mandag 25. august 2014

Voss - Geilo 2014, rittrapport

Da var årets tyngste sykkeltur unnagjort.
Men samstundes også den finaste.
Og den med mest varierande vær.
Og til slutt: Den med mest spennande heimreise...

Voss-Geilo, "Sykkelfesten på Hardangervidda" som arrangørane Bergen CK og Geilo IL kallar det, vart arrangert for andre gang laurdag 23.8.
Rittet er 160 km. langt og har 2150 høgdemeter iflg. arrangøren.

Vi var med i fjor og, og til tross for at det var eit slit, så var vi påmeldt i år igjen. Det er ein fin måte å få trimme litt ekstra utover sommaren, og ikkje avslutte sesongen omtrent rett etter Sognefjellsrittet.
Sidan vi skriv litt seint i august, så kan været spele litt overraskande inn, men det gjer det jo uansett i høgfjellet. Tidsrommet er kanskje plassert som det er for å unngå verste turisttrafikken??

Iflg. lokalmedia på Voss så var det 1400 deltakarar, blant anna ein delegasjon fra Luster SK. Dessverre fekk vi noko frafall siste dagen, men vi som var med angrar neppe nå.
Værmeldingane hadde ikkje vore så altfor oppløftande i dagane før, så vi frykta det verste.

Laurdag morgon, eller fredag natt i mine auge (klokka stod på ringing kl. 0415) drog vi til Voss, og vi ankom Voss i 0800-tida. Da var det litt småguffent; kjølig og vått etter nattas regn. Definitivt lite fristande å sykle i sju-åtte timar....

Vel, vi fekk tak i startnummer, og gjorde oss klar, nærare bestemt med mat, drikke og alt som høyrer til.

Vi var plassert i ein av dei tregaste puljene, der som vi høyrer heime:-)
I fjor var det ein strålande sommardag, men i år var det adskillig meir haustleg da vi starta. No byrja det imidlertid å lette, og iflg. speakeren var det faktisk sol på Ustaoset! (Eller var det Haugastøl han sa???)

Puljevis start, ca. 100 i kvar gruppe, og master bak MC til vi var komne ut av Voss sentrum. Arrangøren skal ha mykje skryt for eit velfungerande og godt vaktapparat! Eg vil tru at her har mange andre mykje å lære.
Løypa stig inn mot Skjervet, og nedfarten derfra er spektakulær. Her kan ein sjå tre nivå med syklistar i ei laaang rekke svinge seg nedover. Nedover mot Granvinvatnet byrja sola å stikke fram, og til tross for eit lett sommarregn i ein kilometer, var det no vorte ein fin dag.

Opp fra Granvinvatnet kom vi inn i eit kjempefelt. Her var det nok 200-300 syklistar i eit samanhengande langt (og av ein eller annan grunn også breitt) felt. Altså.... Kva er vitsen med å bruke HEILE vegbana??? Eg låg ute på kvitstripa omtrent heile vegen, og eg ser ikkje hensikta i å ligge seks, sju i breidda, vegen er tross alt open for almenn ferdsel. Sykkelbølling kallar vi slikt.

Ned fra Ulvikfjellet er ein veldig fin nedfart. Litt smal og svingete veg, men her tok folk att den fornufta dei openbart hadde gløymt på vegen opp, så det var ei eksemplarisk køyring nedover. På ny ei laaang rekke på fleire hundre meter. No var det faktisk blitt varmt, og det var omtrent så ein kokte i motbakkane. Ute på fjorden låg det eit cruiseskip fra Nassau (Er det hovedstaden på Barbados eller Bahamas? Blandar alltid), som hadde tatt heile den lange vegen berre for å sjå at vi sykla forbi, imponerande!

Utover mot Hardangerbrua havna vi i eit felt som gjekk noko for fort, og vi måtte slippe. Det vart til at Luster SK delegasjonen køyrde åleine over brua og inn til Eidfjord. Nå hadde vi køyrt nonstop i sju mil, og det var på tide å tvinge i seg noko mat, samt fylle på med drikkevarer før stigninga til Vøringfossen.
Vi fikk heller ikkje i år sykle heile gamlevegen, da det, som i fjor, var gått eit ras. Dermed måtte vi, som i fjor, sykle gjennom den knappe to km. lange Måbøtunnelen. I år var det lagt opp til trafikkregulering med følgebil, og det fungerte veldig bra. Godt tiltak av arrangøren!

I fjor hadde denne turen vore steinhard, men av ein eller annan grunn gjekk det bedre i år. Antaglegvis fordi eg tok det ein smule meir med ro til å begynne med. Vi sykla utan stopp til Vøringfossen, der det no var blitt reine sommarvarmen. Påfyll av drikke, samt ein RedBull og noko meir mat, før den tyngste delen mot Dyranut stod på menyen. Fra Vøringfossen til Dyranut er det kun 18 km, men dette er ein tøff bit, sjølv om det ikkje stig meir enn ca. 450 høgdemeter.
Bakkane her er heilt annleis enn t.d. Sognefjellet. Dei er kanskje ikkje så bratte, men dei tek liksom ... aldri... slutt.... Ikkje er det hårnålssvingar heller, så små pausar får ein heller ikkje.

Rett før Dyranut byrja det å småregne, og da passa det bra å få skifte til tørre klede. Dei opphavlege var no søkkvåte, av sveitte og regnvatn. Medan vi stod på Dyranut byrja det å regne noko infernalsk, og etter nokre minuttar la det om til hagl. Det gjorde sitt til at vi tok ein par minuttar ekstra pause, da vi måtte finne fram alt som var av tørre hanskar og regnjakkar.
Ned fra Dyranut er det ikkje noko bratt utforbakke. Neida, vi er på Hardangervidda, ei høgslette, totalt forskjellig fra terrenget vi syklar over kvar sommar på Sognefjellsrittet. Det går slakt nedover, med ein og annan slakk stigning, noko som er langt fra behagleg. Det plaskregna dei første fem-seks kilometrane, og da var det grisekaldt. Men da regnet slutta, så var det straks noko anna. Fin utsikt til Hardangerjøkulen, og eg nytta høvet til ein natures break. Her kunne ein verkeleg nyte utsikta (til naturen altså) og sjå milevis.
Da eg kom bort att til sykkelen, såg eg mine sykkelvenner eit stykke framfor, saman med to andre, som dessverre hadde på seg akkurat samme kleda som eg hadde.
Det gjorde at dei sykla avgarde i den tru at eg var med, medan eg fekk den tvilsomme æra av å sykle mutt åleine ned til Haugastøl. Ikkje ein sjel framfor meg, ikkje ein sjel bak. 22 km. åleine i motvinden på Hardangervidda....

Nokre ord om vegen på vidda: Asfalten er til tider svært grov og ujamn. Rett nok er vegen kanskje både brei og rett, men det er tildels djupe hjulspor, og ein del sprekker både på tvers og langs. Skal ein i framtida bruke nokre millionar på ny asfalt, så er RV 7 over Hardangervidda ein god stad å byrje.


På Haugastøl fekk eg fylle opp drikkeflaska mi, før det var på tide å sykle dei siste tre mila til Geilo. Nå var vi samla att, og beina byrka å bli ein smule kokte. Derfor passa det bra at vi ca. ei mil før mål vart nådd att av eit felt på ca. 20 syklistar, derav mange fra Ceres. Dei køyrde veldig bra, og det gjekk som det kosta inn mot Geilo.

Vel framme konstaterte vi at vi hadde køyrt knappe halvtimen kjappare enn i fjor, utan at det var så nøye.

Vi hadde kome velberga fram i år og, etter ein flott tur i flott natur.

Diplom, delakarT-skjorte og litt mat før dagens høgdepunkt, dusj og ein ein kald pils.
I år hadde arrangøren leigd inn idrettshallen på Geilo, det var ca. 1000 ganger bedre enn i fjor.

Oppsummering: Slitsomt, men også veldig moro. Før ein er komen i gang, så er det ikkje så veldig artig, men så går det av seg sjølv. I år såg vi fleire som braut, men det var aldri aktuelt, sjølv om vi var slitne, og fant eit eller anna å klage på uansett. Er ein syklist, så er ein syklist.
Mykje skryt til arrangøren for eit trygt og velfungerande turritt. Eg ser at nokre etterlyser og klager på at det ikkje er fullstendige resultatlister. Hvis det er eit problem: Vær med på andre ritt.

Nokre opplysningar fra pulsmålar, computer og Strava...

Avstand:
Computer viste 160 km.
Strava viste 164 km.

Tid:
Computer viste 7:20
Strava viste 7:03
Reell tid: 7:53.
Forskjellen skuldast sjølvsagt dei tre stoppane vi hadde på Eidfjord, Dyranut og Haugastøl.

Snittfart:
Computer viste 21,8
Strava viste 23,2
Forskjellen skuldast også her pausane vi hadde.

Toppfart:
Computeren viste 64 km/t
Strava viste 68 km/t

Puls:
Maks var 174 (95%)
Snitt var 145 (79%)


Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur, og at dette burde gjentakast til neste år....


PS: På heimturen køyrde vi om ein stad som heiter Vats, og på ein grusveg over til Hemsedal. Det var ein fin natur, og sikkert ein del km. kortare. Kan anbefalast dersom ein liker slikt.


Bilder:



Like før start, ca. kl. 0915. Litt tungt skydekke på dette tidspunkt, og lettare nervøs stemning.

Dette bildet fekk eg tatt i fart, og om ikkje anna så viser det iallfall ein del av Hardangerbrua

 Hardangerbrua er eit mektig byggverk. Det å sykle over her er ei oppleving som vi dessverre ikkje får nyte fullt ut.
 Her er vi passert Eidfjord, og syklar langs Eidfjordvatnet på gamlevegen utanfor tunnellen.
Vi tok ein pitstop rett før Vøringfossen. Her var det ei fin utkøyrsle, og enda bedre vær.

 Eg måtte berre ha eit bilde av denne demningen oppi fjellet...

Alkohol og idrett høyrer ikkje saman heiter det. Det er sjøvsagt heilt feil. Hvis ein ikkje kan unne seg ei øl etter 160 km. så kan det være det samme med heile turen.



Dei neste bilda er tatt av vår utmerka profesjonelle sjåfør og fotograf. Vi er dei ei stor takk skuldig!
 Som ein ser utfra førebuingane, så var ikkje vær og humør på topp. Aller helst ville eg legge meg å sove.
 Gang og sykkelvegen opp fra brua er ganske så bratt, og eg trur jammen det var her eg kom opp i makspuls på heile turen.
 På veg inn mot Eidfjord. Her var det berre kos å sykle.
 Her kan ein få eit visst inntrykk av kor bratt det er opp mot Vøringfossen. Vi kom gjennom undergangen vi ser der nede.
 Ingenting er som å tøyge ut ein smule...


 Stemningsbilde fra Dyranut. Trøysta var at dette varde berre nokre minuttar. Det var alt regnet vi fekk.
Det var så ille at det snøa inni bilen!!



 På Haugastøl. Nå var det sol att, og kun tre mil til mål. Men det var framleis ikkje slutt på dei små motbakkane. Dessverre.

























I mål. Og det var slett ikkje så verst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar