søndag 2. november 2014

The Equalizer

Det vart jammen tid til ein ny kinotur denne veka, på sjølvaste Colosseum i Oslo. (OK; det var i den minste salen)
Nokre kloke hovud hadde funne ut at actionfilmen "The Equalizer" vart verdt å bruke to timar og 11 minutt på, og sjølv om eg er ingen stor fan av æksjenfilmar, så var det uansett ein måte å slå i hjel ein torsdag kveld.

The Equalizer poster.jpg


Denzel Washington spelar hovedrolla som "Bob", ein nøktern mann som lever eit anonymt, ja nesten spartansk liv i Boston. Denzel er etterkvart vorten snart 60 år, men det skulle ein nok ikkje tru. Han må seiast å holde seg veldig godt, på samme måte som rollefiguren sin i denne filmen.
Bob arbeider på eit stort byggeutsalg, der han triller lagervarer på plass i reolane, samt at han på ettermiddagen hjelper Ralphie fram mot draumejobben som vektar.
Når Bob kjem heim til sitt mildt sagt stusselege husvære, så et han ein enkel middag, før han brukar seine kveldstimar på å lese bøker på ein nærliggande kafe med ein medbragt tepose.

På kafeen treff han ein av byens lause fuglar, importert fra austeuropa ein stad. Fuglen viser seg å være i kløa til ein lokal russisk hallik som handsamar sine "ansatte" på heller tarveleg vis.
Etter at "vår fugl" har fått skikkeleg bank av den russiske halliken, så går Bob på besøk.....
Bob har nemleg ein bakgrunn som noko heilt anna enn lagerarbeidar.

Det viser seg at den lokale russiske kødden berre var ein  liten del av eit stort, mektig og ikkje minst farleg nettverk.
Ein topp hitman (Martin Csokas) vert sendt fra Moskva for å rydde opp, og resten av filmen går stort sett med til å vente på oppgjeret mellom Bob og russaren Teddy (!!) OK, hans "eigentlege" navn er Nikolai.

Filmen varer som nevnt i godt over to timar, og innleiinga er kanskje ein smule for lang, men det som gjorde det meir plagsomt var at seteplassen på Colosseum var heller begredleg.
Denzel er mannen som ber filmen, men hans russiske motpart er god i rolla som topp og nådelaus drapsmann.
Av andre aktørar kan vi jo nemne at Bill Pullman dukkar opp i ei lita ubetydleg rolle. Kva ein såpass kjend skodespelar gjorde i denne filmen er meg ei gåte, han er nemleg med i berre nokre få minuttar og har nesten enda færre replikkar.


Skal ein berre sjå ein einaste actionfilm i 2014, så må dette være eit godt valg. Vår helt framstår som supermann med hang til å bruke sine butikkvarer ala hammar og spikarpistol som våpen, og han er råare og meir brutal enn andre vigilantefigurar vi har sett. Faktisk nærmar det seg rein tortur i visse scenar.
Flott klypping, stilig musikk og ein Denzel Washington i god form er verdt å ta med seg.
Skal eg nevne noko negativt, så kunne det godt har vore ein litt kortare film, men kanskje det var det miserable sitteplassen som gjorde utslag der. Ellers er det nokre logiske brot i filmen, men pytt-pytt, akkurat i "The Equalizer" så skal eg heller tåle  det.
Denzel leverer som vanleg varene, og filmen fortjener terningkast .


Filmen hadde premiere i byrjinga av september og må seiast å være ein suksess. Av eit budsjett på 55 mill USD så er det nå innspela over 170 mill USD, det må seiast å være svært bra.

Filmens høgdepunkt: Ein spikarpistol kan brukast til så mangt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar