fredag 12. september 2014

Topptrimmen 2014-2016, Spefjell

Klart for årets siste topptur.
Har tatt seks av ti, og må ha att nokre til dei to siste sesongane også.
Rett nok er det dei seks lettaste som er tatt, med eit mogleg unntak av Dugurdskulen, men ellers har det vore greie turar.

Denne onsdag ettermiddagen i midten av september var det altså Spefjell som stod for tur. Spefjell ligg på 1103 m.o.h.
Iflg. topptrimkortet er startpunkt anten fra Soget på Hafslo eller "Sogndalsdalen", men det er ikkje nemnt kor i Sogndalsdalen, som er eit par mil lang....

Eg valde å starte fra Svedal, eller Svidal som dei gjerne seier i Sogndal. Ein kan også starte fra Kleiv, heilt i byrjinga av vatnet, og det er også komen ein heller ny sti rett opp til Spe. Sistnemnde sti er kanskje den kortaste.
Årsaka til at eg starta fra Svedal er kort og godt at da kjem ein noko høgare opp, samt at her hadde eg vore før. Brukte nemleg dette som utgangspunkt den gangen vi var på Torstadnakken for fire år sidan.
Til Spefjell er det kanskje noko lenger dersom ein går fra Svedal, men pytt-pytt. Det er uansett kun snakk om nokre hundremeter i differanse anten ein går fra Kleiv eller Svedal.

Det er merka sti fra Svedal og heilt opp til den fine stølen Navarsete. Her var det ein del sau, og dei går beleileg nok i den merka turstien. Dette gjer at stien er lett å følge opp til Navarsete.

Spefjell er ikkje noko markert topp. Faktisk er varden plassert midt på ei lita slette.
Men før ein kjem så langt skal ein komme seg fra Navarsete og opp, og det KAN være litt tricky. Her er det nemleg ikkje eitt merke, ikkje ein varde. Terrenget er greit å gå, og det som sikkert har vore myrar tidlegare, var no for det meste tørka ut.

Eg sjekka med kartet når eg var på Navarsete, og peika ut ein kurs. Etter ca. ein kilometers gange i gras og lyng, så tok eg ein ny sjekk med kartet, og fant ut at toppunktet måtte være berre eit parhundre meters gange derfra. Da var eg komen nesten heilt opp fant eg ut.
Vel oppe på sletta, så var det som nemnt bortimot heilt flatt, og ca. 200 lenger mot kommunegrensa stod varden. Ein kan også komme borti ein mykje mindre og delvis samanrasa varde, alt etter kor ein kjem opp på høgsletta, men dette er altså feil toppunkt. Posten er plassert på ein ganske så stor varde, og den raude kassen omternt lyser imot dei som kjem opp.

Det er også nokre små sjarmerande vatn heilt her oppe på nesten 1100 m.o.h. Dei var tørka mykje inn etter ein tørr og varm sommar, men her er det sikkert ikkje umogleg å bade på ein fin sommardag.

Da eg kom opp, så var det sol fra skyfri himmel, men noko dis ned mot dei omliggande fjella. Det hindra nok litt for den mest fantastiske utsikta, men skapte eit spesielt lys.
Det var også godt og varmt, og nesten ikkje vind. Kontrasten til laurdagens tur til Steinsdalsnosi var mildt sagt himmelropande.
Det var så fint å være på toppen at eg tok meg god tid til både mat og drikke, samt skifte av klede.
totalt satt eg på toppen i ein halvtime berre å slappa av i finværet. det må ha vore ein av dei finaste fjellturane eg har hatt nokon gang.


Da klokka byrja å nærme seg 1800 om ettermiddagen var det likevel på tide å komme seg nedatt. Eg gjekk i nokolunde samme spor nedatt mot Navarsete, men sidan det ikkje er merka opp, så er det heller ikkje merka ned. Det er uansett ikkje lange biten, men ein skal være obs på nokre hamrar her og der som kan være litt vansklege å få auge på når ein kjem ovanfra.

Når ein er komen nedatt på Navarsete så er det imidlertid greit å gå, for da er det jo merka sti. Det går for øvrig merka sti fra Navarsete og nedatt til Kleiv, så her kan ein få ein fin rundtur.

På Navarsete gjekk det tre hestar, og sidan hestar jo er dei nestfarlegaste dyra på kloden (etter edderkoppar), så gikk eg ein liten omveg slik at dei ikkje skulle komme å tygge på meg. Hestar er som kjent farlege rovdyr som overfaller alle tobeinte dei ser ute i skogen.

Turen nedatt til Svedal gjekk utan problem, og generelt sett kan eg nok seg at dette antaglegvis er det lettaste Topptrimtur eg har gått sidan eg var på Vorfjellet for tre år sidan. Dessutan var eg så superheldig med været, så dette var verkeleg ein strålande dag!!

Stravaopplysningar:
Totalt 8,3 km. dvs. nesten det samme som til Steindalsnosi.
Høgdemeter vart 675, Steindalsnosi var 751.
Total tid: To timar og 22 minutt. Turen opp tok 1 time og 18 minutt, og da stoppa eg her og der for litt bilder,samt for å orientere meg ein smule.
Til Steindalsnosi brukte eg totalt 2 timar og 53 minutt.

Turen kan anbefalast på det sterkaste som ein ettermiddagstur nå i finværet. Det er heller ikkje umogleg å få med barna opp hit, hvis dei ikkje er for små da.
Utsynet må seiast å være av det bedre. No gjorde rett nok den lågtliggande disen sitt til at eg ikkje kunne sjå heilt inn i Jotunheimen, men det var uansett fin utsikt fra toppen.


Her er fra turen opp. Bildet er tatt ca. midt mellom Svedal (dei næraste husa som vi ser) og stølen Navarsete. 


 På det første selet ein kjem til på Navarsete, så finn ein desse skilta. Greit hvis ein skal ta dette som ein rundtur nedatt i Kleiv.


 Her er eg komen nesten heilt opp, og vi ser toppvarden i bakgrunnen.





Her er toppunktet, og eg måtte berre ta eit bilde med Torstadnakken i bakgrunnen.

Ein smule tørke i sommar???





Navarsete ein flott september ettermiddag.
Det var forresten 24 grader her på dette tidspunkt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar