Tid for hausttur og
topp. nr. 5.
Og, skulle det vise seg, ein topp som har vore så mykje besøkt at det knapt er vits i å skrive noko da "alle" topptrimmarane alt har vore der.
Eg var nr. 199 som skreiv meg inn i topptrimboka.
Men da kan eg i det minste skrive litt om mine eigne opplevingar fra denne turen.
Steindalsnosi er denne topptrimutgåvas nest høgaste, faktisk heilt opp på 2025 m.o.h. og det er alltid litt spesielt å passere 2000 m.
Men til tross for høgda, så er det ein av dei heller lettare toppane (trudde eg), da vi jo køyrer heilt opp på Galgeberg på Sognefjellsvegen. Iflg. Strava var eg da komen opp på over 1300 m. noko som gjer startpunktet til høgare enn fire av dei andre toppane.
Eg tok dette som ein ettermiddagstur, og været var brukbart. Tørt og fint, 13 grader i lufta, og endatil litt blå himmel innimellom.
Steindalsnosi er kanskje ein av dei toppane som det bør være lettast å finne fram til, enda det mest ikkje er merking før ein nærmar seg toppen.
Her oppe på 1300 m. er det sjølvsagt ikkje ein busk, og det er såleis lett å ta seg fram. Til å byrje med går ein på noko lyng og typisk høgfjellsfauna, før ein vert møtt av stein og ur. MYKJE stein og ur.
I første omgang kan ein sleppe unna ein del av dette, dersom ein tek til høgre for det øverste vatnet ein kjem til. Derfra kan ein halde til høgre opp mot det aller brattaste partiet, og da kan ein gå på svaberg og lyng, istaden for å rote omkring i ura.
Eg stoppa derfor litt innimellom for å finne ei best mogleg rute, ur er nemleg lite gøy å gå i.
Men det kjem til eit stykke da ein ikkje har noko valg: Ura må forserast. Og det er opp mot det brattaste partiet det verkeleg er steinete. Her har folk satt opp nokre enkle vardar her og der, og grunna alle topptrimbesøka i sommar, så har det her og der danna seg noko sti. Aberet med det, er at her er det danna område med småstein som gir dårleg feste. Så det beste var faktisk å gå litt utanfor der alle andre hadde gått.
Det er ca. tre km. fra vegen at det brattar til skikkeleg. Her stig det ca. 200 høgdemeter på 500 meters gange, det er ganske heftig. Trøysta får være at det ikkje er så langt.
Når ein kjem over verste kneika, så fortset det i ur og stein heilt til ein kjem på toppen. Posten er, utruleg nok, på den første varden ein kjem til, det må være første gang i historia.
Når eg kom opp, eg gjekk forresten åleine, så var det god sikt til flotte fjelltoppar rundt om. Ca. ein kilometer borte såg eg Fanaråkhytta tydeleg. Der var det sikkert folk, så eg vinka bort.
Det var ellers ganske så vindfullt, så det var berre til å skifte til tørt, klippe kortet, skriva namnet i turboka og rusle nedover att. Fekk tatt nokre bilder på toppen, og såg at regnbygene kom sigande innover Lustrafjorden. Iflg. Yr skulle det ha vore opphald heile dagen, men som sagt, bygevær....
Sidan det ikkje er smart å gå i brattura på regnvåte steinar, så var det berre å komme seg ned dei verste partia så fort ein kunne. Det gjekk eigentleg heilt greit, og eg kunne slappe av litt etter å ha komen trygt ned mot vatna att. Der kunne eg sette meg ned litt for ein matbit og ein Red Bull.
Vinden kom og gjekk alt etter korleis terrenget var. Det kunne være heilt vindstille, før det berre femti meter seinare bles ganske så bra.
Da eg var berre ein km. fra vegen, så var det vått i lyngen, og her hadde det regna godt medan eg var på toppen. Steinane var glatte, så det var ingen vits i å ta sjansar. Det gjorde sitt til at eg gjekk litt meir i sikksakk nedatt, berre for å unngå mogleg glatte parti. Her oppe var det heller inga mobildekning, og eg ser inga glede i å ligge hjelpelaus med broten fot 500 meter fra vegen.
Steindalsnosi er ein grei topp å nå. Heile turen var på knappe 8,5 km. og det vart tilsaman ca. 750 høgdemeter. Dei første tre kilometrane er meir småkuperte enn ein skulle tru, før det da vert skikkeleg bratt. Den siste kilometeren stig med berre 130 meter, og er såleis ganske lett i samanlikning.
Utfordringa på denne turen er det utruleg steinete terrenget. Det er ufatteleg kor mykje stein vi har i dette landet, og det verka som om alle steinane var plassert på Steindalsnosi denne laurdag ettermiddagen.
Det er ikkje ein spesielt slitsom tur, heller tvert om, men ein skal følge med på kor ein går. Det fins lause steinar i ei ur, og på sett og vis var det veldig OK å være åleine. Da slapp eg i det minste være redd for ras fra andre, eller å lage ras sjølv.
Belønninga er eit flott utsyn til Sognefjellsvegen og inn mot Lom den eine vegen, medan ein ser langt ut mot Lustrafjorden i motsatt retning. Hadde det ikkje vore så kald vind på toppen, så hadde eg sikkert nytt utsikta litt meir.
Dei tørre tal fra turen viser at eg gjekk i totalt 2 timar og 52 minutt. Men det er bevegelsestid. Eg stoppa innimellom for klesbytte, fotografering og drikkepausar. Totalt brukte eg 3,5 timar fra eg reiste fra bilen til eg var nede att. Det var ikkje spesielt fort gange, meir som ein gamal dieselbåt;
Når ein først kjem i siget, så er det berre til å halde det gåande....
Bilder:
Dette bildet er tatt ca. halvanna kilometer fra vegen, og toppen er lett synleg. På turen opp gjekk eg til høgre for snøfonna. Nedatturen gjekk rett over snøen.
Her er eg komen ein del nærare toppen, ca. 2,5 km. fra vegen. Eg holdt til høgre for den vesle snøfonna vi ser omlagt midt på bildet, dette for å unngå ein del ur. Her var det greit å gå.
Her kan vi sjå Sognefjellsvegen og Prestesteinsvatnet.
Desse små hengebreane har nok minka mykje i sommar...
Der som det brattaste partiet byrjar, er det satt opp ein og annan varde. Ein kan med fordel gå i nærleiken av dei, for mot Prestesteinsvatnet er det høgt og bratt.
Her var eg komen over det brattaste pariet, og ein ser sjølv at dette kun er ei ur. Stor av arten. Og ein skal ikkje for langt ut mot kanten....
Det er Hervavatnet vi ser der nede.
Ah.... utsikt fra toppen.....Nabovarden er også lett synleg.
FOR ei utsikt!!!
Og her ser ein også kor bratt og høgt det er.
Fanaraaken med hytta.
Og til slutt: Kor mykje stein har vi i Norge???