fjorden.
Heldigvis ingen alvorleg skadar, men eg synes nå at bilen som tross alt skapte uro i gruppa vår, nok kunne tatt det litt meir med ro. Vi køyrde etter kvarandre på ein smal veg, og tok ikkje særleg plass i vegbana. Faktisk låg vi bortimot på kvitstripa. Det hadde spart oss den lite hyggelege hendinga det er å ramle på sykkel.
Turen fra Gaupne til Sogndal vart prega av eit iskaldt regnvær fra Marifjøra og opp mot Heggmyrane. Låg temperatur, og regn i bøtter, men er ein komen så langt, så får ein finne seg i ei lita skur :-)
Ein fin tur i eit svært varierande vær, det kan vel seiast å være konklusjonen. Iflg. Strava brukte vi fem timar og 19 minuttar, men Strava får ikkje med velt og matpausar, samt det å få av seg våte klede. Snittfart vart 26 km/t, i utgangspunktet akseptabel fart og tid, men vi brukte aaaaltfor lang tid på klesbyte og eting. Velt kan ein aldri gardere seg mot.
Det beste med turen var at vi fullførde saman fire stk fra samme klubb, det er alltid ekstra greit.


Tur nr. to, Kvam - Oslo
I utgangspunktet var eg ein smule skeptisk til å skulle sykle nesten 28 mil, det er ein heil bit.

Landskapet er liksom litt annleis langs Mjøsa enn når vi syklar Sognefjellsrittet...


Det viste seg å være ubegrunna frykt, for dette vart ein fin tur. Omtrent ikkje motbakkar av noko særleg omfang, og god medvind nedover Gudbrandsdalen og Mjøsa. Tek vi med at været vart berre finare og varmare jo nærmare Oslo vi kom, så forstår ein kor heldige vi var.
Ja, forresten: Vi slapp endatil å dra ein meter, iallfall ikkje før vi var komne nesten til fylkesgrensa til Oslo. Bedriftslaget til NRK (av alle) starta i samme pulje, og dei køyrde eit fast opplegg med ca. 15-20 ryttarar som bytte på å dra. Dei ville styre showet, og til tross for at vi tilbaud oss å være med på drajobben, så ville dei styre dette sjølv. Ikkje rart at dette gjekk veldig greit. 28 mil på ca ni timar gav oss ein snittfart på over 30 km/t. Det er ikkje så verst av halvgamle, halvfeite hobbytrimmarar.

Godt vakthold og ein trase som går igjennom tett befolka områder, gjorde sitt til at dette vart ei oppleving for oss som kjem fra meir grisgrendte strøk. Masse folk i tettstadene på Romerike, og god stemning over alt.
Minuset var på Toten, med nokre lokale nellikar som måtte køyre idiot, spesielt ein rutebuss var svært nær å meie ned eit felt på 30 syklistar. Da hadde han vel vore nøgd.
Kombinert med tegnestiftar i vegbana ved eit høve (som vi rett nok unngjekk), så må ein lure på kva slags problem folk har med syklistar. Er det verkeleg verdt å bevisst skade folk gjennom å risikere velt etter punktering? Og det er graverande når ein yrkessjåfør køyrer så idiot som vi opplevde. Eg kan med handa på hjartet sei at eg har aldri opplevd maken til tulling av ein yrkessjåfør, og eg har sykla i 25 år nå, og køyrer også 35000 km. i bil kvart år.
Vel, det negative var berre i ein to-tre mil, men som sagt: Ein må lure på kva som rører seg i skallen på dei aktulle personane. Synes de seriøst at det er morsomt å legge pappstiftar i vegen slik at titals syklistar punkterer? Synes bussjåføren verkeleg det er verdt lønna si å nesten bli bildrapsmann?

Kvam - Oslo var ein veldig fin tur, både sosialt og trimmessig. Turen viste seg å være laaangt lettare enn frykta, og kven veit om vi ikkje må doble distansen ved eit eller anna høve.....


Tur nr. ein.
Ein solotur rundt om i eigen kommune høyres kanskje ikkje så spennande ut? 

Ved nestsiste kyrkje, Jostedalen. Det var eigentleg heilt ok at det var medvind heimatt.



Vel, så feil kan ein ta!
Luster kommune er som kjent stor i utstrekning, og til tross for at det er mange kilometer veg, så er det få sjansar til å køyre ein rundtur, det vert helst fram og tilbake. Med eitt einaste unntak: Ta ferja over Lustrafjorden. I gamle dagar gjekk det ferje til både Kroken og Urnes fra Solvorn, men dei tider er forlengst forbi. Det er også mange år sidan det gjekk ferje Årdal-Solvorn. Sikkert like greit, skjønt der har vi ein alternativ rundtur, om Tindevegen og Årdal. Neste år kanskje?

Men altså. Rundturen.
Det var i slutten av mai, og eit lyst hovud hadde kome med ideen om å sykle forbi alle kyrkjene i Luster. Så, da høvet baud seg, var det berre til å legge i veg. Ein fin morgon starta eg ved Gaupne gamle kyrkje, og fortsatt vidare til Joranger, Fet, Hafslo og Solvorn før ferja til Urnes og UNESCO monumentet der. Utover dagen vart det mildare og finare vær, og sidan eg sykla heilt åleine, så kunne eg bruke akkurat så lang tid eg ville. Stoppe å ta bilder, ete ein bolle, kjøpe ei brus, sjå på kobbe i fjorden, Feigefossen, Ryfossen, fuglar, ekorn som sprang over vegen....
Rett og slett ein fredleg sykkeltur der eg ikkje brydde meg om fart i det heile teke.

Det skal seiast at dei ekstra fem mila fram til Jostedal kyrkje og heim, etter nesten 10 mil var tyngre enn andre turar fra Gaupne, men det handlar berre om å gidde. Eg trilla framover Jostedalen i makeleg tempo, fest bestemt på å klare dette, og kom heim att til siste gudshus, nyekyrkja i Gaupne, over seks timar etter at eg starta ved Gamlekyrkja. Fort hadde det ikkje gått, snittfarten var på usle 24 km/t, inkl ferjeturen, men det var ikkje nøye. Som oppladning til 28 mil ned Gudbrandsdalen ein månad etterpå var det perfekt.
Dessutan hadde eg fått ein test på å sykle forholdsvis langt, og det hadde vore ein makelaust flott tur, i flott natur. Høgdemetrane vart tatt først, dvs. opp til Joranger kyrkje og deretter Heggmyrane, sikkert smart å ta det i den rekkefølga. Opp til Jørongo som nest siste kyrkje før Gaupne, det hadde vore tungt.

Det er for lite slike turar der ein syklar berre for turen sin del. Berre trille avgarde med moderat puls, og bygge uthald. 147 km. vart det, da har eg luka bort dei tre kilometrane over fjorden med ferja.

Sidan eg tok denne turen har fleire andre gjort det samme. Det er kanskje ekstra hyggeleg.
Og så har tanken om å sykle innom alle skulane i kommunen slått meg. Da går vi glipp av Fortun og Jørongo, men får med oss Veitastrondi. Til neste år er det opna enda ein ny tunnell framover der, så kven veit kva vi finn på? Reiseruta må bli slik: Gaupne-Jostedal-Indre Hafslo-Hafslo-Veitastrond-Solvorn-Skjolden-Luster-Gaupne.

Vi kan berre byrje å glede oss, ca. 20 mil blir det. Det skal iallfall være finvær.

onsdag 21. september 2016

Å sykle opp Indre Hafslo

For moro skuld laga vi til eit høgst uoffisielt klubbmeisterskap i år også. I fjor sykla vi opp Engadalsvegen, men det avgrensa bruksområdet ein smule. Dessutan er det ganske bratt, så i år fant vi ei ny rute: Opp gamlevegen på Indre Hafslo.
For den som mot formodning ikkje har sykla opp Indre Hafslo før: Det er verst i starten. Spesielt fra gamle Livdtun skule og opp til ein kjem forbi ungdomshuset. Der flatar det ein smule ut, før det stig heile strekka opp til Lambhaug. Ingen pause med flate parti her, kun jamnt oppover i nesten ein kilometer, ca. 5-6% stigning heile vegen.

Etter at vegen vart lagt om på slutten av 1980-talet er det lite trafikk på denne vegstrekninga. Dessutan er det nedsatt fartsgrense, og dei få bilane som kjem forbi, køyrer stort sett såpass roleg at det ikkje byr på problem.
Vegdekket er kanskje ikkje heilt stovegolv, men med såpass lite bilbruk, så er det meir enn godt nok.


Vi valde å nytte Stravasegmentet "Lambhaug Climb (riktig høgde)" som rute for årets uoffisielle klubbmeisterskap. Segmentet går fra der 60-sona nede på Tangaflata byrjar, og opp til Lambhaug, nærare bestemt til lysstolpen rett før avkøyringane, sjå bilder lenger nede i posten.
Strekninga er 2,7 km. og stig 151 høgdemeter, det gir eit snitt på 6%, og er klassifisert som ein kategori 4 stigning. Så da veit vi kva dei lettaste stigningane er når vi ser på sykkel på TV.

Det å køyre tempo, chrono eller enkeltstart (kjært barn osv.) er beintøft i seg sjølv, men ein bakketempo i tillegg er ekstra ille.

Og det er liksom heile vitsen.

Det å ha ein konkurranse NEDOVER hadde jo vore heilt meningslaust, samt at det hadde medført ein langt større risiko. Det har opp gjennom historia vore arrangert ein og anna tempoetappe nedover, men det er svært sjeldan.

2,7 km. er ikkje langt. 6 prosent er ikkje bratt. 8-12 minuttar er ikkje lenge.
Men desse kombinert kan bli eit sant slit.

Eit temporitt skal ein ganske enkelt køyre så fort som ein klarer. Her går det ikkje an å gøyme seg bak ein rygg, eller bakerst i eit felt eller gruppe.
Her er ein åleine, og det er berre til å køyre full guffe så lenge som ein klarer, med eit mål om å disponere kreftene slik at ein kjem til mål med ei kjensle av at ein har sykla så fort ein kan. Hvis ein kjem til mål og framleis har litt att, så har ein jo misforstått totalt.

Det som er morsomt er å sjå om ein har litt framgang. Med ein smule bevisst trening, og dersom ein tek turen t.d. eit par-tre ganger i veka, så bør ein kunne forvente bedre resultat. Hvis eg brukar meg sjølv som eksempel, så brukte eg 12:56 første gang nå i haust. Sidan den gang har det gått jamnt og trutt nedover, slik at i går brukte eg 11:16, noko som er ca. to minuttar fortare enn den tidlegare persen fra juni.Det viser berre at ved litt trening og repetisjonar i samme bakke, så er det mogleg å forbedre seg.

Pr. nå, (21.9.2016) er det 15 namn på den interne haustlista. Fleire har køyrt to, tre eller gjerne fire ganger, og det har antagleg vore forbetring for dei fleste.
MEN, og det er litt viktig: Ein kan ikkje forvente at alle skal være i toppen. Vi har folk som er langt yngre, sprekare og ikkje minste lettare enn oss oldisar. Dei unge, spreke og lette skal jo sykle mykje fortare.

Heile poenget er at ein skal sykle mot seg sjølv. OK, det er sjølvsagt nokon som har konkurranseinstinktet på plass, men føresetnadane er jo vidt forskjellige med tanke på dei nemnde faktorar. Ein kan ikkje forvente at ein 60-åring på 90 kg. skal køyre like fort som ein blodtrimma 25 åring med usle 60 kg. å drasse på.

Nei, her skal vi konkurrere mot oss sjølve, og det er derfor vi har gitt frist til ut oktober. På den måten kan ein prøve fleire ganger, kanskje forbedre seg, og ein kjem seg litt ut på hausten også. Som vanleg har det dabba kraftig av etter den første helga i juli.....


Så derfor ei oppfordring:
Ta denne testen nå. Jo fleire, jo bedre. Det einaste krav er at ein skal sykle utan å ligge i rygg på ein annan. Rett nok har ein lite nytte av å ligge dragsuget i motbakkane, men det vert liksom mest ryddig på den måten. Ta med deg ein venn eller nabodamene, og ta sykkelturen fra Tang til Lambhaug. Så prøver du att om tre dagar, og så om enda tre dagar. Og gjerne ein gang til i neste veke også, etterfølgt av enda ein tur... Framgangen kjem garantert. Er det farleg å bli sist? Nei. Det er ingenting å være redd for. Som nemnt: Ein skal sykle mot seg sjølv.

Og medan det er sagt: Vi må ha med fleire damer. Pr. i dag (21.9.2016) er det ikkje ei einaste dame/kvinne/jente som har teke turen. De har vel ikkje teke turen inn i spinningsalen enda???


PS: Har planar klare for neste års klubbmeisterskap også....


Her er startpunktet.



Og når vi er komne opp her, så er vi glade over å være i mål.


onsdag 14. september 2016

Idrettsmerket 2016

Det er den tid av året da ein skal prøve om "musklar", ledd og andre forkalka kroppsdelar fungerer så nokolunde.

Trimgruppa i IL Bjørn stiller trofast opp, år etter år, med dei same folka. Det er utruleg at ein finn folk i våre dagar som høgst frivillig stiller opp i så stor grad som desse. Eg er mektig imponert!

Ein anna ting som også imponerer er nokre av deltakarane. Eg er ein rein novise med sju merker nå. I dag hadde vi ein som var i gang med sitt merke nr. 39, og eit par som stilte opp for 42.(!) gang. Det er berre makelaust.
Men det mest utrulege er vedkommande som nå har 52 merker. Rett nok var det andre krav før i tida, og ein kunne ta idrettsmerket kanskje eit par ganger i samme år, men det er unekteleg ein fantastisk prestasjon.

Idrettsmerket består av fire delar. Styrke, fart, spenst og uthald. Innan desse fire hovedgreinene er det ulike øvingar att, t.d. kan ein symje på uthald, sykle på fart eller støte kule på styrke. I tillegg er det diverse spenstøvingar innan høgde og lengde.

I kveld var vi åtte stk, og forrige mandag var det vel nokolunde samme antall. Neste onsdag er siste gang for i år.

Eg fekk ikkje tatt uthald-delen i kveld, har sykla fem mil med litt bakkar før i dag, det får være bra. Dessutan har eg nå ei orsaking for å ta ein ny sykkeltur ein fin haustkveld. Dei andre øvingane gjekk greit. Hoppa lenger enn på fem år, hø-hø.

Det er alltid veldig hyggeleg å være med på dette. Tonen er svært uformell, og deltakarane er rutinerte revar som held seg i bra form ellers i året. Håpar eg vert såpass når eg bikkar 70.


Det som derimot ikkje er bra er fasilitetane. Midt i bygda har vi ei flott grasmatte, og ein gang i tida var det ei brukbar løpebane rundt. DET er mange år sidan nå. I dag er løpebana totalt utan vedlikehald, den gror att, og er i det heile rett og slett elendig. Eg hugsar at eg hadde mange rundar rundt bana med bil og slodde den gang eg hadde born i aktiv alder, men det er ti år sidan nå. Da holdt vi graset borte fra løpebana, men sidan den gang ser det ikkje ut til å være gjort ein døyt, ergo: Løpebana er omtrent så dårleg som ho kan i det heile teke få bli.
Nå er ikkje det så nøye for oss gamle folk sin del, men dersom ein skal ha eit snev av rekruttering, og ikkje minst ei aning av LYST til å springe rundt ei idrettsbane, så må det kunne forventast eit bittelite snev av ettersyn.

Og om eg kan tenke meg å slodde bana igjen? Nei.
Eg hadde mange timar med slodding av både fotballbana (vi hadde grusbane på den tid), og løpebana, men har ingen interesse av å byrje med det att. Eg brukar denne ein dag i året, og når ingen born er med, så vert motivasjonen så som så. Dessutan fekk eg heller aldri dekka ein einaste kilometer med køyring, sjølv om det ikkje var så nøye. Det var kun på frivillig basis, for å holde løpebana i brukbar stand.

Uansett; Friidrettsanlegget er i dag heilt utan reell funksjon. Vi kan ikkje forvente at nokon i det heile teke skal byrje t.d. med lengde, 100 meter eller høgde når vi presenterer eit så dårleg anlegg. Det er heller ein fare for at ein løpar skal skade seg på den usedvanleg ujamne bana. Og dessutan: Kven fant på at ein skulle lage groper som start og målstrek for 60 meteren? Ikkje bra. Antaglegvis var det strekar når dei vart laga for nokre år sidan, men i dag er dei kun til irritasjon som ein kan trå over på.
Planane om å oppgradere friidrettsanlegget er snart 20 år gamle, og det er vel ingenting som tyder på at det skjer noko heller. Det er faktisk litt trist.

Slik ser det iallfall ut i dag:

Grasdekket er svært bra. Ikkje mange fotballbaner i Sogn som er så bra som denne.



Dette skal forestille ei lengdegrop. Sandhaugen som vi hoppa lengde i heime på garden i barndommen var bedre enn denne.



Som ein ser er det tydlege spor etter diverse tohjulingar fra i vår, da bana var våt og telen gjekk ut av bakken. Det betyr at her har det ikkje vore gjort noko, iallfall ikkje i år. Og neppe i fjor heller.



Utfra den gode grasveksten, så er det nok mange år sidan det har vore noko som helst vedlikehald her. Sist eg kan hugse det var nok tilbake i 2006-2007. Da tok vi vekk all grasvekst langs kantane, og brukte ei slags primitiv horv til å ta bort graset i sjølve løpebana. Deretter trilla vi med trommel og slodde. Da var bana ca. 1000 ganger bedre enn i dag. 




Det er kanskje meininga at løpebana skal gro att? Om ikkje anna så får ein iallfall eit større grasareal, men neppe særleg egna til løping.





Tilbake der vi starta, i lengdegropa. Utan dei få gangene i året denne vert nytta av trimgruppa og skulane, så hadde vel denne vore attgrodd forlengst. Litt ny sand hadde kanskje gjort seg også.




onsdag 7. september 2016

Topptrimmen 2014 - 2016, ei oppsummering

Alle dei ti toppane er unnagjort, og det er på tide å komme med ei slags oppsummering. Det har vore lette turar, kronglete turar og lange turar.

Luster turlag har, som vanleg, truffe blink også med denne utgåva av topptrimmen. Dette er eit veldig flott tiltak som får oss vanlege fjellfolk til å komme oss på plassar vi aldri hadde gidda å gå ellers.
Det er det viktigaste.

Dernest er det fint å komme seg til deler av kommunen der vi er lite kjent. Toppane er spreidd godt utover, og utfordringane med å komme seg til dei ulike måla er mildt sagt variabel.
I denne utgåva hadde vi t.d. Spefjell, ein grensetopp mot Sogndal, som eg tok ein september ettermiddag da eg var ferdig på jobb. Det var ein lett tilgjengleg topp i praktfullt og varmt haustvær.
Kontrasten kunne knapt ha vore større da vi var på Steinsdalsnosi i Jotunheimen nå i sommar. Min tur nr. to opp der forresten. Steindalsnosi, på over 2000 m.o.h. gav oss skodde, sterk vind og snø på toppen. Der var det berre om å gjere å klippe kortet, og komme seg ned att fort som f.

Ein annan kontrast var også turen til Tundredalskyrkja, heilt i nord mot Skjåk. Etter å ha gått ei rekkje turar åleine, så var vi da eit heilt følge på 11 personar som brukte over 12 timar gange, samt fire timar køyring på det som antaglegvis er den lengste av alle topptrimturar EVER.

Kva var den finaste turen?
Utsiktsmessig var det Nordre Dyrhaugstind i fjor. Det er enda ein pluss 2000-meters topp, og da eg var der 14. august 2015, på ettermiddagen, så var det eit praktfullt vær. Sol,nesten vindstille,varmt.... dvs. den perfekte Topptur.
Sosialt var Tundredalskyrkja ein flott tur, med eit såpass stort følge, med vidt forskjellig kvalitetar.
Og så fekk vi den fine turen! Langt, nesten 30 km, men ein god tone og hyggeleg selskap gjorde det veldig minneverdig.

Kva vart den verste turen?
Tussen. Utan tvil. Etter ein snørik vinter, og elendig vår og sommar vart det min første topptur i fjor sommar. Det viste seg å være for tidleg på året, sjølv om det var 11. juli og Tussen ligg berre dryge 1200 moh.
Det var ein megatabbe å starte fra Fortun, med bekkar store som elvar, som var umogleg å komme seg over. Det medførte store og særs kronglete omvegar på veg opp, og dei siste metrane for å komme seg opp på platået var berre ei stor ur beståande av digre steinar. Det gjorde at eg torde ikkje gå nedatt samme veg, og måtte ta den vesentleg lengre turen ned til Heltne. Dessutan vart det store kneproblem, har aldri hatt så vondt på ein fjelltur før.
Når vi i tillegg tek med at eg gjekk ein smule feil, mykje snø att i fjellet, samt vatn som rant overalt....
Ja, da har vi den verste topptur eg noken gang har gått. Og når eg tenkjer etter så har eg nå gått 30 toppar, og 14 av dei er gått to ganger, dvs. totalt 45 turar. Det byrjar å ligne noko....

Neste utgåve av topptrimmen er forlengst planlagt. Dersom Luster Turlag held fram på samme måte, med å "snu bunken" fra forrige utgåve, så kan vi forvente oss ti nye toppar spreidd utover kommunen, i høgst varierande utfordringsgrad.
Personleg har eg alt byrja å gruglede meg til Tuftanovi mellom Anestølen i Sogndal og Eldedalen på Veitastrondi, samt til Gravdalstind langt inni Jotunheimen.
Ein ting er iallfall sikkert: Desse to toppane skal takast så fort som råd er.  Det skal ikkje bli noko av å vente til siste sommaren med å ta dei lengste turane igjen, slik som det vart med Eggjene og Tundredalskyrkja i år.

Eg ser også fram til Lioksli over Mjølvergrendi, det må være ein flott utsiktstopp, medan Bjørkanosi i Fortun ser ut til å bli ein tøffing i eit terreng som eg ikkje er så begeistra for; bratt skog.
Av "kortare turar", dvs. ettermiddagsturar, må ein klare å¨ta Solvornsnipa, Rånøyseggi og Tausasva ganske så greit.
Og vi har sjølvsagt ein langtur i vente når vi skal på Kaldrasane... det vert vel opp mot 25 km. gange det og. Nokre timar kjem vi også til å bruke på Leirbotnnosi, langt nord i kommunen, med avreise fra Fagredalen.

Åjo. Det skal bli mange fine turar dei tre neste åra også.

Her er dei, så sant Luster Turlag held seg til tradisjonen med å "snu bunken":

1: Gravdalstind, 2113 moh. Denne ligg langt borti Jotunheimen. Det er ein grensetopp mot Lom, og skal eg tippe, så vil eg tru at det er mogleg å komme seg hit både sommar og vinter, iallfall utfra diverse googlesøk. Startpunkt vil eg tru blir fra anten Leirvassbu eller Sognefjellshytta. Det får tida vise, saman med gode tips fra folk som har vore der før. Langt å gå, og langt å køyre for å komme dit ein skal gå ifra.
2: Tuftanovi, 1643 moh. Beliggande mellom Eldedalen på Veitastrondi og Anestølen i Sogndalsdalen. Eit tips eg fekk var å ta det som ein rundtur, t.d starte på Anestølen og gå ned att i Eldedalen. Fleste høgdemeter fra Strondi, flest steg fra Anestølen.Vert ein skikkeleg godbit, som kan ta oss forbi den einaste tinden i Sogndal kommune, Tverrdalstind. (Grensetopp mot Luster). Vert maaange steg her....
3: Leirbotnnosi, 1615 moh. Langt nord i kommunen. Startpunkt Fagredalen. Ser ut som ein grei og fin tur, men det nærmar seg nok to mil gange her også. Mykje merka sti.
4: Gruvefjellet, 1520 moh. Beliggande på Sørsida, grensetopp mellom Luster og Årdal. Dette er ein topp som vert vesentleg lettare å nå dersom ein går heile turen i Årdal, nærare bestmt fra eit startpunkt på fjellvegen mellom Årdal og Turtagrø. Noko ala Eggjene nå kanskje, men må være ein del kortare. Historisk interesse, da det jo var gruvedrift her i høgfjella for nokre hundre år sidan. Neppe nokon dans på roser, å være gruvearbeidar altså. Fjellturen ser adskillig lettare ut.
5: Kaldrasane, 1507 moh. Gjer klar til denne utgåvas lengste tur, målt i antal steg. Ein topp beliggande mellom Dalsdalen, Vigdalen og Mørkridsdalen. Sikkert kortast å gå fra Dalsdalen, (Kolstad) men kartet fortel at det ikkje er merka stiar derfra. Fra Mørkridsdalen går også fint, men da får ein alvorleg mange høgdemeter, og ikkje minst ein bratt tur nedatt med støle bein. Vert vel Vigdalen for min del, som blir langt å gå, men det er iallfall mykje merka sti, samt adskillig færre høgdemeter. Laaaangt vert det imidlertid.
6: Liokskli, 1460 moh. Trur dette vert ein fin utsiktstur, der vi kan sjå nedatt Jostedalen, samt over til Fagredalen og Nigardsbreen. Ikkje så langt å gå, men ganske så bratt, med startpunkt fra Mjølvergrendi eller Norheim. Alle andre stader å starte ser ut til være umogleg for vanlege folk.
7: Rånøyeggi, 1359 moh. Endeleg ein topp i nabolaget! Ein biltur opp mot Røneidsstølen, og litt rusling i skogen før vi kjem over tregrensa, og vi bør være der ganske så greit. Tippar flott utsyn nedatt på Veitastrondsvatnet.
8: Bjørkanosi, 1231 moh. Beliggande over Bjørk i Fortunsdalen, og altså IKKJE den Bjørkanosi som dei syng om i Jostedalen. 1231 meter er ikkje høgt, men dette blir ein ulv i sauedrakt. Startpunkt på Bjørk (!) i Fortunsdalen 50 moh, sti (iflg. kartet) opp til nokre stølar, før ein må ta dei siste parhundre høgdemetrane bort til toppunktet. Andre startpunkt synes uaktuelle. Ser svært bratt ut, omtrent heile vegen, men heldigvis ikkje så langt. Synes alt synd på knea mine.
9: Solvornnipa, 1031 moh. Utvilsomt ein av dei greiare toppane å nå, grensar mot Sogndal, men sikkert best å gå fra Solvornsgalden. Da får vi ein del bratte meter å gå, men ikkje så ille som på Bjørkanosi, og i eit lettare og mykje meir brukt turterreng. Sikkert kjempeutsikt nedatt mot Lustrafjorden og Barsnesfjorden!! Typisk ettermiddagstur ein fin sommardag.
10: Tausasva. 928 moh. Kanskje ikkje så høgt, men når ein skal starte ikkje så veldig langt over fjordnivå på Ornes, så vert det straks litt å forsere likevel. (Hvis vi ikkje snik oss til å parkere ved stavkyrkja ein haustdag da) På kartet er det tegna inn ein slags traktorveg, før det går over i ein bratt sti i ca. 500 høgdemeter. Antaglegvis ein fin utsiktstopp, som altfor få har vore på.


Men medan vi ventar på snøen som kjem, samt dei ti neste toppane og tre somrane som vi kan rusle i fine fjell, så kan vi mimre over dei toppane vi HAR vore på!

Her er dei.

Tundredalskyrkja

Steindalsnosi

Eggjene

Nordre Dyrhaugstind

Solsetnosi

Dugurdskulen

Spefjell

Tussen

Fivlenosi

Skoganipa


lørdag 27. august 2016

Sykkelturar 2016, ein bildekavalkade


Til Skjolden i desember.





Fåbergstølen, august




Røneidsberget, november



Langs Jostedalselva, oktober

Nye crossdekk, oktober


Nes, oktober





Langs Jostedalselva, oktober


Inn i solnedgangen på Hafslo, oktober


Engadalen, september

På veg over hengebrua, september

Mot Fanaraaken, oktober

Eidsvatnet, oktober

Gullringen, oktober






Fossøyjølet, september



Krossen, august

Mellom Feivall og Hafslo, august

Røneidsberget, august

Eikjastrondi, august

Eikjastrondi, september

Mot Veitastrondsvatnet, september

Leirmo, september

Fagredalen, september

Marifjøra, september


**************************************************************************


Bjønnstegane, august

Bruheim, april

Engadalen, februar

Feigefossen, juli

Solvornferga, mai

Flahamar mai

Flahamar, mai

V/Fossøyjølet, juli

Fossøyjølet, juli

Kilen, juni

Hausabakken, juli

Krundalen, mai

Leirmo, april

Lundehaugane, juli

Mollandsmarki, august

Engadalen, juli

Mørkridsdalen, mars

Mot Mollandsmarki, april

Sognefjellsvegen, mai

Solvorn, april

Gaupne, januar

Gullringen, mai

Veitastrondi, mai

Hafslo, august

Gaupne, januar

Fortunsdalen, april

Bjønnstegane, august

Feiga, mai

Kvam-Oslo, juni

Sognefjellet, juli

Veitastrondi, mai
Eidsvatnet, mai

Fortunsdalen, mai

Skjolden, mai