tirsdag 2. juni 2015

Min verste sykkeltur

Opp gjennom åra har det vorte nokre turar på to hjul. Da dette byrja som ein hobby ca. 1991-1992, var det kun for moro, samt for å trimme ørlite grann utover fotballen.
Det vart til at eg deltok på eit par klubbritt i Indre Sogn som Sogn CK arrangerte på den tid, bl.a. noko som heitte Lustrarittet. Det gikk fra Gaupne til Skjolden og tilbake. Eg erindrar at vi var ein 20-25 deltakarar, og at det var altfor høg fart for ein nybyrjar. Opp Nesbakken vart iallfall som eit fjell.
Utpå hausten 1992 var eg også med i noko dei kalla Sognerittet. Det gikk fra Sogndal til Skjolden og retur. Ca. 10 mil var det, og såleis ein tøff tur på den tid. Det var på ein søndag, og eg hadde pilsa litt kvelden før. Regn var det også.
Inn til Skjolden gikk det så nokolunde, men opp att Indre Hafslo vart eit mareritt. Kom nå uansett til mål.
Desse turane var eit ledd i det som skulle skje i 1994, for da skulle vi sykle Jotunheimen Rundt. Det var ei manndomsprøve av dimensjonar, og er det like mykje i dag.
Treningsmengdene var auka betydleg, fotballen lagt på hylla, og før start i Lærdal hadde eg nesten 500 mil i beina, men altfor få langturar på 10-15-20 mil.
Vi kom uansett til mål den gang også, men aldri meir.


Den aller verste turen på sykkel kom i 2002.
Eg skulle da delta på mitt femte Lille Jotunheimen, som Sognefjellsrittet heitte den gang.
På den tid var det ikkje så mange som dreiv med sykkel i Lustrabygdene, og dei få som trilla var så mykje bedre enn meg. Det hadde derfor vorte svært lite trening om våren, og noko slikt som spinning var eit framandord i dei dagar.
Min lengste tur hadde vore på fire mil, og så hadde eg eit par turar opp til Engadalen i sneglefart. Totalt hadde eg ca. 400 km. i beina før starten på Lom det året, dvs. omtrent ingenting.
Sykkelen var den ni år gamle DBS-raceren min. Den var av stål og hadde opphaveleg ei utveksling med 42/54 krank, og kassett med 11-24. Det betyr at det lettaste giret var ganske så tungt samanlikna med våre dagars kompaktkrankar og kassettar heilt opp til 28 tenner. Til samanlikning har crossykkelen min nå 34/50 krank, og 11-28 kassett.
Eg hadde brukt denne sykkelen på Jotunheimen Rundt i 1994, og den gang var det ein topp sykkel. Åtte år seinare var doningen bortimot ubrukeleg.
Da eg innsåg at utvekslinga var bortimot umogleg å komme seg over fjellet med, så kjøpte eg nye krankhjul, 39/53 trur eg det var. Eg fekk også tak i ny kassett, 11-26, og trudde at det nå skulle gå greit. Hugste heldigvis å kjøpe ny kjede i samme slengen.

Eg haika med svoger og nokre sykkelbekjente fra Sandnes over til Lom. Været var mildt sagt begredleg, og det regna kattar og hundar på fjellet. (Ikkje bokstavleg da....)
På Lom var alt vått. Denne vanlegvis så knusktørre kommunen hadde no fått heile årets nedbør på ein føkkings dag verka det som. Det medførte at feltet, som var på berre 123 deltakarar, var søkkvåte før starten gjekk. Det var i tillegg ganske kjølig, hugsar at eg sykla i langbukse og fora jakke. Det siste var heller ikkje noko sjakktrekk, for den jakka vart nemleg altfor varm i dei tidlege motbakkane, og tyngre og tyngre etterkvart som vatnet trengde inn.

Uansett: Vi stod på startstreken, og eg visste at sidan formen var elendig, så var det berre å legge seg langt bak i feltet. Ein eller annan sa "god tur" i plaskregnet ved Loar skule, og så trilla vi sakte over brua, gjennom rundkøyringa og forbi Statoilstasjonen. Der slapp masterbilen taket, og det var fritt fram. Eg gira opp... og så kasta kjeda. Sidan eg var langt bak i feltet, så vart det ikkje noko kaos bak meg, men eg måtte stoppe, og før vi var komne ein kilometer avgarde, så var dei 122 andre deltakarane bortevekk. Eg stod att åleine i øspøs regnvær og fekk på att kjeda som hadde kila seg litt ekstra godt fast.
Det var ingenting anna enn å gjere enn å trille åleine oppover.

Eg kan ikkje erindre at eg nådde att nokon av dei som starta på Lom, men heldigvis var det nokre slitarar som hadde starta i Lærdal som eg slo følge med. Det gjekk svært sakte oppover Bøverdalen....

Oppe ved Bøverkinnhalsen var eg forlengst heilt åleine att. Slitarane fra Lærdal klarde eg merkeleg nok å trille ifra. Det sa nok meir om dei enn meg.
Det var ingen å sykle med. Regnet plaska like herleg, beina var allereie som bly, og det var 10 mil til mål. Og eg var enda ikkje byrja på bakkane opp mot Krossbu. Dette ville bli ein lang dag.

Opp mot Krossbu var det såvidt hjula gjekk rundt. Eg måtte stoppe og gå eit par plassar, berre for å lufte beina. Det var no byrja å bli grisekaldt, og oppe ved Krossbu møtte eg dei første snøfnugga. Store blaute snøfiller, og gradestokken viste seg i ettertid å nærme seg null.
Den siste kilometeren opp mot Fantesteinane gikk så sakte at tida stod omtrent stille. Sikksakk køyring for i det heile tatt å komme opp, og no kunne vi sjå spora etter kvarandre også; Snøen byrja nemleg å legge seg i vegbana, slik at vi såg mengder med sykkelspor oppover. Men eg trur ingen gjekk så mykje i sikksakk som mine.

På forunderleg vis kom eg opp på Sognefjellshytta, etter 3 timar og 50 minuttar. Det var berre ti minutt kjappare enn det vi hadde brukt på heile runden i 1994. På Sognefjellshytta var det å stappe i seg nokre vafler, fylle på med drikke og så trille vidare.
Sidan eg ikkje hadde nokon å sykle med, så vart det til at eg sykla åleine herfra også. Det sludda og snøa om kvarandre, og sidan alt no var vått, så var det og utruleg kaldt. Vinterjakke, skoovertrekk og hanskar til tross: Gudbedre så kaldt det var.
Det gikk ikkje ann å føle beina sine fra hælen og fram, og bremsing og giring vart ein test utan like: Kjensle i fingrane og HENDENE fantes det jo ikkje. Eg kan med handa på hjartet sei at eg har aldri frose så sanselaust som da eg kom ned på Hervadammen den gangen. Plaskregnet fortsatte nedover mot Fortun, og det vart svært forsiktig sykling ned på dei glatte vegane til Fortun.

Nede i låglandet skulle ein forvente at temperaturen var noko bedre, og det var sjølvsagt adskillig heitare enn den usle varmegraden vi hadde på fjellet. Det var likevel ein kjølig julidag, tippar at det låg på 14-15 grader.
Og så; Noko ovanfor Vassbakken måtte eg sjølvsagt punktere. Hadde til alt hell med ein slange, det MÅ ein berre når ein syklar. I 2002 fantes det framleis såkalla pariserhjul, dvs. slange og dekke i eit, og så limte vi dekket fast i felgen. Dette høyres kanskje ut som ein god patent, men tru meg: Det er ein grunn til at ingen har slike dekk lenger.
Berre det å lime ein søkkvåt felg, med framleis frosne fingrar, i regnet som framleis silte ned....
Hjelp? Næ. Ingen som brydde seg ein gang.
Fekk på dekket, og så var det å få nok luft i da... Det er heller ikkje så lett utan skikkeleg pumpe, men fekk nå uansett i såpass at sykkelen var brukande. Eg fekk uansett ein eller annan til å pumpe sykkelen skikkeleg da eg kom til matstasjonen i Luster.

Tida hadde eg forlengst slutta å bry meg om. Her var det kun snakk om å komme seg velberga til Sogndal, og eg trilla ut fra Luster, som vanleg denne dagen utan medsyklistar. Det gjekk sakte utover mot Nes, og i Gaupne var det no ingen som stod å heia på deltakarane lengre. Det hadde rett nok slutta å silregne, men vegbana var framleis våt, og temperaturen kjølig. Klokka var da også byrja å nærme seg 1900 om kvelden, starten hadde vore kl. 1300, så eg hadde alt brukt seks timar fra Lom til Gaupne. Det er veldig seint.


Indre Hafslo. Det å komme seg opp der ville bli ei bortimot umogleg oppgåve. Eg berre måtte gå av eit par ganger. Beina var stive som stokkar, totalt ubruklege. Kor lang tid eg brukte opp til Uglo fra Tangaflati har eg inga formeining om i dag, men eg VEIT at det er nok bortimot ingen som har forsert den bakken så seint.
På Uglo er det jo framleis ikkje flatt, det stig som kjent jamnt (og godt, eller rettare sagt; vondt) ut mot Heggmyrane. Det å da komme (som vanleg heilt åleine) ut på Heggmyrane, sjå utover Hafslovatnet, og vite at eg nå hadde ei mil med slakk unnabakke.... ohhhhh......

Nede ved Barsnesfjorden var det litt motvind. Alt anna hadde vore ei overrasking.
Eg trilla forbi Statoil, og inn mot Sentrumsparken i Sogndal. Der traff eg reisefølget mitt som var byrja så smått å sjå etter meg i den tru at noko gale hadde skjedd. Det seier ein del om kor tregt dette hadde gått. I målområdet var det no ikkje så mange att. Det dårlege været hadde jaga publikum innandørs, og dei fleste deltakarane var komne til mål og antaglegvis var dei ferdig dusja også. Det var heller ikkje så mykje mat att, men eg fikk den obligatoriske grillsaken, ein langtidspremie for fem fullførde ritt, og så var det heim att til DUSJ og ikkje minst VARME.

Eg brukte sju timar og eit kvarter det året. Eg har aldri sykla denne turen så seint korkje før eller etter. Snittfarten var på knappe 19 km/t, det er mildt sagt sakte.
Eg vart nr. 92 av dei 118 som fullførde, så på ein eller anna underleg måte må eg ha passert nokon. Det må ha skjedd på den måten at dei har hatt lengre pausar på matstasjonane.
Komplett resultatliste kan du forresten finne her.

Det var uansett aldri snakk om å bryte. Ein punktering og det å fryse(sjølv om det var noke innihelsike kaldt) er inga grunn til å stå av. Skal ein bryte eit ritt, så må ein bli akutt sjuk, få store tekniske problem, eller i aller verste fall: Velt.


Det eg hugsar best fra denne forferdelege turen var DEN kjensla av å stå att på Lom i plaskregn og kjølig vær, medan resten av feltet dura avgarde. Da følte eg meg litt i bakleksa. Men pytt-pytt. Det er berre ein sykkeltur. Fram kjem ein jo alltids, det tek berre litt lenger tid.

Og hvis det er nokon som lurer på om det fins bilder fra denne turen, så har eg ingen. Dette var før mobiltelefonane hadde kamera, og digitale fotoapparat var heller ikkje vanlege. Kanskje er det ein eller annan som har papirbilder fra rittet det året, det hadde vore morsomt å sjå att.
Turen, derimot, var ikkje morsom, den var rett og slett grusom.
No, 13 år etter, så er det framleis Min Verste Dag På Sykkel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar