onsdag 30. juli 2014

Tour de France, karakterbok

Det er alltid artig å dele ut karakterar til dei forskjellige laga etter ein trevekers sykkelfest i Frankrike (og England).

Det har vore alt fra kjempesuksess til komplett fiasko.

Vi startar på toppen.

Terningkast seks går til Astana.
Det fins kanskje dei som hevdar at Nibali aldri hadde vunne dersom Froome og Contador hadde vore med til Paris. Vel. Det er liksom litt av vitsen å komme seg dit. Hvis du veltar og pådrar deg ein skade, så er du ute av dansen, så enkelt er det.
Nibali er ingen novise i dette med å køyre ein trevekers Grand Tour. Han er nå ein av svært få som har vunne alle dei tre store trevekersritta, og den første sidan Alberto Contador. Før Contador var det vel Hinault? Det seier ein del. Ikkje ein gang Indurain oppnådde dette, han vant rett nok både Giroen og Touren, men klarte aldri noko bedre enn nr. 2 i sin heimlege Vuelta.
Astana fekk også fire etappesigrar, alle med Nibali.
Svært imponerande tour!
Og så er det sjølvsagt alle dei som seiar at "sykkel er berre dop". Nei. Tidene har forandra seg. Feltet er ikkje til å kjenne igjen fra slik det var for 10-20 år sidan. Til tross for stor framgang i utstyr og treningsmetode, så syklar dei tildels langt saktare opp fjella. Det er eit godt tegn.

Terningkast fem går til fleire lag.
Vi startar med Tinkoff-Saxo.
Det var nok ingen som trudde at dette laget skulle bli så suksessfyllt etter at den soleklare kapteinen velta ut omlag midtveges. Tre etappesigrar vart det til slutt, samt klatretrøye til Majka. I motsetnad til Sky, så oppnådde Tinkoff-Saxo svært gode resultat utan sin kaptein. Kva Contador kunne ha oppnådd får vi aldri vite, men vi får håpe han dukkar opp i Vueltaen om nokre veker, det bør bli eit fyrverkeri.

Ein god figur, og dermed femmar på terningen, også til Giant Shimano. Kittel er lusen i bakkane, men det betyr eigentleg ikkje så mykje når han leverer så til dei grader på dei flate etappane. Fire sterke gevinstar, samt at Degenkolb hadde to andreplassar på litt meir kuperte trasear, og Dumolin nr. to bak Martin på tempoen.
At dei var hjelpelause i samandraget er liksom ikkje så nøye da. Forresten hadde dei eit av fransk syklings aller største talent heime....
Warren Barguil slepper dei istaden laus i det meir fjellrike Vuelta Espana.

Ag2R fekk ein andreplass samanlagt, ein etappesiger og suveren vinnar av lagkonkurransen.
Ingen i Frankrike snakkar lenger om "et felt i to hastigheter". Når franske ryttarar gjer det godt, så er det såklart ingen som er dopa...
Det kan godt stemme, dopingproblematikken er tatt med langt større alvor der enn i mange andre sykkelnasjonar. Peraud er ingen ungfole, men Bardet lovar godt for framtida, og laget framstod svært solid. Det er gledeleg at franske lag nå tildels dominerer i sitt heimlege trevekers ritt. Det var forresten på tide.

FDJ var også svært imponerande. Eller rettare sagt: Pinot var megabra. Han vant ungdomstrøya, og havna på pallen samanlagt. At han havna i kvitt i Paris var inga bombe, men på pallen, det var over forventingane.
God støtte i Jeannesson, men den franske meister Demare, han skuffa ein smule.

Omega Pharma-QuickStep tok tre sigrar, noko som kanskje var færre enn forventa før starten i England. Men med superspurtar Cavendish ute før vi var i gang, så må dei sei seg supernøgde med fasiten i Paris. Tony Martin er berre makelaus, og Trentin leverer alltid når han får sjansen.
Spurttoget var godt, men Renshaw var ikkje kjapp nok mot Kittel, Kristoff og Greipel. Noko vi forsåvidt visste fra før.


Vi hoppar ned på terningkast fire.
Katusha. Etter ein katastrofe av ein giro, så slo dei tilbake til gangs med Kristoff. To flotte etappesigrar, samt ytterlegare fleire toppfem-plasseringar. Med litt meir hjelp, så kunne han hatt ein eller to sigrar til.
Det som ikkje var bra var Rodriguez. Totalt ute av form etter skaden i Giroen, så dukka han opp på startstreken med eit slags håplaust mål om å ta klatretrøya. Det var han eigentleg sjanselaus på.
Trofimov klarte ein topp-15 plassering, og må sei seg nøgd med det. Anonymt, men greit nok.

Belkin gjorde ein god tour, og tok sjølvsagt heim årets mest forhåndsomtala etappe, den på brustein som knekte Froome. Cyclocrosskonge Boom var suveren akkurat den dagen.
Ellers fekk Belkin tre mann i topp 15, og enda opp som nr. to i lagkonkurransen. Det må seiast å være solid, men vi hadde forventa meir, spesielt av Molema, som vi kanskje ser i anna drakt neste år? Boom er alt klar for Sky, og vinn antagleg i Roubaix neste år.

Cannondale var også solide, utan at dei vant ein einaste etappe. Sagan var meir suveren i poengkonkurransen enn nokon gong. Han var faktisk for god på mange etappar, så god at han brant for mykje krut for tidleg, og vart sittande åleine i finalane.
Men i motsetnad til sine spurtkollegaer, så heng han med over lassevis av bakkar og mindre fjell. Det er eigentleg ingen reell motstandar i denne konkurransen og han har nå tre grønne trøyer på rappen. Kan han matche Zabels seks strake??
Ja, og så vant dei prisen for å ha den mest offensive ryttar i De Marchi. Det var fortjent.

Lotto-Belisol må også få terningkast fire. Det får dei gjennom ein etappesiger i Greipel, samt ein dag i gult etter ein flott dag av Tony Gallopin. Dei fekk også Van Den Broeck velberga til Paris, men han var kanskje den samanlagtfavoritt som skuffa meg mest.
Solid totalinntrykk, men Greipel er akkurat litt for treg til å matche Kittel, og Van Den Broeck er for skjør til å havne på pallen. Dei kan sei seg nøgde med det dei oppnådde.

Trek får også ein firar, dog under litt tvil. Men dei har to mann blant dei 12 beste i Paris, sjølv om vi neppe har sett Zubeldia i det heile tatt. Det er ein lite under at denne mannen omtrent kvart år er i topp-10 i Paris, utan at vi har sett han på TV.
Ingen etappesigrar, og Andy Schleck var også i år ein gedigen nedtur. Alt tyder på at han er ferdig som toppsyklist. Cancellara var også litt skuffande. Han pleier alltid å levere, men vart utmanøvrert av Boom på etappen som "alle" forventa at Cancellara skulle ta heim.
Laget må sei seg nøgde med det dei oppnådde.

Netapp-Endura debuterte i Touren, men med ein opplagt Leopold Koning, så vart dette svært godt utfra forventningane. Totalt nr. sju i Paris var nok over det mange såg føre seg, sjølv om han vart nr. ni i fjorårets fjellrike Vuelta. Laget gjorde ikkje skam på Wildcardet sitt, og med Koning i stallen til neste år, så er dei nok på plass da også.
Ein solid tour av det heller vesle laget. Dei har også sikra seg ny tysk (!) navnesponsor for nokre år framover. Kanskje tysk sykkelsport er på veg opp att, sju etappesigrar i årets tour kan neppe skade??

Terningkast tre.
Da er vi komne til dei som skuffa ein smule, og vi startar med BMC. Van Garderen vart nr. fem, ok, men dette er eit av verklege storlaga i sykkel, og utan etappesigrar så er ein femteplass under forventningane.
Van Avermat er for heit i toppen, og utan Gilbert på plass, så vart det litt anonymt og traust.
For all del, nr. fem i Tour de France er bra, men som sagt: BMC er eit av sykkelsportens rikaste lag, vi må forvente litt for alle dei millionane som dei har til disp. Det fekk vi ikkje heilt i år.

Movistar hadde eg eit firar eller femmar klar til, heilt fram til tempoen på laurdag. Da klappa Valverde isaman, og vi kan konstatere at han aldri kjem til å vinne touren. Til neste år er forhåpentlegvis Quintana på plass, og da blir det liv i fjella....
Movistar som lag var eit av dei desidert beste, men kapteinen var rett og slett ikkje god nok.
Ein smule skuffande.

Garmin-Sharp var ein fiasko heilt til Navardauskas vant på fredag. Med Talansky ute, så vart det istaden brot som holdt nesten inn (Bauer), før dei altså berga heile touren med ein flott etappesiger etter eit seint solobrot. Navardauskas vart også nr. tre på sisteetappen, og såg ut til å være den einaste som klarte noko som helst på dette laget på slutten.

Bretagne-Seche Environnement var det minste laget i årets tour, og var kun med fordi dei er, ja nettopp, franske. Roman Feillu er ikkje så rask som han ein gang var, men klarte ein og annan topp-10 plassering. Det som bergar dette laget fra ein dårlegare karakter, er at forventninane var ørsmå, og så fekk dei faktisk ein mann på 16.plass i Paris. Brice Feillu gjorde ein heilt grei jobb samanlagt.
Dei burde hatt med Vegard Stake Laengen....

Europcar var mykje synlege i TV-ruta, men det vart liksom aldri det heilt store ut av det. Voeckler sine beste dagar er forlengst forbi, så i framtida må¨dei rekne med Pierre Rolland. Han vart til slutt nr. 11 samanlagt, men var nok ikkje heilt opplada etter ein god giro der han vart nr. 4.
Ellers vart Coquard nr. tre i poengkonkurransen, og totalt sett var det ein tour på det jamne.

Vi nærmar oss dei dårlegaste laga, og terningkast to.
Lampre-Merida.
Med verdsmeister Costa som uttalt mål om topp-10, så var det visse forventningar til dette laget. Dessverre vart Costa sjuk, og måtte utgå før Pyreneane. Det var kanskje like greit, han verka ikkje skarp nok.
Det vart såleis gamlefar Horner som enda opp som lagets bestemann, nr. 17 totalt.
Ellers hadde dei Serpa med i ei rekkje utbrot på slutten, utan at det førte med seg så altfor mykje.
Alt-i-alt ein skuffande tour for Lampre, som tross alt bryr seg mest om Giroen.

IAM var også skuffande. Med innkjøpte (og etter rykta; høgtlønna) Chavanel på plass, så skulle vi forventa eit eller anna. Men det vart småpent og anonymt. Fin sveitisk meisterdrakt, det var liksom  hovedinntrykket etter tre veker. Haussler vart nr. to på ein etappe, det var høgdepunktet.
Ikkje mykje å skrive heim om til Sveits dette altså.


Da er vi komne til dei dårlegaste, dvs. terningkast ein.
Det er tre lag som får den tvilsomme æra, og vi startar med Cofidis.
I fjor hadde dei ein brukbak Tour, med Navarro som nr. ni i Paris. I år måtte han bryte, og da var det ikkje så rare greiene att. Bestemann vart nr. 31 samanlagt, og dei var aldri i nærleiken av etappesiger. Rein Taramae er ikkje lenger eit stort talent, han er kun enda ein for godt betalt ryttar på eit fransk lag. I motsetnad til FDJ og Ag2R så slit Cofidis med "mette" ryttarar som verkar "dovne". Det dårlegaste franske laget i år, desidert.

Orica-GreenEdge.
Kva har skjedd sidan i fjor? I fjor var dei fantastiske, i år elendige. Ikkje i nærleiken av å oppnå noko som helst. Dette laget er openbart ikkje laga for trevekersritt, i giroen var det kun to som fullførde.
Gerrans er normalt ein garantist for resultat, men fleire stygge velt gjorde at han måtte pakke kofferten, og resten av laget framstod tafatt og anonymt.
Gjesp.

Sky. Når forventningane er store, så vert fallet desto større. Ein komplett fiasko fra A til Å. Froome er ingen stor teknikar på sykkelen, ala Nibali, og med den radmagre briten ute, så skulle Porte overta. Det vart ein nesten like stor flopp.
Dei einaste som kan sjå seg i spegelen på dette laget er Thomas og Nieve. Thomas er ingen trevekerssyklist, men var habil nok iallfall 14 dagar.
Nieve er ein god syklist, og laget burde satsa på han istadenfor Porte. Tilslutt enda Nieve på 18.plass, noko som jo er elendig for det britiske superlaget.
Nå treng vi berre vente på Vueltaen, med ein forhåpenlegvis motivert Froome på plass. Alt må bli bedre enn denne utgåva av touren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar