søndag 14. desember 2014

Sykkelåret 2014, fra A til Å

A for april.
Månad av året da alle lokale syklistar finn ut at dei skal ut å trille. Forøvrig ein veldig god ide.

B for Boasson Hagen.
Norsk syklist som har dalt i prestasjonar siste åra. Nå på eit sørafrikansk lag saman med lassevis av andre nye ryttarar som har nesten samme eigenskapar.

C for cyclocross. Den desidert kulaste vinteridretten! Langrenn og hopp? Boooring.....
Ta ein kikk på eit cyclocrossritt fra Belgia.

D for drittvær. Noko vi opplevde på både Sognefjellet og Hardangervidda i år. Og det til dei grader.

E for Eidfjord. Tettstad i Hardanger der ein kan kvile litt før ein skal sykle Måbødalen.

F for Fanaråken. Fjell i Jotunheimen som vi knapt kunne brydd oss mindre om medan vi sykla forbi der i eit episk vær.

G for Grusveg. Vegdekke som er artig å sykle på, spesielt hvis ein sjølv har cross, og dei andre har racer...

H for Hushovd, med Thor til fornamn. Norsk supersyklist som burde og skulle vunne mykje meir dersom han hadde valgt dei rette laga. Nå legg han opp, men du verden kor mange gode stunder han har gitt oss.

I for infernalsk vær på fjellovergangane, hagl og storm i vindkasta. Kjem ikkje over dette. Sjå ellers D.

J for Jostedalen. Fint dalføre der ein kan sykle heilt opp til nesten 1200 m.o.h. og i over 10 mil.

K for kilo. Noko ein har altfor mykje av.

L for lettvektar. Noko ein drøymer om å bli, sjå ellers K.

M for morgonstund. Tidspunkt på døgnet da ein absolutt ikkje skal sykle. Heretter blir det ikkje mange turane ut før kl. 1200 om dagen. Gi meg kl. 2100 om kvelden ein fin sommardag istaden.

N for natt. Tidspunkt på døgnet ein må stå opp for å rekke starten på Voss-Geilo.

O for Oscarshaug. Punkt på Sognefjellet der ein var glad for å ha litt for mange K under årets Sognefjellritt.

P for Paris-Roubaix. Sesongens mest spesielle sykkelritt. Med brustein i over 50 km.

Q for Quintana, Nairo til fornamn. Superklatrar fra Colombia som garantert vil vinne Tour de France i løpet av eit par år. Giroen i år....

R for rot. Tilstanden i internasjonal sykkelsport. Eit forbund som er i utakt med det meste.

S for Sykkel.

T for tøffing. Eller Adam Hansen om du vil. Australsk syklist som for andre år på rad fullførde alle dei tre Grand Tours. Legg så til Vuelta 2012, og han har fullført 10 GT på rad.

U for uhell. Noko som skjedde med Contador og Froome i Touren, og som la vegen heilt open for Nibali. Han var suveren.

V for Valverde. Sleip ål av ein spansk syklist som har vunne lassevis med ritt, og som er like god etter dopingsoning som før.

W for Wevelgem. Belgisk by som er mål i sykkelrittet Gent-Wevelgem....

X for AleXander Kristoff. Første nordmann som vinn eit av dei fem Monument, samt at han vant tonnevis med andre ritt også. Fantastisk!

Y for ynkeleg. Tilstand ein kan føle seg i når ein står under bakluka på bilen sin i haglvær på Dyranut og ventar på å sykle dei siste fem mila til Geilo.

Z for zebrastriper. Dei nye draktene til Luster SK f.o.m. 2016...

Æ for ære. Noko som gjer at ein kjem til mål uansett kor Y ein måtte føle seg.

Ø for øl. Såklart. Drikk som er særs godt etter ritt.

Å for "Å, skal du på spinning no atte?" Uttrykk som ein gjerne høyrer no om vinteren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar