torsdag 27. november 2014

"We`re the Millers"

Ny DVD i heimen, innkjøpt som samlepakke saman med to skrekkfilmar som eg forhåpentlegvis får høve til å sjå. Ein gang.
Men rakk iallfall å rase igjennom "We`re the Millers", ein heller grovkorna komedie om småpusharen David som må raske saman ein liksomfamilie for å smugle to tonn dop fra Mexico.



Filmen er som nevnt ein komedie av det heller grovare slaget om ein mellombels familie, og berre så det er sagt: Dette er definitivt ingen film FOR familien.

Plot: Narkoselgar i småskala David, (Jason Sudeikis) vert rana(!) av ein tenåringsgjeng. Det medfører at han må stå til rette for sjefslangaren sin, og han har ikkje noko valg: Han må reise til Mexico og hente "litt" dop. Når han har gjort det, så er gjelda sletta.
Men David ser ut som ein smuglar, og treng sårt til hjelp. Kva skal han finne på? Jo, han bestemmer seg for å kle seg ut som ein familie....
Han får med seg naboguten, ein 18-åring utan foreldre, samt ein pengelens stippar (Jennifer Aniston) og ei heimlaus jente. Dei blir dressa opp til å sjå ut som ein normal familie, og hoppar på flyet. (Flyscenen er i seg sjølv kosteleg)
Dei får så tak i ein gedigen husbil, som dei køyrer rett inn i eit narkoreir.
Den "vesle" mengden med dop, viser seg å være to tonn marihuana.

Så skal dei heimatt til USA.....

Og som eit ekstra krydder: Dei får sjølvsagt ein meksikansk narkobaron etter seg.
Samt at dei treffer eit anna par i husvogn....


Diverse forviklingar følgjer, og eg må innrømme: Eg lo. Mykje og høgt.
Ein ting er den sanselause banninga gjennom heile filmen; humoren er enkel og rølpete.
Skodespelarane er gode, sjølv om Sudeikis kanskje gjer vel mykje ut av seg.
Ein mykje omtala strippescene med Jennifer er for nokon verdt heile filmen, men akkurat denne scena har fått ein del kritikk. Uforståeleg i mine auge. Aniston er forlengst passert 40, men må seiast å halde seg godt...

Filmen, som kom ut i fjor, gjorde det veldig bra på kino, iallfall økonomisk. Av eit innspelingsbudsjett på 37 mill. USD (der antaglegvis 10 mill gjekk til Aniston). vart det tjent inn pene 270 mill USD. Kritikarane var lunke, men som sagt; Likar du grov humor, så kan du trygt bruke knappe 110 minutt på denne. Sjekk gjerne ekstramaterialet på DVD og BlueRay forresten!!


Nokre småmissar her og der var det jo, t.d. var Ed Helms som narkobaron ikkje det heilt store, men i det store og heile: Ein komedie som du anten kjem til å le høgt og lenge av, eller ein komedie som du kjem til å mislike fordi humoren er primitiv.


Høgdepunkt: Når "Rachel" fra "Friends" seier "Eat a dick" og "A big black cock".

Lavmål: Ed Helms har ein spekkhoggar i akvariet sitt. DUH!!!


Eg er ein enkel sjel og gir glatt ein 
Enkel sjel, enkel humor.

Ju-huuu!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar