fredag 6. mars 2015

På bokkafe, KonspiraNorge

Eg har alltid vore av den oppfatning at bokkafear er for kvasiintellektuelle halvsnobbar, men må innrømme at der har eg nok tatt feil.

Det er fordi at eg for første gang, men kanskje ikkje siste, har vore på ein slik kafe sjølv.


Og det må innrømmast: Det skal ei SVÆRT god bok til for å fenge meg, noko lesehest er det lenge sidan eg var.


Vel.

Human Etisk Forbund i Sogn, i samarbeid med studentsamskipnaden i Sogndal arrangerte uansett bokkafe no på tysdag, på Meieriet. Eg kom over annonsen reint tilfeldig på laurdag, og bestemte meg for at dette måtte eg berre få med meg. Samme kveld var det svømmekurs, årsmøte i idrettslaget (Som eg fekk vite om tilfeldigvis dagen før), og stormøte på skulen om nettvett. Eg fekk med meg svømmekurset, og prioriterte deretter det tema som interesserte meg mest....

Det var boka KonspiraNorge som var i fokus, og forfattaren sjølv, John Færseth skulle komme.
Eg kjøpte boka i fjor via Humanist Forlag, og les ho ut på berre eit par dagar.
Fantastisk god bok, som både var lærerik og tragikomisk.
Færseth vert rekna som ein av landets fremste ekspertar på konspirasjonsteoriar, eit tema som har interessert meg i årevis, og som (dessverre) er meir aktuelt enn vi likar å tru.

Kva er eigentleg konspirasjonsteoriar?
Denne videosnutten med Asbjørn Dyrendal er svært forklarande.
For min del er det mest interessante med slike (tildels avsindige) teoriar, at folk i det heile tatt trur på dei. Kjeldekritikk synes å være heilt fraværande i mange samanhengar.


Men over til tysdagskvelden att:
Færseth hadde med seg ei bildeframvisning, og fortalde innleiingsvis om litt historiske fakta.
Som så mykje anna her i verda, så stammar også ei rekkje av våre mest kjende konspirasjonsteoriar fra USA. T.d. vart påstanden om den angivlege UFO-styrten i Roswell nemnt. (Færseth sa det var i 1948, men eg trudde det var i 1947, pytt-pytt)
Etter denne "UFO-styrten" har det framkomme ei rekkje teoriar om at "noko skjedde", og "dei held ting skjult". Dog; Mangelen på håndfaste bevis er himmelropande, og nå, snart 70 år etter, er det framleis ikkje noko som er "avslørt". Med unntak av at alle historiane er sterkt forvrengt og forfalska da...slik at dei skal passe inn i det verdsbildet ein måtte ha på førehand....

Forfattaren drog også fram det kanskje mest berykta eksempel på konspirasjonsteoriar. Det omhandlar sjølvsagt jødane, og falsumet "Sions vise protokoller". Dette er eit angivleg jødisk komplott for å styre verda, og skal liksom stamme fra eit hemmeleg sionistmøte på slutten av 1800-talet. Skrivet skildrar korleis jødane har planlagt å styre verda, og er forlengst avslørt som juks.
Det leier oss rett over i den norske avdelinga for konspiskruar, for fredsforskar Johan Galtung har på sine eldre dagar peika på at "protokollane" kanskje ikkje er forfalska likevel.

Andre kjente norske konspirasjonsteoretikarar er Per-Aslak Ertresvåg, med politisk bakgrunn i Venstre, og ein av grunnleggarane av SV, Berit Ås.
Begge desse har rota seg ut i konspitåka, Ås endatil som chemtrailtruande.... wow.

Av andre norske skruar, drog Færseth fram t.d. folka bak vaksineaksjonen fra nokre år tilbake. I det siste er jo dette aktualisert ekstra i samband med meslingutbrotet i Disneyland.
I det heile tatt er det ei nærare knytning mellom alternativ medisin og konspirasjonsteoriar enn vi kanskje likar å tru.
T.d. er Ingunn Røiseland, nå såkalla frikvinne og den som påstod at vaksiner kunne inneholde "nanochips" slik at "dei" skal kunne kontrollere oss, ein tidlegare elev ved Marta Louise sin engleskule, kva no enn slags skule det skal være.

22.juli vart også tatt opp, heile denne tragiske saken bygger på gjerningsmannens forestilling, ein konspirasjonsteori, om at Europa og Norge skal bli overtatt av muslimane.


Færseth har åpenbart stor kunnskap om dette temaet, og eg har iallfall ikkje kjennskap til mange andre med tilsvarande peiling på dette.
I løpet av den timen han snakka, så brukte han ikkje manus, og berre det å hugse alle namna på dei som har surra seg ut i ko-koland er ein stor prestasjon. Vi snakkar tross alt om eit heller stort tidsspenn, og sikkert hundrevis av navn.
Foredraget var interessant og lærerikt, samt ispedd nokre meir eller mindre tragikomiske forteljingar om dei vanvittige teoriane som rir folk "der ute". Vi snakkar om meir heilville idear enn vi antaglegvis kan forestille oss.



Timen gjekk dessverre altfor fort, men det var høve til å stille forfattaren spørsmål etterpå. Til å byrje med var forsamlinga noko beskjeden, men vi tødde da opp etterkvart, og det vart ei småmunter stund. Færseth imponerte meg med all den kunnskapen han har opparbeida, og han var svært hyggeleg å være i rom med.
Etter at spørsmålrunden var slutt (dessverre altfor kort den og), så kunne vi snakke litt meir uformelt isaman. Eg fekk signert boka mi fra i fjor, og kjøpte liksågodt den siste boka hans også, "Ukraina".


Dessverre hadde eg ikkje høve til å være der så mykje lenger, men dei to timane eg fekk med meg, var veldig interessante og småmorsomme. John Færseth har openbart lagt ned mykje arbeid i bøkene sine, og eg kan på det sterkaste anbefale den eine som eg har lest sålangt.
For ein legmann som meg, med knapt gjennomført grunnskule, er det veldig OK at stoffet blir presentert på ein lettfattleg måte, utan for mykje akademikarvissvass.
Det klarde Færseth på utmerka vis.



Temaet konspirasjonsteoriar er langt meir interessant enn det kanskje høyres ut som.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar