mandag 20. oktober 2014

Lucy

Det er på tide å ta tastaturet fatt, etter ein lengre pause grunna travle dagar og kveldar.
Og kva er vel bedre enn å byrje med ein omtale av forrige vekes kinobesøk, på sjølvaste Klingenberg Kino i sjølvaste Oslobøgdi.

I utgangspunktet hadde eg den forståing at det var "Under The Skin" vi skulle på, og det var først etter at vi hadde kjøpt billetten at eg oppdaga at det jo var snakk om ein heilt annan film.....

Pytt-pytt, Scarlett Johansson er alltid verdt å ta med seg, og la det være sagt med ein gang: Det er ho som ber heile greia. Det til tross for ein erfaren ringrev som Morgan Freeman i ein birolle.

Lucy (2014 film) poster.jpg

Det er velkjente Luc Besson som står bak Lucy, og det skulle jo borge for kvalitet. Hans tidlegare eminente filmar som Nikita og Leon er av mine favorittar fra 90-talet.

Plot:
Scarlett spelar ein lettare dum student (Tittelrolla) på Taiwan. Ho blir lurt av sin "boyfriend" til å levere ein koffert med eit narkotisk stoff til ein lokal mafiaboss. Det går sjølvsagt ikkje bra, og ho vert tvinga til å fungere som smuglar, med det nye superdopet operert inn i magen.
Imidlertid vert den unge, vakre Lucy gjenstand for, skal vi kalle det uønska merksemd fra sine mannlege fangevoktarar, og når ho ikkje gir dei det ho vil, så blir dei litt sure. 
Ho får eit spark i magen slik at superdopet reagerer med... skal vi sei...uventa bivirkningar:
Lucy blir smart. VELDIG smart.
Ispedd handlinga så langt har vi fått presentert den velkjent myta om at vi kun brukar 10% av hjerna vår, og det nye superdopet til Lucy triggar det slik at hjerna får stadig nye grensespengande eigenskapar.

So far; so good.

Vi har no komen gjennom halve filmen, som er på knappe halvannan time.
Så langt har det vore god underholdning, men så bikkar det over i det meir og meir toskete.
Filmen blir meir eit effektmakeri, og dei siste ti minuttane er rett og slett berre vissvass med fine filmeffektar fra universet, ispedd noko dill fra eit fransk universistet.
Det er rett nok science-fiction, men ein smule anna enn fine bilder må vi kunne forvente.

Sjeldan har eg sett ein film som eigentleg har vore ganske bra, bikke over i det håplause.
Fra ein grei firar til  0 i løpet av ein halv time er eigentleg godt gjort.


Lucy er ikkje noko god film hvis ein skal leite etter noko meiningsfullt her i livet, og det er neppe noko spesielt god film på anna vis heller. Ja, sett bort fra dei første 45 minuttane da, dei var fiffige.

Terningkast? Eg landar på ein .


Lucy hadde premiere seint i juli i USA, og har dratt inn lassevis med dollar. Av eit budsjett på 40 mill USD, har det pr. oktober 2014 komen inn over 400 mill USD, det er ein sterk prestasjon.
Som eit apropos kan ein jo lime inn denne generelle omtalen:

Lucy was generally categorized as entertaining and silly
Ja, gjett om.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar