lørdag 20. september 2014

Ein sykkeltur til Judassvingen

Da har eg laga ei testrute til Judassvingen.

Nå til dags har jo alle ein eller annan treningsapp, Strava, Endomono, Runkeeper.....
Og da er det passande å legge inn einskilde bakkar som kvar og ein kan få teste seg i.

På Strava ligg det inne fleire klatresoner oppover Engadalsvegen. Den kortaste av desse er til Judassvingen, og startpunkt er i krysset Engadalsvegen/Gardavegen.
Denne strekninga er på ca. 900 meter, og stig i snitt 10%.
Det er altså ikkje så langt, men det kan være slitsomt nok for det....


Eg har laga ei rute på 1400 meter. Startpunkt er her.

Som alle lokalkjende jo kjenner til, så er det flatt dei første parhundre metrane. Deretter ein slakk stigning i 100 meter, før det brattaste partiet opp til Tandla. Deretter stig det jamnt.



Her er mållinja. Den går mellom dei to skilta vi ser på bildet.


Som ei ekstra gulrot kan det nemnast at helselaget har laga til ein trimpost her oppe. Dermed kan vi ta med kortet som ein ekstra inspirasjon.



To klypp nå....


Kva sykkel ein brukar får være opp til kvar og ein. Eg brukte terrengsykkelen i dag, men her går det med racer også, sjølv om det er grus på deler av vegen. Grusen er såpass tettpakka at det går heilt fint.
Iallfall før snøen kjem....

Dersom det er interesse for det, så kan vi jo lage ei FB-gruppe, "Vi som syklar til Judassvingen", nå er det jo grupper for ALT.


Her er turen nedatt.


Lukke til.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar