mandag 20. oktober 2014

På Hard Rock Cafe i Oslo.

Ah... eg likar meg på Hard Rock. Utan å kunne skryte av å ha vore der så himla mange ganger. Eit par ganger i Køben, og ein i Stockholm er det heile. Men dei har kul musikk, god mat og artig interiør.
Derfor var det med ei viss forventning at vi drog ei gruppe fra jobben opp til Hard Rock på Karl Johan for å ete middag for nokre dagar sidan.
Etter Egon og Fridays litt for mange ganger, så skulle det liksom være greit med litt variasjon.

Forrige gang eg var på Hard Rock, i København  med min daværande jobb, så hadde vi det veldig bra. Enda bedre hadde vi hatt det eit par veker før der igjen, i samband med sykkel-VM. You know; Jobb og fritid er tross alt to ulike ting.


Men alle illusjonar om at Hard Rock Cafe i Oslo var rette staden, dei vart knust hardt og brutalt denne kvelden.
Vi var eit følge på åtte-ni personar, altså ikkje så veldig mange.
Etter litt venting i trappa opp til restauranten, så fekk vi to bord, ikkje eitt langbord, men to bord. Eit rundt med plass til fem, og eit firkanta med plass til fire. På den måten så fekk vi ikkje dratt dei saman heller.
Servitøren, engelsktalande, sa at dei var litt lite folk på jobb den kvelden, men han skulle komme så fort han kunne.

Etter mitt syn er det god serveringsskikk å spørre gjestene om dei vil ha noko å drikke medan ein ser igjennom menyen.
Det skjedde ikkje.
Lokalet hadde rett nok ein del gjester utanom oss, men fullt var det langtfra.
Menyen fekk vi ganske kjapt, den låg nemleg på bordet, men det tok altså ein halvtime før vi fekk bestilt oss ei øl, og ytterlegare ti minuttar før drikken kom. 40 minutt venting på ØL er hårreisande elendig.

Eg bestilte ein cheeseburger med tilbehøyr, og det tok ein time før maten var på bordet.
Og da maten kom, så var burgeren nesten kald, osten hadde stivna att, og måltidet var i det heile tatt mislykka. Chipsen var forsåvidt god, men eg kunne tatt heile porsjonen i eit jafs.

Måltidet kosta i utgangspunktet kr. 202,- men vi fekk 25% på maten grunna venting. Øl kan ein ikkje rabattere, så det måtte vi betalt fullt for.
Den engelsktalande servitøren, som jobba som ein gal såvidt vi kunne bedømme, saman med EI dame til, beklaga så mykje all ventinga.

Det hjalp ikkje. Eg pleier alltid å gi litt tips, men nå, for noko som kanskje er første gang i historia, gav eg ikkje ei krone. Ingen beklagande servitør på ein underbemanna restaurant får tips for å la oss vente i 40 minutt på ei øl, og i ein time på ein KALD burger.

Eg skal aldri inn på Hard Rock i Oslo igjen. Eg kjøper heller ein Big Mac tre ganger om dagen framfor å betale 200 spenn for å oppleve dette ein gang til. Gudbedre for ein elendig stad. Unngå denne plassen for all del dersom du skal ha mat som er VARM.

Min første omtale av ein resturant endar opp med ein soleklar .

Hadde vi ikkje fått 25% av den unnskyldande servitøren, så hadde eg gitt dei 0.
Det må også føyast til at vi ikkje var ein gjeng fulle bandittar heller. Vi var faktisk edru heile gjengen da vi kom, og vi oppførte oss pent og pyntleg. I ettertid kan ein sei at vi burde sagt ifra tydlegare om at dette var slett service. Men vi skal uansett ikkje dit fleire ganger. Møkkaplass.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar