Som i fjor har eg plukka ut nokre sykkelturar som kan være verdt å nemne litt ekstra. I vår flotte natur er det eit uttall av variantar vi kan sykle, men nokre turar hugsar ein spesielt godt.
Eg kan byrje med den verste sykkelturen i år, og kanskje ein av dei verste på lang, lang tid.
Det var i mai, og det var ein heil gjeng som skulle sykle rundt fjorden for første gang denne sesongen. "Rundt Fjorden" er normalt ein flott tur, men denne dagen skar alt seg. For det første hadde helsa vore skral i eit par veker i forvegen, og formen var dermed ikkje på topp. Litt snufsete og smårusken i halsen, ja det skulle vise seg å være ein ganske så fæl dag på sykkel....
Dernest var det start tidleg på morgon. Eller: Det er for tidleg for meg. Eg er kveldssyklist, og synes det er grusomt å trille kl. 0900 om morgonen. Start kl. 2100 derimot, da kan vi snakke.
Uansett møtte vi opp v/Prixen, og drog mot Marifjøra. Alt der byrja ting å skjære seg, for nokre sykla tunnellen, mens eit par av oss andre sykla utanfor. Det betydde at vi vart splitta opp Marheimsgjelet og opp mot Heggmyrane.
Der var eg på makspuls berre for å halde følge. På flate vegen....
På ferja merka eg at dette skulle bli ein tung tur. Innover mot Kroken og Sørheim gjekk det som det kosta etter mitt syn, for vi hadde med oss mange unge spreke folk denne dagen.
Om det hadde vore makspuls før, så vart det nesten enda verre nå. Til alt hell fekk vi ein punktering på Sørheim, så eg trilla sakte vidare i sterk forvisning om at eg ville bli nådd att ganske så snart.
Vi trilla inn til Vassbakken, og eg fant ut at det var inga vits i å plage seg sjølv med å prøve å halde følge. Åleine utover fjorden, i det som må ha vore den tregaste sykling på denne strekninga nokon gang. Beina verka, og lungene peip. Kaldt og varmt, feberen etter sjukdommen hadde nok ikkje lagt seg heilt....
Kom til Gåpnabøgdi sikkert eit kvarter etter dei andre.
Sykkeltur med sprekare folk enn seg sjølv, når ein i tillegg er sjuk... not so smart...
Men dei fleste sykkelturar er av det hyggelege og gode slaget. Helst vil vi sykle i godvær, slik at vi blir brune og fine, evt. ENDA finare. (Om mogleg)
I sommar la vi t.d. ut på ein runde rundt fjorden. Finvær da vi starta, og finvær da vi kom over på Sørsida.
Men så høyrde vi toreveret, og mørke skyer hadde samla seg inn mot Skjolden.
Det var som himmelen opna seg. Styrtregn deluxe. Løysinga? Sykle inn på Vassbakken for ein brus og ein kakebit til regnet gav seg. Det tok ikkje så lang tid.
Og turen heim gjekk greit, men som sagt; Det regna infernalsk i eit kvarter, og det viser kor fort været kan snu.
Det er no nokre år sidan vi har vore i Vigdalen på tur. Årsaka er nok at det er heller slitsomt, spesielt dersom ein skal køyre bomvegen inn mot Vårstølen. Der er det nokre parti som er svinbratte, her bikkar det opp mot 25% på det verste.
Vi tok dette nærast som ein impulstur i sommar, som eit ledd i førebuingane til Voss-Geilo.
Stigninga opp til Vigdalen er rimeleg bratt alt fra starten av, og stig med ca. 10% i snitt i tre kilometer. Deretter blir det meir overkommeleg før ein kjem inn på bomvegen.
Fy ke bratt det er her!!
Iflg. Strava så er heile strekninga 5,6 kilometer, og det stig 600 høgdemeter, dette skal så bli ein kat. 2 stigning.
Klart at dette merkast når ein er gammal og feit.
Men vi kom nå opp, og det var moro nedatt. Crossykkelen tek ein slik nedfart vesentleg bedre enn den gamle raceren.
Ein annan kort, men svært tung, tur var med crossykkelen opp til Brunestegen. Eg har sykla opp hit med terrengdoningen fleire ganger før, og det har gått greit. Nå ville eg prøve med crossen, som jo har ein heilt annan utveksling, 34/28 på det lettaste. (For den uinnvidde: Det betyr 34 tenner på kranken og 28 tenner på kassetten bak. Ein terrengsykkel har gjerne heilt ned i 24 eller 22 tenner framme, og kanskje 30 eller 32 bak. Med sistnemnde utveksling kan ein omtrent sykle opp Feigefossen)
Opp til Judassvingen gjekk greit, og likedan opp til første brua. Så brattar det til ein smule, og siste parhundre meter opp til parkeringsplassen er steinbratte med 18%.
Dessverre får ein ikkje mykje kvile her, for det er langt fra flatt dei første metrane opp mot Brunestegen. Faktisk ligg det også her på gode 10%. Når vi nærmar oss dei to hårnålssvingane, dvs. rett før den første, så er det også her svinbratt. Kanskje ikkje som opp Vigdalen på det verste, men nå køyrer vi på grus. Hårnålssvingane gjer til at vi kan kvile bittelittegranne, men det er ein veldig tøff halvannan kilometer ein skal gjennom før det flatar ut, og endatil går litt ned. På slutten er det atter ein heller tøff stigning, men når ein først er komen så langt, så kan ein ikkje gi seg.
Eg kom meg uansett opp, litt stolt over at eg kom opp hit med bukkestyre for første gang, og tenkte at her har det ikkje vore mange syklar av denne typen. Kanskje ikkje så rart, det er altfor få crossyklar, den "ultimate sykkel" som eg nå les i eit fagblad.
Opp Brunestegen er ein strekning på 6,1 km, og det stig pene 640 meter. Til neste år syklar vi inn på Skår på den nye vegen som vi ser fram til vert ferdig.
Vi hadde også ein fin og minneverdig til Styggevatnet i år. Dette var ein søndagstur, og vi var ein heil gjeng som drog avgårde. Til Styggevatnet og heim er det over ti mil, så dette er greit å ta litt tidleg på dagen, og ikkje som i fjor da vi reiste kl. 1700, i august....og vi fekk ein punktering...
Nå var dette i slutten av juni, så vi kunne forvente litt snø mot toppen, her skal vi tross alt opp på 1200 meter.
Det er stigninga fra Øy og opp mot Viva som er verst. Her er det ingen hårnålssvingar, berre jamn motbakke på 10-12% nonstop. På Viva flatar det ut ein smule i nokre hundre meter, og vi kan sjå opp på dammen.
Som vanleg var eg ein av dei siste, utan at det var så nøye. Inni dalbotn var det gått eit snøskred, og vegen var faktisk stengt for bilar grunna rasfare....
Men det var turen heim som skulle vise seg å bli noko for ettertida. For nå vart det punkteringar anmasse. På samme hjul....Var det tre eller fire punkteringar vi talde???
Uansett måtte vi få tak i ein bil som kunne hente den uheldige syklisten, men eit stort aber i så måte er at det er ikkje mobildekning før ein kjem ned att på Breheimsenteret. Så er det bilturen fram. Var det to mil han måtte spasere???
Om ikkje anna så kunne vi ha det moro på bekostning av andre, det er da noko.
Styggevatnet, langt og tungt.
I sommar har vi også vore to turar på Veitastrondi, samt at eg hadde ein solo kveldstur eit stykke av vegen.
Til Veitastrond er det fint å sykle, iallfall hvis ein likar å sykle på smale, svingete vegar med heller dårleg asfalt. Ja, for ikkje å gløyme: Tunnellar. Utan lys. Nå er ikkje lys det største problemet lenger, for nå får ein kjøpt svært sterke lykter. Men eg klarte å punktere ein gang, samt at ein av mine medsyklistar klarte det samme. På første fellesturen var vi berre to (og i nokre kilometer tre), og da fant eit lyst hovud på at vi skulle nedom Solvorn på tur heimatt. På den turen var det tropevarme, og beina var heilt kokte da vi kom opp att på Heggmyrane.
Den siste turen vi hadde dit, i slutten av juli, var vi tre fra Gaupne, samt ein mann som møtte oss på Hafslo. Da vi kom fram på Strondi møtte vi enda ein syklist, så da var vi fem stk, i like drakter. Det var unektleg litt kult. Det er også hyggeleg å sykle heimatt, for det er alltid medvind ned langs vatnet.
Og eg kan framleis ikkje forstå kvifor det skal byggast ein lang tunnell på eksisterande veg framfor å velgje den einaste rassikre løysinga på lang sikt: Ein tunnell til Leirdalen. OK, det hadde blitt dyrare på kort sikt, men Strendingane hadde i det minste fått ein mykje tryggare veg, og endatil kortare, både til Gaupne og Sogndal.
Og tenk den flotte rundturen vi kunne fått på to hjul....
På veg heimatt fra Strondi i slutten av mai.
Til slutt må vi nemne dei to turritta som vi deltok i.
Voss-Geilo først.
Dette rittet vart arrangert for første gang i fjor, og vi melde oss på i år også. Det er ein grei måte å få trimme litt meir utover sommaren.
I år var starten satt til klokka 0900, dvs. ein time før fjoråret, noko som medførte at vi måtte stå opp kl. 0400 om natta, tygge i oss mat i nokre timar, før vi ankom Voss kl. 0800. I eit regnfult haustvær....Der og da frista det svært lite å sykle i sju-åtte timar, men det skulle vise seg å bli ein flott tur. Sola kikka fram før vi var komne til Granvin, og deretter hadde vi stort sett fint vær heilt til vi møtte eit infernalsk regnvær (ispedd hagl) på Dyranut.
Vi kom oss uansett over Hardangervidda og til Geilo på ny pers, utan at det var så nøye. 16 mil i hyggeleg selskap er aldri å forakte uansett.
Så sant helsa held, så er vi med neste år også, og da går forresten Voss-Geilo ei helg før.
Fra gamlevegen langs Eidfjordsvatnet.
Heilt til slutt må eg ta med den tradisjonelle snuen over Sognefjellet. Knappe 14 mil, og eit startfelt med mange lokale, det er veldig artig. Men det er plass til mange fleir!! Alle trilleføre lustringar bør sykle ein gang over Sognefjellet før dei dør. Ta den tid ein treng, men få gjerne med deg ein kollega eller to på nokolunde samme nivå. Så avtaler de berre at de skal halde følge, så kjem dette til å gå heilt greit.
I år fekk vi eit uvær på fjellet som var heilt makelaust. Ein ting er at det byrja å regne litt opp mot Krossbu, det kan vi tåle. Problemet er når det byrjar å regne masse. Og vi i tillegg får vind. Strek sidevind. Da blir dette ein fjelltur for historiebøkene. Den nedfarten vi hadde fra Juvatnet, forbi Oscarshaug (spesielt der ja), Turtagrø og ned til Fortun.... Den kjem eg til å hugse så lenge eg lever. Styrtregn og vindkast som bles syklistar av vegen. Wow.
Nede i Fortun var regnbygene gitt seg, og resultatet var at vatnet som spruta opp på oss var heilt lunkent. Den varme asfalten fungerte som ein radiator, og det passa oss ganske bra, med tanke på at regnvatnet på fjellet var rimeleg kaldt.
Vi stiller til neste år, og da forventar eg masseinnrykk av lustringar på Lom. Enda meir enn i fjor.