søndag 16. november 2014

Litt vatn i elva.

Som kjent var det flaum for eit par veker sidan, og mange stader på Vestlandet gjorde elvane store skader.
Her slapp vi billig unna, men om ikkje anna, så eg iallfall nokre bilder som kan illustrere korleis ting forandrar seg.
Ein av fordelane med å bu nær ei elv, er at ein kan ta bilder på kort varsel :-)

17.5.1999. Dette var eit år etter at elva hadde fått utvida løp, samt at var kome på plass ei bru ovanfor badeplassen vår. På denne nasjonaldagen var det imidlertid lite fristande med eit bad.

Vi syntes den gang at det var mykje vatn, og det var det jo, men det skulle altså bli verre med åra.

 Det er også litt artig å legge merke til husa som ikkje er komne.



I 2008 hadde vi ein ryddedugnad, dvs. vi laga til ein natursti langs elva. Den opphaveleg stien fra ni år tidlegare var fullstendig attgrodd, men eit godt dugnadsarbeid rydda mykje opp. Nå er dette ein av våre mest populære turstiar i bygda.

Slik såg det ut etter litt krattfjerning hausten 2008.





I 2013 var det litt vårflaum. Sidan 2008 har vi holdt området vedlike i form at meir eller mindre årleg rydding. Det må til.

Det gjekk ikkje an å gå særleg langt denne fine vårdagen i mai 2013.

I 2009 satte vi ut nokre krakkar langs stien. Desse var svintunge, men i årets haustflaum kom dei jammen sigande nedover. Eg fekk redda dei, meir eller mindre tilfeldig. 

Dette bildet er fra forrige veke, og som ein ser ligg elva der like fin som før.

Det er nesten rart kor store kontrastane kan bli. Forøvrig holdt den nylaga brua til venstre i bildet på å reise. Den har flytta seg og her må ein nok ta litt grep med tanke på framtidige flaumar.

Dette er ei veke etter flaumen.

Min gode nabo på andre sida av elva gav meg løyve til å legge ut desse. Det var veldig greit, for mine bilder vart tekne i mørket, og er såleis langt fra så klare som desse.

Slik såg det altså ut. På dette tidspunkt var det også flo sjø, noko som ikkje gjorde det lettare.

Men vi kan tenke tilbake på sommaren som var.... Det er fra slutten av juni 2014.
Idyll.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar