fredag 5. desember 2014

Vegbygging

Oppdatert 23.1.2015:
Planlegging utover nasetippen er problematisk?
Iallfall er det vanskeleg med langsiktig planlegging når ein nå ser at 2,3 mrd. i Hardanger medfører at det er ynskjeleg med enda ei ny bru, fire mil vekke.
Denne veka vart det lagt fram prioriteringsvegane mellom aust/vest, og der vart Hardangervidda nedprioritert.
Det er for så vidt ein fornuftig prioritering å gå for Hemsedal og Haukeli, men før den tid er det altså brukt mellom anna 2,3 mrd. på ei bru i Hardanger, pluss hundrevis av millionar (og sikkert også ein mrd. her og der) på Filefjell.
Langsiktig planlegging anyone??

Ellers så merkar ein seg at det var ynskjeleg med bru fra Mannhiller til Fodnes. Vi må åpenbart ha veldig mykje pengar her i landet som brenn etter å brukast opp.
Som tidlegare nemnt er fjorden her tre kilometer brei, noko som vil medføre ei bru dobbelt så lang som 2,3 mrd. prosjektet i Hardanger. Og sannsynlegvis med ein heilt annan skipstrafikk.
Og Sognefjorden er ikkje berre brei, den er også djup, faktisk like djup som fjella rundt.
Fjorden er over 800 meter djup. Til samanlikning er vegen over Gaularfjell 748 m.o.h.


















 
 
Utfra eit blikk på sjøkartet, så forstår alle (?) at tunnel under fjorden er uaktuelt.
Kostnaden med å bygge bru her, må også bli enorme, ser ikkje noko grunn til å juble over det.
Det fins andre ting å bruke ørti milliardar på.
 
Var det ikkje slik at vikjene skulle få seg ein tunnel til Voss snart??





Oppdatert 6.12.2014:
Og i dag har NRK S/Fj. dette oppslaget.
Det er vel noko av det beste som er sagt i denne saka.
Hotelldirektøren i Stryn er skuffa over sine fylkespolitikarar, og det har han nok all mogleg grunn til.


***********************************



Det er ikkje lett å bygge veg.
Eller rettare sagt: Det er ikkje lett å velge kva veg som skal byggast.

Det må være konklusjonen utfra dette oppslaget.

Staten vil ikkje bidra med midlar til dei få kilometrane som står att, og fylket har ikkje pengar.
Iallfall hvis vi skal tru fylkesordføraren.

Det korrekte er jo at fylket heller brukar kroner (masse kroner) på heilt andre vegstrekningar.

Utbetringa av "landets verste veg" har pågått i årevis, og har vore avhengig av stadig nye bevilgningar. Det har medført stegvis utbygging, og nå kan ein altså risikere det typisk norske vegbyggarfenomenet: Fin veg i eit par mil, før ein får tilnærma geitesti.

"Landets verste veg" er sterkt trafikkert (iallfall til å være her i fylket), og her hopar det seg fort opp med endelause køar når t.d. den danske Skodaen med polsk campingvogn møter den latviske trailerkolonna.


Men la oss sjå på dette med midlar: Fylket har jo ikkje pengar påstår fylkesordføraren?
Jo, fylket har masse pengar til å bygge veg. Dei har berre valgt å bruke pengane på heilt andre vegar, så enkelt er det.
Det mest famøse eksempelet er såklart bygginga av Dalsfjordbrua.
Ein milliard vart nytta til å få ferdig skandalevegen som stod halvferdig i over 30 år, og som gjorde ferjeleiet Dale-Eikenes overflødig.
Ei flott bru, bevares, og vi unner alle i Askvoll ein bedre veg enn den livsfarlege strekka inn mot Stongfjorden. Det var altså viktigare å avløyse ferja med sine 75 daglege bilar, framfor å bygge ferdig "landets verste veg".

OK, Dalsfjordbrua har stått ferdig i eitt år no, så ein kan kanskje ikkje laste den for framtidige manglande bevilgningar til Olden-Innvik.

Istaden kan vi sjå på eit nyare døme, nemleg i vår eigen kommune, Veitastrondsvegen. Her vart det i april i år signert ein kontrakt på knappe 150 millionar.
Eg er ingen vegekspert, men eg vil tru at ein hadde komen langt med 150 mill på dei få kilometrane som står att mellom Olden og Innvik.
Men skal ikkje strendingane ha trygg veg?
Jo, så klart skal dei det. Men er det nokon som verkeleg trur at denne svært rasutsatte vegen vert heilt trygg grunna denne eine tunnellen? Skal det bli trygg veg til Hafslo, så må ein vel legge heile strekka i i fjell.
Og kvifor det ikkje er bygd ein lang tunnell under breen til Leirdalen er meg ei komplett gåte. Kortare veg til Gaupne, endatil kortare veg til Sogndal, og med unntak av snuen fra Leirdalen og ned til fylkesvegen fram Jostedalen, også betydleg bedre standard.
Sikker veg hadde vi fått også.
Som sagt: Uforståeleg.

Men uansett: Der vart det iallfall bevilga 150 mill, som Olden-Innvik ikkje fekk, så da hadde fylket pengar likevel. I år.

I framtida da, da har vel ikkje fylket pengar? Ja, sidan dei ikkje kan sette av kroner til ferdigstilling av denne svært viktige vegstubben i Nordfjord?

Vi tek ein kikk på fylkeskommunens eige investeringsliste for vegane i fylket. Det burde være tomt, skal ein tru uttalen fra fylkesordføraren, men nei.
Det er faktisk satt av 210 millionar til "Førdepakken" dei neste tre åra. Og som ikkje det var nok; Dei tre åra deretter er det satt av 350 mill til samme pakke. Det betyr 660 mill, og så vert det påstått at det ikkje er pengar?


Politikk er kunsten å prioritere. Denne kunsten ser det ut som om våre vegbevilgande fylkespolitikarar ikkje kan.





Men når tastaturet nå er varmt....

Vegdirektoratet har nå bedt om vurdering av bru mellom Mannheller-Fodnes.
Det er så ein kan byrje å lure: Det er 20 år sidan dette sambandet opna, og i dag er det ein kjempesuksess, med gode ferjeovergangar omtrent døgnet rundt.
20 år etter bygginga av det neppe heilt billige veganlegget. vert det altså kasta fram eit innspel om bru...

Vi tek ein kikk på dei faktiske tilhøva: Det er knappe tre kilometer over fjorden her. Kva slags bru kan vi rekne med skal gå over her?
Det har vi fagfolk til å finne ut av, men det kan jo nemnast at landets noværande lengste hengebru, Hardangerbrua, er knapt halvparten så lang. Med tilhøyrande tilførselsvegar, så kom den på 2,3 milliardar kroner. Noko seier meg at dersom ein skulle velge ei hengebru her, så vil det kreve ein heilt ny og revolusjonerande byggemåte, evt. nokre tårn  ala Eiffeltårnet. (Monstermaster, hallo?)
Tunnell under fjorden? Neppe. Fjorden er over 800 meter djup skal vi tru sjøkartet. Det hadde blitt ein alvorleg bratt tunnell.

Uansett: Kostnaden med ei slik unødvendig fjordkryssing vil antaglegvis bli astronomisk. Kanskje like dyr som å bygge begge Sognefjellstunnelane, som i motsetning til ferjefri strekning Mannheller-Fodnes, er eit nasjonalt kupp, og som det nesten er ufattleg ikkje er høgare oppe på dagsordnen.
Med tunnell fra Årdal til Skjolden, og deretter fra Fortun til Leirdalen i Lom, så hadde vi fått eit vegprosjekt av stort nasjonalt format. Vi hadde bunde saman landets nest største og tredje største by, og vekstsentra i Stavanger/Sandnes hadde fått ein vesentleg kortare (og ferjefri) veg til Trøndelag og Mjøstraktene. Og det utan ein einaste fjellovergang.
Og attpåtil: Sikkert til ein brøkdel av prisen av det ein ferjefri (og mykje lengre) kyststamveg vil koste.
Kva er forresten problemet med ferjer? Det er openbart populært å bygge bruer, men når tilførselsvegane på begge sider er hinsides elendige, så hjelper jo det lite. Bygge heller skikkeleg vegar først, så kan vi snakke bruer.


Vegdirektoratet som kasta fram denne absurde fjordkryssingsideen, kunne heller sendt nokre kroner over til bygginga av eit ekstra løp i Ulrikstunnellen, ein av Europas travlaste, og overbelasta togtunnellar. Eller kanskje til jernbanesambandet mellom Gjøvik og Lillehammer, sist vedteke bygd under krigen, men som kjent har ingeting skjedd på dei 70 åra....


Slike snåle eksempel som vist her, underbygger ikkje akkurat tilliten til våre folkevalde.
Forresten har eg inga tru på at det eine eller det andre partiet er i stand til å få gjort noko med det, Beslutningsvegring er ikkje greit, men som tidlegare nevnt: Politikk er kunsten å prioritere.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar