mandag 6. juli 2015

Sognefjellrittet 2015

Da var det unnagjort for i år, den årlege turen over Sognefjellet. Koppen er satt til nedstøving på hylla, grillmaten i Sogndal er fortært, og beina er OK igjen.

Medan storebroren, Jotunheimen Rundt, opplevde rekordpåmelding i år, så trur eg det var litt færre fra Lom. For nokre år sidan var vi nesten 300 påmeldte, men nå verkar det til å ha stabilisert seg på i overkant av 200. Det er for så vidt greit nok.

Vi er sjeldan så opptatt av været som i dagane fram mot start. I år var vi heldige. Eit aldeles utruleg flott vær på Lom. Sol, antydning til medvind innimellom, og høg solkremfaktor. Det har ikkje alltid vore slik.

Som vanleg hadde Sogn CK, dvs. arrangøren, fått laga til eit fint startområde på Loar Skule. Her er det greit å ha base på alle vis. Vi fekk henta startnr. og diverse andre opplysningar som var putta oppi ein C4 konvolutt.
Deretter den tradisjonelle turen til Bakeriet på Lom. Ein eplejuice og ein kanel-i-svingen er god oppladning til å sykle 14 mil.
Oppvarminga vart nokre kilometer oppover mot Skjåk, og vi var meir eller mindre klare til årets tur over fjellet.
I år hadde arrangøren laga til ei "racerpulje" som starta eit kvarter før oss vanlege dødlege. Det var ein god ide, for da fekk vi eit mindre startfelt. Det er alltid ein fordel, store startfelt lagar gjerne ekstra mykje krøll i byrjinga.
Masterkøyring ut av Lom-sentrum, og sidan vi var fem stk som hadde avtala å sykle samla, iallfall fram til Marifjøra, så fann vi kvarandre og ei pulje som hadde OK fart.
Sognefjellsrittet går rett inn i ein liten bakke fra start, ikkje lang eller bratt, men nok til at ein får pulsen opp mot maks etter ein kilometer. Deretter roar det seg alltid, heldigvis.
Vi la oss bak i ei heller stor pulje, og det gjekk veldig greit oppover. Pulsen var gått ned fra 160 til meir humane 145, så nå var livet bra. Sola skein, elva brusa flaumstor og idyllen var fullkomen, ja, dette skulle bli ein fin dag.
Og ein fin dag var det. Iallfall til vi skulle krysse elva ved Flåklypa. Da fekk ein i følget ei eike som rauk, og ein annan punkterte så det small. Vel, det var berre til å stoppe. Kun ni kilometer hadde vi køyrt, og medan vi stod der å skifta slange, så kom avtaglegvis heile startfeltet fra Lom forbi. Det vart sjølvsagt litt trøbbel med å få på att hjulet, men etter 10-12 minuttar var vi klare att. Til alt hell kom ein bil fra arrangørstaben forbi, og der fekk vi låne skikkeleg pumpe slik at slangen vart fyllt på anstendig vis.
10-12 minuttar i vasken der altså, men det er slikt som skjer. Dessutan er det greit å være fleire i lag. Eg har punktert sjølv på Sognefjellsrittet og stått att mutt åleine, det er mildt sagt fortærande. Greit å kunne hjelpe kvarandre ein smule.
Vi nådde att mange av dei som hadde køyrt forbi oss, det var eit godt tegn, og vi kom oss greit opp bakken ved Galdesand og Elveseter. No var det ikkje så mykje medvind, heller litt trekk imot her og der. Det er absolutt ingenting å gjere med det.

Den første skikkelege utfordringa på Sognefjellsrittet er stigninga opp til Jotunheimen Fjellstue. Denne er på ca. 4,5 km. og stig ca. 340 høgdemeter. Strava opererer med 5,1 km. men utfra kartet er starten da litt ute på sletta før bakken byrjar. Vi kjem inn i denne bakken etter knappe tre mil, og eg såg på klokka at vi no låg ca. 10 minuttar etter fjoråret.
Bakken er seig nok, i år tok det 29 minuttar, men dette varierer litt fra år til år med tanke på vind og vær. Vi vart splitta, men samla oss att inn mot Bøvertun. Her var det framleis fint vær og ikkje minst ganske så varmt. Tross alt er vi på nesten 1000 m.o.h. og det er ikkje kvardagskost med 15-20 varmegrader her oppe.

Neste utfordring er bakkane opp mot Krossbu. Iflg. Strava er dette ein bakke på ca. 5,6 km. og det stig ca. 540 høgdemeter. Bakken byrjar noko før, men det er ein skikkeleg knekkar, spesielt med tanke på at ein har den forrige bakken i beina berre nokre kilometer før.... Stigninga opp til Sognefjellshytta byrjar etter 43 km. Det er kneikar som er ganske så bratte, og her er kvar syklist overlatt til seg sjølv. Det er tungt opp til nokre hundre meter nedanfor Krossbu, der det brattar til att  opp mot Fantesteinane. Her har vi heldigvis nokre hårnålssvingar som hjelper til ein smule. Framleis var det mildt og fint i været, men mykje snø. Har aldri sett så mykje snø før på dei turane eg har sykla over her. I fjor t.d. var det omtrent snøfritt, men da var det jo eit infernalsk vær. Heller sol og mykje snø slik som i år.
På Sognefjellshytta samla vi oss alle fem, og det vart ein god pause. Mat fikk vi også, og påfyll av drykk. Vi var einige om at det var inga vits i å stoppe i Luster, været var fint, og med to fulle drikkeflasker og noko gel på ryggen så var det greit nok.

Det er sikkert nokre debutantar og folk som ikkje er kjende på Sognefjellet som har fått seg ei overrasking. Det går nemleg ikkje nedover fra Sognefjellshytta. Vi er oppe på eit høgfjellsplatå og syklar sju kilometer bort på Herva som også ligg på 1400 m.o.h før vi får ein skikkeleg utforkøyring. Men heller ikkje her er det slutt. Vi må heilt ned forbi Juvatnet etter 62 km. før dei små kneikane omsider tek slutt. Men derfra og ned er utfor heilt til Fortun....
Og her kan det gå unna for den som tør. I motsetnad til i fjor var det i år strålande vær, og det var berre å sleppe seg laus. Godt med Røde Kors postar nedover, og striper med nylagd asfalt her og der, men også parti med skumle humpar og holer. Ein skal være obs på denne nedfarten som varer meir eller mindre samanhengande i 15-16 kilometer.

På samme måte som vi vart splitta oppover, vart vi også delt nedover, men vi venta på kvarandre, og i Fortun hadde vi to timar og fire minuttar til å komme under sekstimersgrensa. Det kunne gå med greit vær og god køyring.
Utover Lustrafjorden gjekk det ganske så greit, og vi fekk også grønt lys på vegarbeidet i Høyheimsvik. Dette såg jo heilt banan ut, lysregulering på ny veg....
I Nesbakken vart vi splitta på ny, for vi byrja no å nærme oss fem timars sykling, og da skal det svi litt. Nesten på toppen av bakken var det kjentfolk og heiagjeng, og det samme var det i Gaupne. Det er alltid like hyggeleg.
Vi trilla roleg mot Gaupne i håp om at vi skulle samlast att, men det skulle vise seg at det vart vi ikkje. Vi gjekk derfor inn i tunnellen i Røneidsberget berre tre stk, og bakken byrjar som kjent med ein gang vi er ute av tunnellen, og her er det åtte km. samanhengande stigning. Rett nok ikkje så bratt, men seigt nok etter 11-12 mil....
Opp Marheimsgjelet var det på stålet, men vi kom oss opp, og gjorde oss klare til den siste store utfordringa, opp Indre Hafslo. Denne bakken er ca. fire km. og stig ca. 220 meter. Det er eigentleg ikkje så mykje å frykte, hvis det ikkje var for dei mila som sat i beina....
Bakken tek ca. eit kvarter, og om ikkje beina er tunge nok, så er det iallfall garantert at ryggen slit. Det er såleis eit kvarter som tek laaaaaang tid.......

På toppen av Indre Hafslo stod det nokre englar med Red Bull. Det var himmelsk godt. Varmen og bakken gjorde at sveitten silte, så den boksen med Raud Okse er antaglegvis det beste eg har smakt.
Eg la ikkje så mykje merke til kven som stod der, men er evig takksam for drikken eg fekk.

Ein ny kort pause på eit minutt eller to, før vi la i veg utover mot Heggmyrane. Dette var frykteleg seigt, men eg fekk no klort meg med dei andre på eit vis, og så gjekk det i god fart ned mot Stolpen. No kom motvinden, men vi trakka på så godt vi kunne i håp om å klare sekstimarsgrensa. Ned Årøyane nådde vi att ein fra samme klubb. Han hadde dratt heile feltet da vi punkterte i Bøverdalen 12 mil tidlegare, men nå var vi altså samla att.
Utover Barsnesfjorden var det litt motvind, men vi var fem stk som trakka det vesle vi kunne. Forbi Statoil og utpå FV 5 er alltid godt å komme (da veit vi at vi snart er framme), og vi gav på litt ekstra mot rundkøyringa. Da kom antydningar til krampe i høgre lår, det var ikkje særs godt for å sei det slik....
Forbi Reppabygget, og inn til mål.... HERREFRED kor godt. Været var like herleg, og vi kom samla fem stk til mål. Vi mangla ein, som dessverre måtte bryte på Indre Hafslo. Det var ein nedtur av dimensjonar, men helsa må gå føre alt. SÅ viktig er det ikke å komme til mål.

Vi klarte ikkje målet om å komme under seks timar. 6 timar og tre minuttar, det var nesten irriterande der og da, men i ettertid er det ikkje så nøye. Vi driv ikkje med dette for å sykle fort. I år var naturopplevinga verdt heile turen. Det er ikkje kvart år ein kan stå i kort-kort på Sognefjellet. Kontrasten til fjoråret var himmelropande.


Så vidt eg kan bedømme var det eit nytt flott arrangement fra Sogn CK. Over 700 førehandspåmeldte til dei to ritta må være bra, sjølv om vi alltid får nokre DNS og DNF.
For min del var det tur nr. 18, og det nærmar seg neste delmål på 20 fullførte. Så lenge helsa er så nokonlunde, så kan ein  være med. Det er ikkje så spennande å trille opp Bøverdalen akkurat, og det er slitsomt å komme seg opp på fjellet.
Gevinsten er å komme seg ned til Fortun, nedfarten er kjempeartig i seg sjølv, satte ny rekord i år :-)
Vidare er det eit høgdepunkt å sykle forbi Gaupne der det alltid er kjentfolk på plass med oppmuntrande tilrop og heia-heia.

Så til slutt er det alltid like godt å runde Statoil i Sogndal og trille den siste kilometeren til mål. Det er berre ubeskrivleg godt. Vi syklar kanskje ikkje så fort, men det får så være. Naturopplevinga er det viktigaste, saman med det sosiale som må seiast å være vellukka også denne gangen.
Etter godværet i år, så satsar vi på drittvær til neste sommar, utfordringa blir liksom noko heilt anna da....Det har sin sjarm å sykle i dårleg vær, for det er enda bedre å komme til mål.....

Vi fekk oss ein ny kopp, grillmat og så bar dei heimatt til dusj og avslapning. Ein flott dag over Sognefjell var vel til ende.

Litt statistikk:
Fra Strava er det følgande opplysningar:
Total distanse er 137 km.
Snittfart 23,7 km/t
Toppfart 84,2 km/t
"Moving time" 5 timar og 48 minuttar.

Fra computeren er det desse opplysningane:
Distanse er 133 km.
Snittfart 23,2 km/t
Toppfart 71 km/t
Tid 5 timar og 43 minuttar.

Fra pulsmålaren er det desse opplysningane:
Snittpuls 144 BPM
Makspuls 168 BPM.
Kcalforbruk 4195

Eg må også ta med litt fra den lokale klubben. Hvis eg ikkje har rekna heilt feil, så hadde vi fire stk. med på Jotunheimen Rundt. Alle fire kom velberga til Sogndal, ein sterk prestasjon! Bl.a. nr. 8 totalt i dameklasse, eg er imponert.
Når det gjeld lillebroren, dvs. fra Lom, så hadde vi med ei i dameklassen, og ho vart forsynemeg nr. 2. Føresler at du tek heile runden neste år, det kjem til å gå som smurt.
Vi stilte med 13 i herreklassa, og der kom vi altså til mål 12 stk. Eg synes vi kan være stolte av oss sjølve.


Til slutt ein stor takk til arrangøren, som hadde bestilt sol og finvær, det set vi pris på. Den eine matstasjonen vi stoppa på var iallfall upåklageleg, nesten som forventa. Etter å ha vore med i turritt i nokre år nå, så vert ein nesten bortskjemt når ein får være med her.

Lukke til med neste års arrangement!

Bilder:

Vi pleier gjerne å ta ein stopp på Krossbu når vi reiser over.  Da kom tilfeldigvis desse to tøffingane forbi. Dei fullførte heile runden, mildt sagt imponerande!

Som ein ser er det ikkje nokon leik å komme seg opp her etter 33 mil på to hjul.

Før start på Lom er det viktig å forevige slike augneblikk...

Noko minuttar før start, og vi har tid til ein selfie eller to.

Punktering etter berre ni km. Det er kjedeleg, men det fins verre katastrofer her i verda.

Her er vi på ca. 950 m.o.h. og vi ser inn mot Bøvertun.

Ein fantastisk flott dag!

Oppe på Sognefjellshytta, bunkring av mat og drikke. 

Eg tek med eit par bilder for å dokumentere det flotte været over Sognefjellet denne dagen. Når det regnar neste år, så kan vi tenke tilbake på årets utgåve.

Vi ser Fanaraaken i bakgrunnen til venstre, og Steindalsnosi til høgre. Begge er toppar på pluss 2000 m.o.h. og utsikta derfra er veldig fin. Hvis ein ikkje syklar over fjellet, så kan ein jo ta ein spasertur opp på desse toppane.

Her er vi komne ned på 1300 m.o.h og vi ser dei gamle fjell i Syningom.... Som ein også ser er det mykje snø langs Juvatnet som ligg rett nedanfor vegen i bakgrunnen.

Mål.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar