søndag 10. august 2014

Topptrimmen 2014-2016, Dugurdskulen.

Da var turen komen til Dugurdskulen, ein for meg ukjent topp beliggande mellom Røykedalen og Bakkedalen, sidedaler til h.h.v. Krundalen og Jostedalen. Toppen er oppgitt til å ligge 1330 m.o.h. og startpunkt er iflg. Topptrimkortet anbefalt å være anten fra Krundalen om Røykedalen (!), eller fra Bakken og opp til Bakkedalsvatnet(!!)

Sidan eg har vore på Røykjadalen fleire gongen tidlegare, men aldri på Bakkedalen, så var det eit enkelt valg; Bakken here I come!
Hadde forresten ikkje vore på Bakken før heller, så for å komme opp dit, så måtte eg ta av ein litt bratt grusveg på Hesjevollen. Det er einaste vegen der som har vikepliktskilt såvidt eg hugsar. Alle andre vegar som er i nærleiken er berre avkøyrsler.

Det å køyre opp i Bakken gjer at ein kan komme heilt opp på over 330 m.o.h. iflg. Strava. Da får ein TA-DAA! ca 1000 høgdemeter ein skal forsere.

Det er laga til ein rimeleg god parkeringsplass i enden av vegen. Her er det eit småbruk med fastbuande, så ein må ta hensyn til dei når ein parkerer. Når eg var der, så var det nesten heilt fullt med bilar, så eg forventa å treffe fleire topptrimmarar oppi fjella ein stad.

Stien opp mot stølen Bakkedalen, og Bakkedalsvatnet må være ein av dei mest brukte og finaste stiane i denne versjonen av topptrimmen. Det var også eit og anna gamalt T-merke der, men sidan stien var så velbrukt, så var det ikkje naudsynt å sjå etter dei.
Da eg starta fra Bakken var fint og mildt, ein lett sommarbris oppover i skogen. Det skulle komme til å forandre seg.
Stølen Bakkedalen ligg på i underkant av 800 m.o.h. og eg brukte ca. 50 minutt opp dit. Gjekk roleg, men utan stopp, utanom å ta litt bilder her og der. Fint med dei vesle elvene som kjem nedover!

Stølen ligg noko ovanfor tregrensa, og det er merka sti inn til vatnet ein dryg kilometer lenger inne. Vatnet ligg på 965 m.o.h. Eg fant sjølvsagt ikkje stien vidare fra stølen, og labba omkring noko nedanfor. Det var forsåvidt OK, da det var lett terreng, men noko kjedeleg.

Oppe ved vatnet var det no byrja å blåse adskillig meir, og noko etter enden av vatnet, som er ca. 500 meter langt, tok eg på meg ein vindjakke. Det går ein sti på VENSTRE sida av vatnet når ein kjem opp, men den er ikkje merka, korkje på kart eller i terreng. Når ein er kom opp mot nokre små vatn, som på kartet heiter originalt nok Småvatni, så kan ein bryte av til høgre. Oppe på eit lett synleg punkt har ein eller anna venleg sjel satt opp ein slags merkestein, og den kan ein gå etter. Denne er ganske lett å sjå, endatil eit heilt stykke nedanfra. Ellers fins det ikkje snev av merking, men ein kan sjå eit og anna avtrykk etter fjellsko her... Når ein så er komen så høgt at det flatar ut, så er ein faktisk komen opp på over 1200 meter. Her fins det ikkje noko anna enn stein og fjell, med unntak av nokre små vannpyttar.
Eg måtte gå ein dryg kilometer på dette meir eller mindre flate stein/fjellpartiet, noko som var nesten like kjedeleg som å gå fra stølen og til Bakkedalsvatnet. Posten er plassert på ein stor varde som er synleg på lang avstand.

Da eg var komen bort til posten, så hadde eg gått ca. to timar og 40 minutt fra eg starta fra bilen. No bles det definitivt ingen mild sommarbris lenger, meir ein slags kjølig kuling. Eg fekk på tørre klede på ein lun plass, tok dei obligatoriske bilda og klypte kortet samt skreiv meg inn i boka. Eg var nr. 68 som var det, og forstod no kvifor eg ikkje hadde møtt ein sjel heile dagen; Siste topptrimmar hadde nemleg vore der to dagar før... Turen opp var forøvrig 7,2 km.
Sidan eg no hadde satt av dagen til denne turen, så var det berre å sette seg ned på den einaste lune plassen eg fann, ta litt niste og belønningscolaen.

Så, kvar skulle eg nå gå? Den kjedelege, men tross alt kjente returen i samme spor som opp, eller skulle eg satse på ein kortare tur nedatt i motsatt retning nedover ryggen for så å bryte av mot Bakkedalen att? Eg fant ut at det kunne være eit greit alternativ, så som tenkt, så gjort. Etter ca. 50 meter angra eg, for da kom det ein vindkast i mot så eg holdt på å ramle.
Fram til toppen hadde det vore lett å gå, men no vart terrenget noko heilt anna. På kartet ser det kanskje ikkje så ulendt ut, men tru meg; Det var det. Dei første fire-femhundremetrane etter toppen var svært ulendte, og eg måtte skifte retning fleire ganger. På einskilde plassar var det også noko høgt utover, så ein skal være litt forsiktig dersom ein velgjer denne nedatturen.
Men utsikta var adskillig bedre her. Fint utsyn mot Myrhyrna, Geisdalen og Vanndalen, og eg kunne faktisk sjå nedatt på skulen og mot Geisdalsfossen. No var eg også komen så langt ned at eg fant fleire sauestiar. Desse var tildels velbrukte, og det var fleire firbeinte da eg byrja å komme ned mot 1000 meter.

Da var eg eigentleg glad til, for det var som sagt ikkje spesielt greit terreng å gå ned her. Opp er kanskje OK, men ned var ikkje å anbefale. Da eg kom ned i dei første trea, eg følgde fortsatt sauestiane, så såg eg at her hadde ein eller anna rydda litt sti med ei sag ein gang i tida. Det var eigentleg veldig betryggande, for da visste eg at det hadde vore folk her før....

Eg kom inn i noko kronglete småskog, men det var berre nokre få meter, før eg omsider kom ned att slik at eg kunne kryssa elva. Her var det også ei lita bru, noko som jo passa bra.

Det viste seg at eg havna noko nedanfor stølen, så eg måtte gå opp att nokre meter. Her er det store svaberg, og her må ein for all del ikkje rote seg utpå, spesielt hvis det er glatt. Ramlar ein her, så risikerer ein å gli. Veldig langt.

Borte ved stølen, så gjekk eg inn att på den fine stien nedatt til Bakken. Nå var knea ganske maroder, men dei medbrakte støttebanda hjalp til ein smule.


Vel nede ved bilen såg eg at nokre av dei parkerte bilane var borte, utan at eg altså hadde møtt ein sjel heile dagen.

Fra eg starta og til eg kom att så gjekk det ca. 4 timar og femti minutt. Eg hadde ein solid pause på toppen, men ellers gjekk turen jamnt heile vegen. Eg hadde ein stopp til på turen ned, for å ta av jakken og å drikke ei Red Bull.

Iflg. Strava viser dei tørre tal at heile turen var på 12,9 km. Det betyr at turen ned var 1,7 km. kortare enn turen opp, grunna anna rute. Hadde eg gjort det oppatt, så hadde eg neppe gått denne ruta ned.

Dugurdskulen er ein grei topp å ta. Grunna litt leiting etter brukbake ruter, så fekk eg totalt 1100 høgdemeter, men det kan ein som sagt spare seg, alt etter kva rute ein velgjer.
Utsikta fra toppen var ganske fin. Aberet var at det bles slik at eg knapt klarte å ta klare bilder, samt at deler av ruta var rett og slett småkjedelige å gå.
Alt i alt ein OK tur.

Bilder:

Ruta eg gjekk. Opp: Inn forbi vatnet og derfra opp på ryggen. 

Fra Bakken er det rimeleg lett å finne vegen ein skal starte på.... 

 Etter 100 meters gange, så fortel pila at ein skal til høgre. Hvis ein skal til Bakkedalen vel og merke.

 Fin sti oppover i skogen.

Fin utsikt til fossar. 

 Denne hyggelege vesle elva skal ein krysse ganske tidleg. Det er god bru.

 Bakkedalsvatnet når ein kjem opp. Stien går på venstre side sett herfra.

 Og slik ser det ut når ein har komen over i enden av vatnet og ser attende.

I framgrunnen ser vi merkesteinen som var satt opp, og dei små vatna vi ser nede i dalføret er...øh... Småvatni. 

 Fram mot toppunktet skal ein gå i slik terreng i ein kilometer.

Nedatt mot Nigard og Fåberg. 

 Tuftebreen og Baklibreen.

Dette bildet er tatt på ca. 1000 m. Her var det flott utsyn mot  Geisdalen og Vanndalen, samt toppen Myrhyrna fra forrige topptrim. Mrk. også vegen til Vanndalsvatnet, den er omtrent identisk med Alpe d`Huez som dei syklar i Touren...

Her er den vesle brua som ein kan bruke dersom ein velgjer samme nedatturen som eg brukte. 


























Oppe på ryggen går det tydlege sauestiar, og dei må ein følge dersom ein skal gå her. Eg kom nedatt fra heilt til høgre i billedkanten og på skrå nedover. Dersom ein ser godt etter kan ein også sjå nokre sauer omtrent midt på bildet, i venstre billedkant.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar