lørdag 6. desember 2014

"Funnen av klarsynt"

To triste forsvinningssaker har fått mykje merksemd i lokalmedia dei siste dagane.

Og som alltid når det snakk om forsvunne personar så kjem dei klarsynte på bana.

Eller "klarsynte".


I Gloppen vart den sakna personen endatil funnen etter råd fra den klarsynte. Eller "klarsynte".


Forresten: Han vart ikkje funnen av den såkalla synske likevel. For i artikkelen kjem det fram at den "synske" hadde peika ut eit område, som det sjølvsagt ikkje var søkt i før (allereie her skurrar det).
Vedkommande hadde satt ring rundt eit område på ca. 300x300 meter, noko som er innihelsike vagt i seg sjølv.
Og kven veit om dette var det første området han ringa inn? Det seier artikkelen ingenting om.


Og så, prikken over I`en: Den sakna vart ikkje eingang funnen i det avringa området, men eit parhundre meter utanfor....

Vel: Da HAR jo ikkje den synske funne han i det heile teke.
Likevel presterer NRK Sogn og Fjordane å vri det dithen at den sakna vart funnen etter råd fra den "synske". Altså: Les ikkje journalisten kva han sjølv skriv? Det var jo akkurat det som ikkje skjedde, han vart IKKJE funnen i det (Langtfra) avgrensa området.
Han vart nemleg funnen i eit område på 500x500 meter, Eit areal på 250 000 kvadratmeter...

Og dette kallar dei "funnen etter råd fra klarsynt"....


Dårleg journalistikk blotta for kritisk sans.



Vi får også håpe at inititivtagaren som takkar "klarsynte" Michael Winger for hjelpa ikkje representerer det offisielle synet til Gloppen Røde Kors.
Dersom Luster Røde Kors benyttar seg av humbugnissar på dette viset, så er iallfall støttemedlemskapet mitt ein saga blott.


Så må det seiast at dersom Michael Winger viser seg å inneha desse overnaturlege evnene, så skal eg bøyge meg i støvet og endre meining. Alt tyder imidlertid på at han, som alle andre sjølverklærte "synske" før han, berre er enda ein juksemakar.
Han vil ikkje la seg teste, enda dette kunne vore ein verdssensasjon av dimensjonar.
Og hvis han går med på ein test, så kan eg neste garantere at det er ei eller anna dum orsaking som dukkar opp.
Alt han kjem med er dei vanlege vage frasene basert på kvalifisert gjetning.

Han er antagleg like klarsynt som alle oss andre, dvs. ikkje i det heile tatt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar