lørdag 10. januar 2015

Religiøs fanatisme

Religion gjev seg innimellom ekstreme utslag, nå sist manifisert i Frankrike.

Unge menn (og ei kvinne som pr. nå iallfall, ikkje er pågrepen), tek livet av 17 personar. Og årsaka?
Fordi dei vissnok skulle hevne profeten....
Vel. Det er iallfall det som blir sagt, men kanskje det heller er meir eller mindre mislykka individ som må få utløp for års oppbygd frustrasjon. Kanskje dei har funne "meininga med livet" i islam?

Uansett: Horrible handlingar som ikkje kan unnskuldast.

Det hjelper heller ikkje på inntrykket av muslimar at ein gjøk står fram på TV2 og, om ikkje forsvarar handlingane, så i det minste forstår han dei.

Det er da ein tenker : WHAT THE FUCK??
(Eller den norske varianten: MEN I HELVETE DA??)

Same fugl, dvs. gjøk, dreg fram det faktum at det i 17 land, deriblant Frankrike, er forbode ved lov å benekte holocaust.
Han meiner, og dette er seriøst, at sidan jødane var "beskytta"(?) på denne måten, så burde det også være rom for å forby hatefulle ytringar mot muslimar, t.d. i form av å tegne profeten.
Som om det å tegne karikaturar og utryddinga av seks millionar jødar liksom var det samme.

Altså....heldigvis bur vi i Norge, og her er det uaktuelt å forby noko slikt. Blasfemiparagrafen er sovande, sist brukt for 100 år sidan eller noko sånt. Fjern heile paragrafen først som sist. Vi kan ikkje forby alle utsagn fordi det tilfeldigvis skulle trakke nokon på tåa.

Eit av kjenneteikna på eit demokrati er nettopp dei utålelege ytringane. Ytringsfridom er ikkje laga for dei vanlege ytringane, men nettopp for å verne utsagn som vi normalt ikkje liker.
(Dog: Ytringsfridomen har sine grenser her i landet også. Rein løgn og sjikanerande utsagn mot einskildpersonar er det reagert mot dei siste år, t.d i denne saka)


Men dette med blasfemi er noko heilt anna enn å skulde navngitte personar for å være pedofile nazisugger.
Det er faktisk slik at ein av "ulempene" med å bu i Vesten er at da må ein finne seg i å bli karikert, uansett om ein er  muslim, jøde, buddist, ateist, katolikk eller you name it. Dette er ein av dei verdiane som vi skal sette høgast. Hvis du, som innflyttar ikkje kan tåle dette; Vel, da får du heller reise herfra.

Vi har det ikkje slik som i Saudi Arabia, dette landet som i etikk og moral framleis lever i den mørkaste middelalderen. At vi som nasjon kan drive handel med dette despotiet av ein nasjon får meg til å undrast over kva ryggrad våre folkevalde har. Nei, forresten: Saudi Arabia har olje...



Men det er ikkje berre muslimar som gjer totalt latterlege ting. Eller ikkje berre latterlege; direkte skadlege kan dei faktisk være. Slik som denne historia fra Myanmar, eller Burma som landet heitte tidlegare.
Kva gale dei hadde gjort? Jo, dei hadde manipulert eit bilde av Buddha, laga litt psykedeliske fargar og (O SJOKK!!), putta på han eit headset.
For dette risikerer folka bak fire års fengsel....
Det kunne vore til å le av, men det har jo tragiske følger for dei det gjeld. Fire år i eit burmesisk fengsel høyres lite fristande ut.


Men jødane, dette folket som får skulda for omtrent alt som smakar av komplott og konspirasjonar, dei har vel ikkje slike ekstreme fjols som buddistane og muslimane??
Nei, kanskje dei ikkje slaktar ned uskuldige grunna ein tegning, men einskilde også blant jødane lever i middelalderen. Seinast godt illustrert ved dette høvet: Ein gjeng såkalla "ultraortodokse" forsinka flyet fra New York til Tel Aviv med 11 timar. Årsak: Dei kan ikkje sitte ved sidan av kvinner...
Eit godt råd: TA ROBÅTEN NESTE GANG, IDIOTAR. Nei, forresten, dei ultraortodokse kan ikkje ro. Det vil jo medføre fysisk aktivitet, det er fy-fy.

Har kristendommen nokre utslag av galskap? You bet! Som den største verdsreligionen er det eigentleg heller eit spørsmål om kva ein skal velge. Så la oss hoppe til USA, og ei av dei mest usmaklege kyrkjene vi finn der borte, nemleg Westboro Baptist Church. Dette særs motbydlege kyrkjesamfunnet har gjort det til ein vane å demonstrere ved gravferder til nær sagt kven det skulle være, og håne og trakke på den døde mest mogleg. Årsaka er eit intenst homohat. Det er homoane sin feil at USA sine soldatar døyr på slagmarka. Eller enda verre: 22. juli var guds straff for at Norge hadde liberale homolover...

Det er så ein ikkje trur det ein høyrer. Men ekstremistar er eit forunderleg folkeslag. Undrar meg på om dei rett og slett er svake sjeler, utan nevneverdig mange hjerneceller?
Mange hjerneceller er det heller neppe blant ungjordkreasjonistane. Dei meiner seriøst at Bibelen sin skapelsesberetning skal tolkast bokstavleg. Jorda er 6000 år gamal seier dei. Vel. Det fins tre som er eldre enn det.
Endatil paven (i den ikkje alltid like nytenkande katolske kyrkja) har nå krope til korset (tog du `an?), og innrømma at evolusjonsteorien er eit faktum.
Bill Maher seier det så utruleg bra i denne monologen fra i fjor vår.
Religion har nokre mildt sagt pussige problemstillingar som alle med eit snev av logisk og kritisk sans burde forstå.


Men til slutt skal vi sjå på noko av det mest groteske innan religiøst vanvidd eg har høyrt om. Vi skal til Nepal. Og her er det hinduane som er, ja rett og slett, gale.
Det er anslått at 500 000 dyr og fuglar skal ofrast til ein eller annan guddom, dette for å bringe hell og lykke. Blant dyra er det eit såpass stort dyr som vannbøffel, og 5000 slike vart slakta ned i løpet av ein dag.
"Vi kan ikkje stoppe dette, det vil fornærme folk si tru", vert det uttalt fra offisielt hold.
Jo, visst FAEN bør du det.
Dette er, utan samanlikning, noko av det mest barbariske eg har høyrt om i heile mitt liv. Ein halv million dyr skal ofrast til Skybert???





OK, dette vart masse avsindige einskildhendelsar, men alle religionar har det til felles at dei meiner akkurat deira religion er den rette.

Ein slik slutning fortel meg berre at sannsynlegvis har dei alle feil.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar