torsdag 14. august 2014

Ein tur i Grindakollen.

For i underkant av 30 år sidan hoppa eg på ski i Grindakollen.

Øh... kest e da??

Vel, alle som vaks opp på `60 og `70-talet her i bygda veit kor Grindakollen var. Det var vel skihopping der til utpå første halvdel av `80-talet også?

Uansett er det lenge sidan siste skihoppar sveva ned den vesle lokale skibakken vår. Ikkje hugsar eg kva bakkerekorden var heller, opp mot 30 meter kanskje?

Eg hugsar godt at dette var ein plass der det var tildels mykje liv og røre før i tida. Ekte hopprenn var det også der. Med lengdemåling, startnummer og flomlys. Ja, og publikum!
Eg var aldri med i renn, men hugsar godt at eg var framme der og såg på. Vart mektig imponert av dei litt eldre hopparane som flaug nesten bakken ned.

Så. Kva er status i bakken nå?
Ikkje så rare greiene. Antaglegvis vart interessa for skihopping mindre og mindre utover på 80 og 90-talet, og det har vel ikkje vorte hoppa der på over 25 år. Unnarennet har grodd stadig meir til, og ovarennet byrja ramle saman. Eit slikt anlegg krev vedlikehald, som alt anna.

Eg var oppi der for ein 14-15 år sidan. Da gjekk det an å sjå at det hadde vore ein hoppbakke der.
I dag var eg oppe att, saman med 11-åringen, og det er litt rart å tenke på at eg var ikkje eldre sjølv da eg drog fram her på vinterstid for å låne eit par hoppski. Hadde aldri eigne ski, men velvillige lånarar var det over alt.
Mi hoppkarriere tok aldri av, for å sei det forsiktig. To eller tre vintrar, det var alt.

Men einskilde dagar hugsar eg bedre enn andre. Bl.a. drog eg saman med den noko eldre naboguten fram ein laurdagkveld, i sterkt snøvær, for å hoppe på ski. Etter tippekampen.
Det lavsnøa, og eg hadde ikkje briller... Flomlysa satte vi på sjølv, det var berre to lampar meiner eg å hugse.Eg såg omtrent null og niks, korkje i ovarenn, i lufta eller etter landing. At det gjekk bra må skuldast rein flaks.


Det er ikkje til å komme ifra at det var litt vemodig å være der att. Dette var ein stad som samla mange born og unge på vinterstid, og den tid kjem definitivt aldri att. Hoppbakken er attgrodd, ovarennet er stort sett fjerna, eller rettare sagt: Ligg i ein haug. Det som kjem til å vare lengst er dei impregnerte lysmastene.


Eg har nokre bilder herfra, pr. 13.8.2014. Det hadde vore artig hvis nokon hadde gamle bilder fra hopprenn eller andre aktivitetar der framme. Send dei gjerne til meg, så vi kan få dele med andre.

 I dag er det ikkje lett å sjå at det for nokre år sidan var ein hoppbakke her. Unnarennet var rett til venstre for granfeltet.

 Dette bildet er tatt nede på sletta, akkurat i overgangen, og opp mot bakken. Sjølve bakken har grodd att ein smule...

For ein del år sidan vart ovarennet fjerna. Det var da farleg å bruke. Bildet er tatt omtrent fra der hoppkanten var, og ovarennet gjekk rett opp i ura her. Legg merke til flomlyset nede i høgre hjørnet.

Slik ser det ut i dag. Bildet er tatt fra hoppkanten.

Inni skogen som har vokse opp, så kan ein finne den øverste flomlysmasta. Hvis ein leiter godt. Det er framleis mogleg å sjå ledningane som gjekk mellom mastene. Den ligg stort sett på bakken nå.


























Her er den nederste flomlysmasta. I framkant ser vi ledningen som gjekk opp til den øverste masta. Eg meiner å hugse at av/på brytaren var plassert her nede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar