tirsdag 9. september 2014

Folkeopplysningen, "supermat"

Sesong 2 av underholdning/opplysningsserien(!!) Folkeopplysningen hadde premiere på NRK søndag kveld.

For to år sidan tok dei ein nærare kikk på diverse kvakksalvarmetodar, også kjent som "alternativ behandling".
Det var mildt sagt artig å sjå "synske", "healarar", homøopatar og andre liksommedisinarar dumme seg ut.

I år skal programmet ta for seg litt andre tema, og første program handla om supermat. Eller "supermat".
For kva er så veldig supert med å tygge i seg dritdyrt pulver med pussige navn?

Andreas Wahl besøkte forfattar av boka "Supermat", samt grunder av ein slik supermatbutikk.
(kor mange ganger blir det nevnt super???)
Vi fekk også møte to superentusiastiske damer som fortalde om alle fordelane med denne fantastiske maten som antaglegvis kan forlenge livet til Metusalemske dimensjonar.

Dernest fekk vi møte to som veit kva dei pratar om, nemleg fagfolk innan ernæring og helse. Skal eg velge kven eg finn truverdig, så foretrekk eg fagfolka anytime, men det er ein annan sak.

Programmet gikk over til Pute-TV da eit knippe bloggarar fekk utfolde seg. Oh.My.God.
Dei gjorde akkurat det som psykolog Hesselberg hadde føresett (kanskje HAN er synsk??)


Som i sesong 1 fekk dei involverte tilbydarane av supermat sjå igjennom programmet, og dei verka til å ta det rimeleg bra. Dei to damene framstod heller anonyme, men muskelmann Opsahl hadde "blitt underholdt", og hadde heller ikkje lagt skjul på at han i boka si plukka ut akkurat dei resultata som passa han best. Dvs. resultat som kun var synsing, og ikkje hadde vitenskaplig backup i det heile.

Men han hadde ikkje blitt meir underholdt enn at han i ettertid har klaga programmet inn for PFU. Det var forutsigbart til dei grader, sidan kvakksalvarne fra sesong 1 hadde reagert på samme måten.


Konklusjonen vart eigentleg at "supermat" neppe er meir supert enn å forsyne seg godt i frukt og grønnsaksdisken neste gang eg er på Spar. Det kostar ein brøkdel av Opsahls supermat, og smakar antaglegvis mykje bedre også.


Personleg syntes eg programmet var litt for snilt. Grei underholdning, bevares, men det er tydleg at dette er meir eit familieprogram enn vitenskapsprogram, noko som sikkert er intensjonen også.
Eg kjem sikkert til å følge med vidare utover hausten og nå skal eg komme med ein spådom: Program tre skal nemleg ta for seg svindel i legemiddelindustrien. Eg spår derfor at alle "alternative" som har slakta Folkeopplysningen så langt, kjem til å hylle akkurat det programmet.
I alternativ logikk er det nemleg  heilt ok å plukke ut akkurat det du synes er bra sjølv.


Er eg synsk da?





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar