mandag 21. juli 2014

Topptrimmen 2014-2016, Skoganipa

Tur nr. 3 vart gjennomført laurdag 19.juli. Den greiaste turen sålangt, klarde å komme meg under tre timar fra eg starta fra bilen, til eg var komen nedatt. Men så juksa eg litt da....

Skoganipa er beliggande 1255 m.o.h. mellom Veitastondsvatnet  og Dalsbotn.  Her går det sikkert fint an å reise på vinteren og, men med mine (svært) begrensa skiinteresser og ikkje minst evner på slikt eit framkomstmiddel, så valde eg å ta turen nå.

Topptrimkortet anbefaler å starte anten fra Rupheim på Hafslo, eller fra Dalsdalen på Indre Hafslo.
Eg har sjekka kartet, og såg da at det går ein traktorveg laaangt innover fra Hafslo, heilt til ein støl som heiter Fossen, og nesten opp til ein anna støl som heiter Skogo.
Ergo: Sykkel.

Først skal ein finne vegen opp til Rupheim, som forøvrig heller ikkje er eit namn du finn att på kartet....
Eg snakka med nokre lokalkjende, og vart henvist til bomvegen på Alme. Dessutan hadde eg GPS`en ståande på i bilen, så det gjekk heilt greit å finne fram. Det er fleire mindre kryss her på "Hafslo sitt tak", men ein kjem uansett ikkje så langt dersom ein køyrer feil.
Bomvegen kostar 40 spenn, og da kan ein køyre omtrent så langt ein kan.

Sidan eg ikkje hadde aning om kor Rupheim var, så køyrde eg berre oppover, og ca. tre km. etter bommen kom eg til ein liten parkeringsplass, der det stod skilt til Skoganipa, det passa jo bra. Det passa også veldig bra at det stod Rupheim på eit anna skilt.
Eg parkerte her, og dersom eg skulle gå heile vegen, så måtte eg tatt av inn i terrenget ca. ein km. før denne stien fører ut på traktorvegen att.
Men med det fantastriske hjelpemiddelet eg hadde med meg, dvs. den gamle terrengsykkelen min, så slapp eg det. Eg sykla vidare oppover mot Tvangen eit par hundre meter, og kom til traktorvegen som eg håpa skulle føre meg heilt inn mot stølen Skogo. Denne traktorvegen er sperra med stor grind, og låst med hengelås og kjetting. Heldigvis var det ein liten port ved sidan av som eg kunne gå igjennom.

Traktorvegen var ganske så bra, eg kunne ha køyrt med crossykkelen her.  Ein og annan kneik var det, men ikkje verre enn at eg fint klarde å sykle alle saman, utan sykkelsko.
Bilen, som stod parkert på 585 m.o.h. kunne også tatt seg inn her, men det er ikkje å anbefale, det er tross alt kun for dei med løyve.

Det var veldig fint å trille innover fjellet. Når eg var komen opp til ein fin støl som heiter Håvardsete, så var det også omtrent slutt på kneikane, det var nesten flatt heilt inn mot Fossen. Der var det ned eit lite stykke, for det gjekk ein litt shabby traktorveg opp mot parkeringsplassen til stølen Skogo, og reknar eg med, ein anna støl lenger inne på fjellet som heiter Hongi.
Her stod det sanneleg to bilar parkert, så eg forventa å møte folk ein eller annan gang på turen.
Eg hadde nå sykla i fem kilometer på brukbar traktorveg, og i totalt 41 minuttar. Det høyres ikkje så veldig fort ut, men så stoppa eg og tok litt bilder her og der, det må seiast.
Parkeringsplassen ligg på ca. 850 m.o.h. så totalt får ein altså ca. 265 høgdemeter å forsere med sykkel, dersom ein gidd.

Opp mot stølen Skogo er det ein tydeleg sti, men eg gjekk likevel litt feil, og fortsatte rett fram mot Hongi. Det gjorde ikkje så mykje akkurat, for alle myrane var omtrent uttørka i kokvarmen. Eg berre gjekk rett opp da eg sjekka kartet og forstod at eg hadde gått glipp av stiskillet.
Fra Skogo ser ein rett opp på toppen, og varden der posten er plassert, kan ein sjå fra laaang avstand.
Men ein må gå ein omveg for å komme opp. Det er ikkje mogleg å gå rett opp dei bratte fjellskrentane, så derfor er det fra tidlegare av merka ein sti innover eit lite dalsøkk. Det er satt opp nokre vardar her og der, men mange av desse var ramla ihop, og raudmerkinga var ganske så utydleg mange stader. Det hadde ikkje skada med ei oppattfrisking her.
Det er også ein del sauestiar, som kan skape litt forvirring, så eg tok meg god tid for å være sikker på å finne fram. Det var tross alt heilt ukjent terreng, og eg var åleine. Folka som eigde bilane, dei såg eg ikkje snurten av. Kun sau, ganske mange av dei.
Lett og greit terreng innover, og når ein er komen så høgt at ein trur ein skal snu å gå opp på sjølve ryggen til toppunktet, så føl ein berre merkinga. Det er veldig greit med merka sti til toppen.

Den raude postkassen er altså plassert i varden ute på kanten. Noko høgt ned, men fin utsikt.
Da eg var der, så var det sol, og veldig varmt. Det var t.d. over 30 grader på Skogo, og på toppen var det nokre digre klegg som kunne drive folk til vanvidd. Dei stakk igjennom sokkane.

Flott utsyn på ein slik klar dag: Eg kunne sjå heilt til Fresvikbreen, og i motsatt lei heilt til Hurungane.

Eg brukte ein time og 43 minutt fra bilen, dvs. ein time og to minutt fra parkeringsplassen til Skogo.
Eg gjekk heller sakte, mest for å kunne finne ein trygg veg. Når ein er åleine, så tek ein aldri sjansar.

Nedatt gjekk det naturleg nok fortare. Eg tok fleire bilder, inntok litt næring og ikkje minst, ca. to liter drikke totalt. Det var forresten lettare å sjå merkinga ned enn opp.
Sykkelturen heimatt gjekk som ein draum. Det å gå fem kilometer på traktorveg er direkte kjedeleg, så eg var sjeleglad at eg valde denne løysinga.
Eg var nede til bilen att knappe tre timar etter at eg trille derfra, det er med alle stopp. Heile turen var knappe 17 km, og totalt 10 av desse var på to hjul. Hvis folk gidd å gå fra Rupheim, så gjerne for meg.

Dette vart såleis den antaglegvis lettaste turen i denne utgåva av topptrimmen, men det var jo fordi eg sykla ei mil. Artig å komme seg på nye plassar, og det var ein fin topp å bruke laurdagskvelden på. Fint utsyn, og lett å finne sjølve toppunktet, absolutt ein tur å anbefale.

Eg var forresten nr. 73 som hadde vore der, så det er openbart at ikkje alle topptrimmarar vil opp her på vinterstid. Det forstår eg godt.

Her er litt Stravaopplysningar fra turen.


 Startpunkt. Opp til venstre går stien dersom ein vil gå. Eg er lat, og valde å sykle vidare innover traktorvegen.


 Dette er Håvardsete.


Som ein ser er vegen innover fjellet ganske bra, og fullt mogleg å sykle. Det er sjølve Skoganipa vi ser omtrent midt på bildet. 


 Her er det nesten obligatorisk å ta bilde. Vi ser stølen Fossen i framgrunn, og ned på Veitastrondsvatnet.
 I Dalføret på andre sida av vatnet er Yngsdalen.

 Endatil etter ein slik sommar var det att ein og annan snøflekk. Ein kan kanskje skimte stien til høgre for fonna, samt ein varde i horisonten??


Og her er toppen. Nå ser vi nedatt på Skogo i framgrunn, og Fossen lenger nede.  


 Flott vær, flott utsyn.


 Som forrige, men i motsatt retning....


 Det er også nokre små vatn her på toppen som ein kan kjøle seg ned i. Vatnet held minst 20 grader, og det er ikkje fleip eingang.



























På vegnedatt, ca. 100 meter fra toppen, så tok eg dette bildet. Måtte berre ha med fjorden, Feigefossen og Skagastølstindane.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar