lørdag 17. januar 2015

This is the end

Nei, det er ingen frykt for at verda skal gå under.
Sjølv om det er akkurat det som skjer i denne heilville katastrofekomedien fra 2013.
Kom over denne filmen for eit par dagar sidan, og det må være ei stund sidan eg har sett ein så vill film.

Six worried-looking men stand on a suspended part of a street over a fiery pit. The primary cast members are listed across the top, and the tagline "Nothing ruins a party like the end of the world" is at the bottom.

Plot:
Jay Baruchel, som spelar ein slags versjon av seg sjølv, kjem til Los Angeles for å besøke sin gode venn Seth Rogen, som også spelar ein versjon av seg sjølv.
Forresten, alle i filmen spelar seg sjølv, forhåpentlegvis grovt karikerte.
Jay og Seth hamnar på fest hos James Franco som har eit haraball av ein innflyttingsfest i den nye millionvillaen sin. Her er det drøssevis av kjendisar, så som Rihanna og Emma Watson. Dei har rett nok ikkje så store rollar i filmen, men det er nå likevel litt morsomt med kjendisar som latar som dei er i tåka. (Noko dei kanskje også er?)
Etter ei stund på festen reiser våre to heltar avgarde for å kjøpe sigarettar, og medan dei er i butikken så ser dei at nokre personar vert henta fra oven  med ein slags blå stråle. Samstundes er det eit enormt jordskjelv, og dei kjem seg etter litt slit attende til Franco sin villa.
Den eine kjendisen etter den andre forsvinn, bl.a. i eit digert synkehol, vulkanar eksploderar, jordskjelva fortset....Ulykker, død og forderving.....

Til slutt er dei berre fem tilbake i huset, og dei bestemmer seg for å bli der fram til dei vert redda.
Neste morgon får dei besøk av Danny McBride som lagar frokost og sløser enormt med dei ressursane dei har att. Han har sjølvsagt ikkje fått med seg katastrofene på utsida av huset, sidan han var så full og dopa kvelden før.

Og så vert det berre verre..... Det ER verkeleg endetida som er komen, på slutten manifisert i form av ein tohundre meter høg djevel.


Ein heilvill komedie er det blitt. Dopet flyt, drikkinga er sanselaus (så lenge det varer), og dersom det er slik kjendisane lever, så er det neimen ikkje rart dei dauar før dei ser 30-års dagen.

Det er rett nok ein komedie, men det er definitivt ingen humorfilm for kven som helst. Humoren er av det grove slaget, banninga er nonstop og dei medverkande verkar blåst for alt som minner om sunn fornuft. Noko som sjølvsagt er heile poenget.


Det er ikkje til å komme fra at eg lo både høgt og masse undervegs. Alt er ikkje like morsomt, t.d. er Danny McBride slitsom, men totalt sett var dette ein artig film, med eit originalt plot. Seth Rogen var, i tillegg til ein av hovedrolleinnehavarane, også regissør, og filmen var ein suksess både hos pblikum og hos kritikarane.
Dersom ein har sans for rølpehumor og katastrofefilmar, så må dette være eit lite gulkorn.

Lavmål: James Franco og Danny McBride i ein altfor lang scene om kvifor Danny ikkje skal "jerking off" i huset.

Høgdepunkt: Det å høyre Hermine Grang sei "shut the fuck up" var magisk....(!)

Eg likte filmen såpass godt at eg gjerne hadde gitt ein femmar, men sidan eg ikkje kan utstå Danny McBride, så vert det kun ein .


Filmen vart som sagt ein suksess da den kom for halvanna år sidan. Av eit budsjett på 32 mill USD, så har den no drege inn 126 mill. USD. Det må seiast å være svært bra.
Alt i alt 106 minuttar grei tidtrøyte ein januarkveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar