lørdag 22. november 2014

The Hunger Games: Mockingjay

Ein ny tur til Oslo har medført ein ny tur på kino. Eigentleg skulle vi sjå Interstellar, men endte opp med det som sikkert vil bli ein publikumssuksess; nemleg "The Hunger Games: Mockingjay, part 1"
Dette er den tredje filmen i serien, basert på dei populære bøkene med samme namn.
Som med den siste Harry Potter boka er også denne delt i to filmar. Det er sjølvsagt kun for å skaffe meir cash.

MockingjayPart1Poster3.jpg

Eg har ikkje sett nokon av dei andre filmane før, men har i det minste fått med meg at dette er ein megapopulær filmserie, som nok henvender seg til eit publikum av den noget yngre ungdomstida.
Det er forsåvidt greit nok.
Filmen har fått gode kritikkar, og bl.a. VG har gitt treningkast fem, og  meddelte at dette var ein nesten som ein krigsfilm.

Plot: 24 år gamle Jennifer Lawrence spelar 17 år gamle Katniss Everdeen. Ho er flink med pil og boge, og har overlevd dei to første filmane, ju-huuu!
Handlinga går føre seg i eit slags postapokalyptisk landskap som antaglegvis skal forestille USA ein gang i framtida. Hovedfienden er Capitol, eit slags diktatur som skal styre over dei andre distrikta i landet (??) Panem.
Katniss vert meir eller mindre motvillig prøvd framstilt som ein slags heltefigur i sitt distrikt, nr. 13. Det lokale propagandaapparatet vil gjerne bruke ho til å samle alle dei andre distrikta i kampen mot Capitol, og dermed må ho også ut i "krigen".

Forutan å kjempe mot onde sentralmakter i, må Katniss også sjå at venner og kjære blir tatt til fange, utsette for farar, samt masse anna styggedom, som t.d. hjernevasking. Det har nemleg hennar hjertevenn Peeta fått gjennomgå, og han er nå ein lydig talsmann for dei onde kreftene i Capitol.

Mykje av filmen går med til å være under jorda, i digre bunkerlignande underjordiske byar. Av og til er hovedpersonane oppe over bakken, og da som oftast i ein eller annan ruin.



Nå er eg ingen stor fan av krigsfilmar, med unntak av "Der Untergang" og "Stalingrad", men "The Hungergames: The Mockingjay, part 1" er lysår fra å være ein god krigsfilm. For det første er det nesten ikkje krigshandlingar der i det heile tatt, og filmen er enda fleire lysår fra å minne om "god". For å være ærleg er dette ein av dei desidert største nedturane eg har hatt på kino EVER.
To timar der det skjer så godt som ingenting, unntatt at Jennifer har litt mareritt.
Alt er forutsigbart, og alt går i sirup, det skjer som sagt ingenting..... herregud for ein kjedeleg film....
At dette fenomenet av ein film og bokserie er vorte så populært er meir enn eg kan fatte og begripe.

Forutan at det skjer null og niks, er det nokre enorme manglar på logikk: Det verste eksempelet er når Katniss fyrer av den einaste pila si i heile filmen. Ho skyt da ned (Spoiler alert) eit slags hypermoderne jagar-bombe fly av eit eller anna slag. OK, det er visstnok ei sprengstoffpil, men dog.
Eg har prøvd å skyte etter fly på ei skytebane med tungt maskingevær, og tru meg: Det er dritvanskeleg å i det heile tatt være i nærleiken. Det til tross for at vi skaut hundrevis av skot.
Jennifer klarar dette. Med EI føkkings PIL. Og BOGE.

Hjelp

Av andre negative ting, må det jo nemnast at omtrent heile filmen er i eit slags diffust underjordisk mørke. Det gjer det meste uklart og skyggefult.

Forresten; Nemnde eg at det omtrent ikkje skjedde noko i heile filmen?

Det var også direkte irriterande at folket måtte rømme langt ned i bakken, men at Katniss si søster sjølvsagt mangla fordi ho måtte finne katten sin....Om ho og katta kom velberga ned akkurat i det dørene vart stengt?
Jepp.

Forresten; Nemnde eg at det ikkje skjedde stort i denne filmen?

Ei imponerande rolleliste til tross: Hjelpe meg for ein kjedeleg og elendig film.
Det hjelper lite å drasse inn mange toppnavn fra Hollywood, når det ikkje skjer den døyt i samfulle to timar.
Skal eg nemne noko positivt, så må det være flotte skodespelarprestasjonar. Til tross for at dei omtrent berre pratar, og aldri gjer noko som helst utanom det.


Det er iallfall første og siste gang eg kastar vekk tida mi på denne filmserien. Ein DVD med dei 100 beste værmeldingane fra 1970-1975 hadde gitt meg meir underholdning.


Høgdepunkt: Phillip Seymour Hoffmann i si siste rolle. Phillip er aldri feil, sjølv om han her er eit univers ifra si glimrande rolle i t.d. Boogienights. Vil du sjå ein verkeleg god film, så sjå heller den.
Ja, og så må eg ta med at ein av Katniss sine beste venner likna veldig på Peter Sagan.




Lavmål: Jennifer og pila. Det er berre for dumt.


Dette høgbudsjettsmølet kjem sikkert til å dra dollar til den store gullmedaljen.
Det forhindrar ikkje at filmen "Lucy" som eg såg for nokre veker sidan og som eg gav terningkast to, framstår som eit meisterverk i forhold til to timar søvndyssing ala "The Hunger Games: The Mockingjay, part 1"

Årets klaraste 


Ja, til slutt: Tok eg med at det skjedde nesten ingenting i løpet av dei to timane filmen varde?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar