tirsdag 24. mars 2015

Gåturar 2015, ein billedkavalkade



24.5.2015:
Det er sju månader til jul, og det markerte vi med ein liten kveldstur oppover Engadalsvegen, samt å få siste viktige klypp i korta fra Helselaget.

Utsikt.


11.5.2015:
Ein tur for å gjere litt dugnadsarbeid. Litt ruskevær, men det lever vi godt med.


Skodde gir alltid litt ekstra god stemning i skogen.








Mellom Sandvikberget og Engadalsvegen fekk vi laga til ein sti for eit par år sidan. Her eit utsynsbilde derfra.




3.5.2015:
Ein tur fra Engadalen og heim, om Lø.

 I byrjinga av mai er det framleis snø langs vegen.



























Utsikt fra Lø. Her gikk eg ned ein gang, men holdt på å ramle utfor, så det vart med den eine gangen.



20.4.2015: Ein liten rusletur oppover Engadalsvegen.


































3.4.2015:
På skitur, Nigardsgrandane. Ferdige løyper etter Bjønnarennet dagen før.

Flotte løyper, brukbart føre. Vi ser mot Nigardsbreen.





























Ein liten pause er eit must, og da kan vi sjå opp mot Fagredalen.



2.4.2015:
For ein del år sidan vart det merka ein tursti fra Råadn og inn til Nes.
Denne skulle vi prøve å utforske i påska, men det vart ikkje akkurat noko storsuksess, sjølv om utsynet var fint. Litt kronglete, og ikkje vedlikeholdt merking gjorde det problematisk å finne fram. Det vert sikkert lettare neste gang.


Før det vert altfor grønt i skogen, er det til dels fint utsyn.

Her ser ein noko merking, men denne er nok nokre år gamal.


Ein fin og varm aprildag!




27.3.2015:
Helselaget har satt opp ein boks med tang i Judassvingen, og med eit dertil egna klippekort, så er det berre å ta turen. For oss som bur i nabolaget er det ein fin liten ettermiddagstur for store og små.
Desse tre bilda er fra 26.3.2015.

I vinter har det vore opprensking i elva. Det var sikkert på tide, med tanke på at vatnet sist haust nådde heilt opp i gangstien. 




Elveforbygninga ovanfor Tandla vart også utbetra i vinter.
 
 

Svart/kvittbilde. Alltid like gøy. Spesielt når ein får med høgspenten.



24.3.2015:
Sidan det er ein eigen post om sykkelturar, så kan eg like godt lage ein om små turar i nærområdet.
Det treng ikkje være så store greiene for at det skal være verdt å hugse.


Ein liten fottur ca. 1. mars. 

Masse regn dei siste dagane hadde tæra hardt på snøen (ju-huuu!) da dette bildet vart tatt ca. 1.3.2015


På sjølvaste kvinnedagen (ja, det er 8.mars), så markerte vi støtte til deira kamp ved å gå årets første tur opp Gåpnaberget....


Eit ynda fotomotiv nå om våren, foto 8.3.2015


Vi treng ingen langtur for å ha det hyggeleg. Ein svipptur opp i Judassvingen for å klyppe i trimkortet er i mange tilfeller godt for sjel og kropp. Foto pr. 17.3.2015.


22.3.2015 var vi i Bergen, og etter øspøs dagen før, så var det fint vær og blå himmel med "grei" utsikt fra Fløien.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar