søndag 26. oktober 2014

Thor

Eg har lest enda ei bok.
Det må være den andre i år, så nå går det unna.

Sidan interessefelta er noko begrensa, så blir bokvala deretter.
Forrige gang var det John Færseths glimrande bok "KonspiraNorge" som stod på menyen.

Nå var det biografien om Thor Hushovd, vår beste syklist nokon gong.

Hushovd la som kjent opp som syklist nå i haust, etter ei lang og suksessfyllt karriere.
VM-sigeren i Australia 2010 er sjølvsagt det desiderte høgdepunktet, men mannen har også ei lang rekke andre merittar på CV`en. 12 etappesigrar i Tour de France, tre i Vuelta Espana og ein i Giroen, den siste rett nok etter at etappevinnar Petacchi vart fradømt sigeren grunna noko dopingsnusk.
Han er såleis medlem i den litt eksklusive klubben som har etappesigrar i alle dei tre Grand Tours.

Forutan dette har han mengder av etappesigar i mindre ritt, samt også ein heil del førsteplassar fra eindagsritt samt tre nasjonale meisterskap både på fellesstart og i tempo.

Pr. i dag er det ingen andre syklistar som er i nærleiken av å ha ei slik fin merittlsite, men kven veit om ikkje Kristoff kan matche dette med tid og stunder...?


Boka er på over 500 sider, men dette er ikkje noko tunglest roman. Språket er enkelt, faktisk svært enkelt til tider. Her er ikkje noko akademisk vissvass, nei det er rett fram. Vi snakkar tross alt om ei bok for sportsinteresserte.
Det er 21 kapittel, dvs. det samme som antal etappar i ein Grand Tour, neppe tilfeldig.
Første kapittel tek for seg høgdepunktet, nemleg VM-sigeren fra Geelong hausten 2010. Eg sat heile natta og følgde med på denne makelause prestasjonen, og hugsar så inderleg godt at NRK var dei einaste som sendte. Ove Eriksen og kven det no enn han hadde med seg var rein tortur å høyre på, men til alt hell datt lyden ut berre ein kilometer før mål. For å mimre litt, så er dette videoklippet å anbefale.


Media har gjort eit stort poeng av at Hushovd visste om at han der amerikanaren hadde dopa seg lenge før han sa det til Oprah.
Forholdet til sjefsdoparen har fått sitt eige kapittel i boka, men ellers har dette fått ufortjent mykje plass i media, samt at Hushovd har fått masse ufortjent tyn for å ha visst om det.
Vi kan jo sette oss litt inn i korleis det ville ha vore dersom han hadde gått ut med historia si på det tidspunkt.


Ellers er Hushovd veldig ærleg i sine uttalar. Han gir konkurrentar, sykkelleiarar og andre det glatte lag dersom han føler dei fortjener det. Spesielt Johnathan Vaughters og Steffen Kjærgaard får, med rette, gjennomgå.
Han kjem også inn på sine yngre norske sykkelkonkurrentar, Kristoff og Boasson. Det er åpenbart ikkje noko frøkentilvære å sykle på toppnivå, for her er det mange sterke meiningar, for å sei det slik.

Hushovd fortel mykje om sine første år på sykkelen, og dei første åra som proff. Dette er det mest interessante i heile boka synes eg. Vi får eit innblikk i kor langt etter hans daværande lag, Credit Agricole, var i teknologi og teringsmetodar og taktikk. På eit anna lag, med bedre styring, så hadde Hushovd garantert gjort det enda bedre.



"Thor" er ei bok som er lett å lese, illustrert med ein del foto av både jobbmessig og privat karakter. For ein sykkelentusiast er dette eit must, men boka fungerer også som ei innføring i ein tildels gjennsyra dopingsport, der juks og pengar spelar hovedrolla.

Det er dog einskilde manglar, og faktisk ein og annan feil i boka. Dette irriterer ein smule, men eg trøstar meg med at dette er nok detaljar som neppe dei fleste bryr seg om, eller veit om i det heile teke.
Boka fortjener terningkast  

Nå som Hushovd har gitt seg kan vi likevel konstatere at han, tildels saman med sin tre år eldre kollega Kurt Asle Arvesen, er den som vekka sykkelinterssa her i landet rundt årtusenskiftet. Til neste år har vi tre flotte etapperitt her i landet, samt to mindre eindagsritt som alle er komne på UCI si terminliste. Eg tør påstå at utan Hushovd sine prestasjonar så hadde nok aldri dette vorte ein realitet. På slutten av nitti-talet hadde vi eitt proffritt, på lågast rangerte nivå, og berre to-tre proffsyklistar.
Til neste år har vi iallfall sju profesjonelle syklistar, og sjansen for eit norsk profflag synes større enn nokon gong.


Det er gode tider for oss som likar å trille på to hjul. Bergen 2017.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar